Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 21. juni 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

V-5311 «Seeotter» - krigshending ved Værlandet juni 1945



Avisa Firda, 23. juni 1945: «Tysk minesveipar minesprengt ved Værlandet 23 tyskarar omkom. Frå Askvoll vert meldt at ein tysk minesveipar gjekk på ei mine ved Værlandet måndag [18.06.1945]. Det vart ein fælsleg sprengssmell. 23 tyskarar vart drepne, og mange vart såra. To færingar som låg i nærleiken av minesveiparen vart øydelagde, men ingen nordmann kom til skade.»

Det tyske marinefartøyet V-5311 «Seeotter», levert so armert kvalbåt frå Moss verft, februar 1942. Ved freden 8. mai 1945 låg fartøyet i Bergen. Måndag 18. juni var «Seeotter» tilstades ved minereinsking i Håsteinosen ved Værlandet, Askvoll kommune. Totalforliste ved ein mineeksplosjon. 23 tyskarar omkom. To nordmenn i ein robåt som låg ved d sida av fartøyet, berga livet.

Det tyske marinefartøyet V-5311 «Seeotter», levert so armert kvalbåt frå Moss verft, februar 1942. Ved freden 8. mai 1945 låg fartøyet i Bergen. Måndag 18. juni var «Seeotter» tilstades ved minereinsking i Håsteinosen ved Værlandet, Askvoll kommune. Totalforliste ved ein mineeksplosjon. 23 tyskarar omkom. To nordmenn i ein robåt som låg ved d sida av fartøyet, berga livet.

Eigar: Erling Skjold

Datering: 1942

Fotograf: Ukjent

Lite skrive i lokalavisene
«23 tyskarar vart drepne», ei stor ulukke mælt i tap av menneskeliv, men det er lite å finna nedskrive om hendinga ved Værlandet, måndag 18. juni 1945. Utanom lokalavisa Firda, Førde, (ingressen) hadde berre Fjordabladet. Nordfjordeid, ei lita notis med Firda som kjelde. Det same Fjordabladet hadde elles 20. juni notis om ein «fælsleg eksplosjon» i  Flensburg; mellom 500 og 600 tyske marinesoldatar hadde mist livet.

Meir i lokal krigslitteratur
Soga om verdskrigen 1940-1945 i Sogn og Fjordane, så vel oversyn som einskilde hendingar, har etter kvart fått brei dekning i lokalhistorisk litteratur, ikkje minst i sogehefte. Eksplosjonsulukka ved Værlandet er med i Krigsdagbok for Askvoll i boka Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945 (2005), og er dessutan omtala i Sogeskrift for Askvoll. I hefte nr. 16, 1999, står eit intervju med Karl Verøy, ein av to fiskarar som var tett attmed ulukkesfartøyet og som var nære på å omkome (meir lenger nede).

Kjell-Ragnar Berge
skriv i Krigsdagbok for Askvoll: «05.07 [1945] Geita fyr: Tysk forpostbåt V5311 «Seeotter» forliser etter ein kraftig eksplosjon under rydding av sjøminer. Av mannskapet har truleg 23 mist livet».

Erling Skjold
har særs godt oversyn over den tyske krigsmarinen. På spørsmål om informasjon om fartøyet «Seeotter» og tragedien ved Værlandet straks etter krigen, skriv Skjold mellom anna dette i ein epost, 28.04.2018:

«Seeotter» var bygd av Moss verft som armert hvalbåt for Kriegsmarine (byggnummer 102) og levert (kommandoheis) 11.9.1942. I mai 1945 lå fartøyet operativt i Bergen med en besetning på 51. Ved forliset skal «Seeotter» ha tjenestegjort som moderskip for små minesveipere i German Minesweeping Administration (GM/SA), og lå stille da minen rammet. 23 omkomne er det samme som tyske kilder oppgir. Minesveiperne som var i gruppa var små norskbygde båter] av RA og Zwerg type.

