Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Altertavla i Førde kyrkje



Mange har vorte interessert i altertavla i Førde kyrkje nå dei har sett henne. Ho er eineståande, rik i motiva, fin i skjeringa og etter alderen vel ivareteken i stafferinga. Tavla, som er frå 1643, vart gitt som gåve til kyrkja av presten Peder J. Finde og kona, Barbara Nitter.

Nedste feltet på altertavla framstiller nattverdsinnstiftinga. Nattverden er eit minnemåltid, der ein tek imot Jesus og får forlating for syndene.

Nedste feltet på altertavla framstiller nattverdsinnstiftinga. Nattverden er eit minnemåltid, der ein tek imot Jesus og får forlating for syndene.

Eigar: Førde kyrkjekontor.

Datering: 2001.

Fotograf: Jon Baxendale.

Frå skuleloftet til kyrkja

I 1928 var det ein heit altertavlestrid i Førde. Skulle kyrkja ha den gamle altertavla frå 1643 eller ei ny, måla av Ferdinand Kierulf Tranaas? Då kyrkja var ny i 1885 vart det sett opp ei altertavleramme, men i staden for eit bilete i ramma, var det spent opp ein grøn duk som bakgrunn for ein enkel kross. Under stod skriftordet: "Kom Jesus Kristus ihu!" Av økonomiske grunnar valde ein å vente med noko alterbilete. Då den gamle tavla ikkje lenger kunne lagrast på skuleloftet, der ho vart oppbevart, vart ho montert på nordveggen i koret i 1920. Fleire tok til orde for å setje ho på alteret, og det skjedde utan noko formelt vedtak. Juledag 1925 vart kyrkjelyden overraska over at barokktavla var kommen på plass. Meiningane var delte, men tavla fekk stå. Hausten 1928 trekte Tranaas attende si tavle, og sidan har gamle-tavla hange trygt.

Gåve frå presten Finde

Altertavla er rekna som ei av dei mest verdfulle barokktavlene i landet. "Det beste eksempel blant de bevarte vestnorske altertavler på samspill mellom billedkunst og teologi", skreiv Sigrid Christie. Tavla var ei gåve frå Peder Jørgensson Finde, prest i Førde frå 1637, og Barbara Nitter, og er på eitt vis minnetavla over familien Finde, likevel laga "Gud til Ære hans Huus til Beprydelse".

Finde må reknast som ansvarleg for den teologiske komposisjonen. Tavla er skoren i 1643, truleg av Anders Smith, og sett på plass umåla i kyrkja same året. Skriftplatene nedst fortel m.a. litt av prestefamilien si historie, og at stafferinga (måling) må ha vorte utført før 1650, før Finde (PF) si fyrste kone, Barbara Nitter (BN), døydde. Skriftplatene på fotstykket er så forandra og flytta på, slik at initialane til den nye kona, Anne Rasmusdatter Stoud, (ARDS) er lagt til saman med årstalet 1666. Teksten på skriftplatene er "Vita humana fugax" (Menneskelivet er flyktig), "Vita rosa" (Livet er herleg) og "Memento mori" (Hugs du skal døy).

Tidlegare trudde ein at tavla var måla av Caspar Helvig i 1666. Om det kan vere han som har gjort det før 1650, er uvisst. Målararbeidet er i alle høve utført for å supplere og forfine det overdådige plastiske utstyret og den arkitektoniske reisninga til alterverket med vekslande grå, bleik-raudbrune og gule lokalfargar som ikkje nokon stad hevar seg på bekostning av billetskjæraren sine formidéar, hevda Domenico Juul Erdmann.

