Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. februar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Solund kyrkje



Solund kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i kommunesenteret Hardbakke i Solund kommune. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla 22. november 1860 av biskop Jens Mathias P. Kaurin. Arkitekt Christian Henrik Grosch laga teikningane. Solund kyrkje er hovudkyrkje i Solund prestegjeld. Dei tre sokna i prestegjeldet vart 1. januar 2000 slått saman til eitt sokn.

"Millom bakkar og berg ut med havet" ligg Solund kyrkje på Hardbakke. Kyrkja sett frå aust. Under hengjepilen er grava til den fyrste soknepresten i Solund, Jon Andersen Raklev Kvaale.

"Millom bakkar og berg ut med havet" ligg Solund kyrkje på Hardbakke. Kyrkja sett frå aust. Under hengjepilen er grava til den fyrste soknepresten i Solund, Jon Andersen Raklev Kvaale.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 2002.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Sulingane delt mellom tre prestegjeld

Det var ikkje folketalet som tilsa at der skulle kome kyrkje på Hardbakke. Dei tre gardsbruka som fanst der i 1860-åra utgjorde ikkje rare kyrkjelyden. Men bygda låg geografisk godt til når den midtre delen av øyane skulle få si eiga kyrkje. Seinare var det nettopp plasseringa av kyrkja som førte til at Hardbakke vart sentrum i Solund kommune.

Det var eit stort framsteg for folket i Solund då dei fekk kyrkja på Hardbakke. Før hadde dei, alt etter kvar i øyane dei budde, sokna til fire ulike sokn i tre ulike prestegjeld. Dei som budde i den midtre delen av Solund måtte reise like til Eivindvik. Det var lange avstandar og ein farleg kyrkjeveg, og dessutan vart kyrkja ofte for lita for dei mange som sokna dit. Fyrst på 1800-talet vart kyrkjesaka drøfta, men då vart ikkje allmugen samde. Truleg var det strid om plasseringa som stogga framdrifta. I 1850 vart det sendt brev med søknad om å få kyrkje sentralt plassert i Solund.

Tomtekjøp 1851 - byggjestart 1860

Stiftsdireksjonen ønskte å samordna ymse nyordningar i prestegjeldet, før ein tok avgjerd i saka om ny kyrkje på Hardbakke. Eit problem var at formannskapet ser ut til å ha trenert saka om å kjøpe kyrkjene frå private eigarar, noko som førte prost Dahl opp i ein strid med politikarane. Etterfølgjaren, sokneprest Meyer, øste seg så kraftig opp over desse tilhøva at han bad Stiftsdireksjonen stemne formannskapet for forliksrådet. På den måten ville han drive saka gjennom med lova i hand. Saka løyste seg utan at det kom til nokon rettstvist. Den siste striden gjaldt valet av kyrkjestad. Men under eit kombinert folkemøte og kommunestyremøte på Steinsundholmen i 1857, fall kravet om Eide eller Nessa bort etter at ein av dei som hadde lengst kyrkjeveg gjekk inn for Hardbakke.

Tomta til kyrkja og kyrkjegarden vart kjøpt i 1851. Tømmeret vart kjøpt på garden Tveit i Bøfjorden i Hyllestad. Mykje pliktarbeid vart utført før sjølve bygginga kunne starte. I august 1860 kunne sokneprest Meyer i eit brev til prostiet melde at han hadde vore på synfaring og no rekna med at kyrkjebygget ville stå ferdig eingong i oktober månad. Han bomma med ein månad, men i god tid til jul kunne sulingane endeleg halde gudsteneste i ei kyrkje som låg nokolunde lagleg til. I glede og takksemd var det mange som gav pengar til alt det nye inventaret som måtte kjøpast inn til kyrkja.

Eksteriør og interiør

I dag er Solund kyrkje den eldste i ytre Sogn. Storleiken vart avpassa eit heller moderat folketal, med eit skip som er 13,5 m langt og nesten 9,5 m breitt. Det firkanta koret måler vel 5,5 m i kvar retning. Utvendig er kyrkja mykje lik dei to andre kyrkjene i Solund, og tårnet har same utforminga. Særmerkt for kyrkja er derimot etterlikningane av sideskip som er bygt ut på sidene utanfor sakristia og nedst i skipet.

Kyrkja vart innreidd med kyrkjestolar og dører framfor som kunne stengjast. I 1905 vart det sett opp omn, som stod midt på sørveggen. Tre år seinare vart pannetaket skifta ut med skifertak, dørene framfor stolane i kyrkja vart tekne bort og stolane skifta ut med kyrkjebenkene som framleis står i kyrkja. I 1929 vart veggene kledde med panel. Og i staden for det flate taket i kyrkjeskipet vart det no kvelving. Kvelvingen i koret vart bygt lågare og galleriet vart bygt ut slik at det vart plass til det planlagde orgelet. Det vart sett inn i 1930.

I 1959 fekk kyrkja elektrisk lys og varmeomnar, og ho vart pussa opp innvendig i samband med 100-årsjubileet i 1960. Den største endringa i fargane var dei lyseblå veggene som då vart måla med ein varm gulfarge, medan brystninga vart måla grå. Dei tre søylene på kvar side var tidlegare kvite, men vart no måla lysegrøne, same fargen som på benkeryggane. Benkene elles er raudbrune, ein farge som elles går att både på preikestolen og i dørene. Kyrkja har tre store vindauge på kvar side i skipet og to mindre under galleriet. Framme i koret er der to vindauge bak altertavla. Alle har eit raudfarga kløverblad-motiv øvst i trekanten, og blå og grøne felt ved sida av. Eit særtrekk i kyrkja er at golvet i midtgangen er senka i høve til kyrkjebenkene. Alle må stige eit trinn opp før dei kan setje seg. Bårerom med toalett vart sett opp i 1980. Solund kyrkje er godt vedlikehalden, og fekk nytt skifertak i 1999.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1860 er laga av Anders Askevold. Motivet er Jesus i Getsemane. Medan Jesus ber, søv læresveinane. Innskrifta er "See det Guds Lam, som bærer Verdens Synd. Joh: 1ste Cap: 29de Vers".

Til liks med altertavla er det meste av inventaret frå 1860. På alteret står to trearma lysestakar i nysølv, med innskrifta "Skjænket af Berthel Andersen Tungodden og Helene Jacobsdatter Tungodden". Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk og ei brødøskje i sølv. Dei har alle innskrift som fortel at Ole Andersen Stensund har gitt dei som gåve til kyrkja. Ei skei i sølv, til bruk ved nattverden, har tilsvarande innskrift. Vinkanna i nysølv er ei gåve frå Lars Pettersen Tveranger.

Preikestolen og døypefonten er også frå 1860. Dåpsfatet i messing har innskrifta "Skjænket til Sulens Kirke af Ole Clausen Lien 1860". Dåpsmugga er i nysølv. Lysekrona er ei gåve frå fleire personar i kyrkjelyden.

Orgelet frå 1929 har ni stemmer, og er bygt av J. H. Jørgensen i Oslo. Her er to kyrkjeklokker, begge frå 1860. Den eine har innskrifta "Støbt af Laxevaags Værk ved Bergen. Gud alene æren! Erindring af Jacob Bendiksen Ravnøen den 1. August 1860". På den andre står "Gud alene æren! Støbt af Laxevaags Værk ved Bergen den 8. Oktober 1860. Erindringen af Johannes Christophersen Laagøen og Rasmus Paulsen Laagøen".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR