Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Rideveg over Flofjellet



På Flofjellet ligg det eit fint opparbeidd vegstykkje på 4,3 km på grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylke. Særmerkt for vegen er at han på begge sider av fylkesgrensa endar utan tilknyting til andre vegar. Mesteparten av vegen er bygd som ride- og gangveg. Kva var bakgrunnen for å bygga ein slik veg?

Utsyn frå Brekka ovanfor Flo. Det vert sagt at musikaren og komponisten Per Bolstad frå Stryn fekk inspirasjon til valsen<i> Fagre Stryn</i> på denne staden. Mannen på biletet er Rasmus Flo. Han var med på å byggja vegen og var ansvarleg for vedlikehaldet. Då han vart pensjonist i 1973, lova han å sjå etter vegen utan løn.

Utsyn frå Brekka ovanfor Flo. Det vert sagt at musikaren og komponisten Per Bolstad frå Stryn fekk inspirasjon til valsen Fagre Stryn på denne staden. Mannen på biletet er Rasmus Flo. Han var med på å byggja vegen og var ansvarleg for vedlikehaldet. Då han vart pensjonist i 1973, lova han å sjå etter vegen utan løn.

Eigar: Statens vegvesen, Region Vest

Datering: 1987

Fotograf: Olav Handeland

Samband mellom to bygdelag i to fylke

Den vesle bygda Flo på nordsida av Strynevatnet hadde nær kontakt med Hellesylt på Sunnmøre. Frå Hellesylt til Flo er det rundt 25 km og høgste punktet er 480 moh. Det var såleis naturleg å nytta denne vegen når folk skulle bygdene i mellom. Like til 1848 høyrde dei to øvste gardane i Sunnylven, Brekke og Vollsæter, til Stryn. Gangstien over Flofjellet var såleis ein bygdeveg for desse gardane, og det føregjekk ein livleg handel mellom bygdene med kjøp og sal av hestar og andre husdyr.

 

Statsløyvinga som aldri kom

Det var mange vanskelege parti over fjellet, mellom anna også over Steglovatnet. Om sommaren brukte dei båt, og om vinteren gjekk dei over isen. Men når isen var utrygg, måtte dei over eit fjell som er 1000 moh. Kravet om å få veg langs Steglovatnet kom difor tidleg opp. Alt i 1851 vart det sendt søknad til fylket om å få stikka vegen, men det skulle gå 40 år før fylket, i 1891, løyvde 300 kroner. Løyvingane vart gitt på vilkår av at også staten gav tilskot. I 1892 føreslo vegdirektøren løyving, men sette som vilkår at også Møre og Romsdal løyvde pengar. Men statstilskotet vart aldri utbetalt, og fylkestilskotet på 300 kroner fall bort.

Privat innsamling

Både i Stryn og Sunnylven vart det då sett i gong privat pengeinnsamling. I Stryn kom det inn 650 kroner og i Sunnylven 300 kroner. Desse pengane brukte dei til å gjera vegen farbar gjennom ein hammar ved Steglovatnet kalla Nobba. Meir vart det ikkje gjort. Frå 1902 var Flofjellvegen eit stadig tilbakevendande tema i Fylkestinget. Kommunen hadde både grunnspørsmålet og sin del av løyvingane i orden, men Fylkestinget greidde å trenera saka på grunn av formalitetar om storleiken på distriktstilskotet dei to fylka skulle betala. I 1912 skreiv vegnemnda i fylket: "Naar formalierne er i orden, vil vegen selvfølgelig straks uten vanskelighet faa plass paa vaart fylkes- og statsbudsjett".

Planendringar skapte vanskar

I 1913 var formalitetane i orden, og i 1914 var det på budsjettframlegget frå vegdirektøren ført opp 3600 kroner til Flovegen. Men planendringar skipla vegbyggjinga. Vegplanen vart teken opp til ny handsaming i 1920-åra. Vegsjef Knud Knudsen gjekk inn for å auka køyrebreidda og leggja om traséen, slik at vegen kunne gå inn som bygdeveg for seinare å bli hovudveg med 6/10 statsbidrag. Dette gjekk gjennom, og i 1927 vart arbeidet sett i gang. Vegbiten på 4,5 km, midt oppe på fjellet, stod ferdig i 1932 og vart overlevert av vegvesenet i 1934.

Endeleg vegsamband

Spørsmålet om å løyva meir pengar til vidareføring av vegen ned til Flo og til gardane i Synnylven, var stadig framme i dei respektive fylkestinga, men posten vart stroken gong på gong. I 1945 skreiv oppsitjarane på Flo brev til vegdirektør Korsbrekke om midlar til å fullføra prosjektet: "Dette opparbeidde vegstykket, som ligg heilt isolert vil først koma til sin fulle nytte når det vert direkte samband mellom Oppstryn og Sunnylven. Denne vegen vil knyta den avstengde Flogrenda til vegnettet". Brevet sluttar med denne bøna til vegdirektøren: "Vi har difor den von og tru til den vyrde vegdirektør at han vil finna ein utveg so pengar kan skaffast so vegen kan verta ferdigbygd med det første. Det vil sikkert gleda folket på begge sider av Flofjellet å sjå det gamle vegkravet som røyndom, på same tid som det vil gleda alle som reiser vegen".

Det var eit sterkt ønske om å knyta den avstengde Flobygda til vegnettet. På slutten av 1950-talet byrja vegarbeidet på den 10 km lange strekninga frå Mindresunde til Flo, og i 1962 fekk Flobygda vegutløysing til eigen kommune. Grunnlaget for fullføring av vegen over Flofjellet fall dermed bort.

Frå fylkesveg til turveg

Tanken om bilveg over Flofjellet var likevel ikkje heilt gitt opp av politikarane. Fjellvegen vart i 1975 nemnd som eit viktig riksvegsamband med Møre og Romsdal fylke, og sett opp i 3. periode av vegplanen. Vegen skulle tena som gjennomgangsveg til Hellesylt-Strynefjellet i staden for dei noverande riksvegrutene Hellesylt-Grodås-Øyebakken-Stryn. Men anlegget vart ikkje prioritert i noko fylke i vegplanen for 1978-85. Sidan har ikkje denne vegen vore med i vegplanane. Då riksveg 15 frå Hjelle til Mindresunde skulle leggjast om på 1990-talet, føreslo stortingsrepresentant Paul Svarstad, frå Stryn, at vegen burde gå over Flo, på nordsida av Strynevatnet, i staden for den noverande traséen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd. III anden del, Oslo 1950.
Handeland, Olav: Ferdselsveg over Flofjellet. I Vegstubben, s. 8-10, nr. 4-1987.

PERMANENT IDENTIFIKATOR