Fleire biletfelt

Den kring fire meter høge tavla uttrykkjer luthersk ortodoksi i barokken sitt biletspråk og fortel dei grunnleggjande frelseshendingane etter luthersk tolking ut frå motsetningane: lov - evangelium, synd - nåde og død - liv. På klassisk vis er Jesus-hendingane framstilte i fire høgder, nedst nattverdsinnstiftinga, deretter krossfestinga, Jesus og dei to røvarane. Kvinnene ved Jesu føter er Maria, mor hans og Maria Magdalena, i bakgrunnen står romerske soldatar. Jesu kross er framstilt stilisert og tolka, med gullforgylt kant, til skilnad frå røvarane sine krossar som er naturalistisk skildra. Lynet ved Jesu kross uttrykkjer Guds vreide: "Naglet til et kors på jorden henger under vredens torden" (No.S. 158,1). Eit tredje stadium er Jesu gravlegging, og så Jesu oppstode. Engelen veltar vekk steinen frå grava, og soldatane rømmer i panikk. Den oppstadne står i skyglorie, og krossen er vorten til sigersmerke med sigersfane. Kvinnene var dei fyrste vitna til den tomme grava.

Figurar på tavla

Øvst på tavla står den triumerande Kristus med sigersfane. Denne historia er så tolka gjennom tavla si oppbygging og struktur. Høgt oppe, under den triumferande Kristus, står ein prest med stola. På hans høgre side er lovtavlene, og på den andre fridomsbrevet, evangeliet. Innskrifta her henta frå Luk. 11,28: "Salige ere de som hører Herrens ord". Dette er den rette læraren, som forkynner lov og evangelium, og deler Guds ord rett. Til dette svarar dei to særmerkte dyrefigurane, draken og løva. Medan alle andre er framstilte med ansiktet vendt mot oss, er desse to vendt mot kvarandre. Jesus-hendinga vert med det tolka som ei kamp- og sigerhandling, og plasserer kyrkjelyden inn i den same kampen. Draken symboliserer Guds fiende og motmakt (Joh. Op. 12,3; 13,2.4; 16,13; 20,2). Den som bryt lova og ikkje får brotet tilgitt er i Den vondes vald og under lova si forbanning. Tekst: "Forbandet være dend som icke fuldkommer alle ordene i denne Lov at gjøre der effter oc alt folcket skal sige Amen" (5 Mos. 27,26).

Løva av Juda er her Kristus-symbol, sigerherre over den vonde, draken, i samsvar med sitatet: "Græd icke. See Løwen som er aff Juda Slect Davids Roed" (Joh. Op. 5,5) - og ordet held fram: han har sigra og kan opna boka med dei sju segla. Løva ber sigerskrans; bak: "Livsens tre" (Joh. Op. 22,2.14.19). Dei fire evangelistane, med sine symbol, står i same høgda.

Lovsida

På lovsida er det ytst ei framstilling av Moses som tek imot Dei ti boda, og på motsett side: Jesu fødsel. Gjetarane, saman med Maria og Josef, er dei fyrste mottakarane av Evangeliet.

På kvar side av Golgata-scena står to markerte figurar. Kvinna til venstre er truleg Maria, Jesu mor (men kan også vere Anna Fanuelsdotter). Den mest særmerkte personen er den gamle mannen til høgre, Simeon i templet. Han held Jesusbarnet i armane sine slik det er fortalt i Luk. 2,25-36. Men det er noko som ikkje stemmer, for Simeon er nemleg framstilt i øvsteprestens drakt, med brystduk med 12 edelsteinar for kvar av dei tolv stammene i Israel. I kyrkjekunsten elles er det fleire framstillingar av at Jesusbarnet møter øvstepresten i tempelet i samband med omskjeringa. Det kan såleis i utgangspunktet vere tale om ei forveksling, som har gitt ei ny og djupare tolking av Simeon. Den gudfryktige, som hadde venta på å få sjå Messias, representerer heile Guds folk frå gamle testamentet av, på same måten som øvstepresten.

Slik den gamle Simeon er framstilt i Førde kyrkje er han eineståande i norsk kyrkjekunst. Ein av dei fyrste som framstilte Simeon kledd i øvsteprestskrud er Stefan Lochner (1400-1451), i biletet "Kristi framstilling i tempelet" (Köln 1447). Seinare framstillingar gjer Simeon meir og meir til presten i tempelet, t.d. Albrecht Dürer i 1505, ei tolking som etter kvart fell bort i nyare framstillingar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Førde kyrkje 1885 - 100 år - 1985. Førde sokneråd 1985.

PERMANENT IDENTIFIKATOR