Dato
Det føreligg fleire datoar på når hendinga fann stad. Krigsdagbok Askvoll har 7. juli, avisa Firda hadde omtale 23. juni, med tilvising til «måndag», dvs. føregåande måndag, som var 18. juni. Erling Skjold skriv i nemnde epost at han har tre datoar «i kildene»: 18.06, 01.07. og 05.07. Han konkluderer med at når Firda omtalar hendinga 23. juni, kan det berre vera ein av dei, nemleg 18. juni 1945.

Posisjon
Krigsdagbok Askvoll oppgjer åstaden med det noko opne «Geita fyr». Erling Skjold har heller ikkje nøyaktig posisjon, «kun ca 7 NM [nautiske mil] nordvest av Gjeita fyr». Geita fyr ligg i Buefjorden, sør om Værlandet. Ein stad «ca 7 NM nordvest av Gjeita fyr» vil seia i havet nord for Værlandet. Og det stemmer med munnlege kjelder og omtale i Sogeskrift for Askvoll. Det var mellom Værlandet, nærare fastsett i Håsteinosen, mellom Svarteskjera og Håsteinen, kanskje litt nærare Håsteinen, at mineryddingsfartøyet «Seeotter» gjekk i lufta og ein robåt med to fiskarar blei slegen til pinneved. 23 tyskarar omkom og mange vart såra; dei to fiskarane berga livet.

«Ei sprengingsulukke…»
Våren 1998 fortalde Karl Værøy (1922-2005) om eksplosjonsulukka til Rolv Landøy (Sogeskrift nemnt ovanfor). Saman med Einar Kalvøy hadde han fiska ved Værlandet under heile krigen. I Håsteinen dreiv dei med laksenøter og hummarteiner. På ulukkesdagen, 18. juni 1945, var dei òg i Håsteinen, og rodde bort til eit av mineryddingsfartøya, for å «sjå».  Karl Værøy fortel:

Vi skulle no ta oss ein turn og sjå, vi var ikkje heilt sikre på kva slags båt det var, om det var tysk eller engelsk eller norsk, Vi tenkte at det var nokre som passa på at det gjekk rett for seg. Vi kom inntil båten og fekk festa om bord, og det er det siste eg hugsa. Eg rådde med meg att i djupaste havet, alt var svart. Det var ikkje mykje von om at eg skulle klare meg, Eg kjende at det kom vrakdeler nedover meg, men kom meg no på logen [opp til overflata], og eg kjende at bulen [kroppen] virka bra. So såg eg ein symjering eller livbelte i nærleiken, og fekk tredd den over haue. Men eg såg ikkje han Einar, men han kom eit lite øyeblikk etterpå. Båten var vekke.
Eg ropte til Einar og spurde om vi skulle prøve å kome oss i Kvanskjæret [i Håsteinen]. Vi hadde ikkje noko andre muligheter, Men vi såg at det låg tre stk. på ein flåte, og dei ropte at det var båt under vegs.
Det kom ein båt, men det var eit slikt virvar at eg fann ut at eg måtte koma meg derifrå. Det vart so mykje manøvrering at eg var redd for å koma i propellen. Men til slutt så roa det seg så mykje at eg torde å koma borttil. Dei hadde ut ein leider, og det var den tyngste gonga eg har hatt. For eg hadde klær og støvlar, og alt var fullt i sjø, so det var ikkje lett. Men eg kom meg om bord. Rett etterpå kom Einar og om bord, og vi fekk kome ned i ein lugar, og vi fekk skifte på oss nokre kle, og vart spurde om vi var skada, men vi fann ut at vi var heilt i orden. Det var lege om bord, men vi hadde ikkje bruk for lege.»

Til Askvoll
Vidare fortel Karl Værøy at dei blei tekne med til Askvoll, og der overletne til seg sjølv. Dei gjekk straks på telefonstasjonen for å ringja heim til Værlandet og melda frå om kva som hadde hendt og at alt stod vel til med dei. Det var akkurat i tide før dei to andre fiskarane i Håsteinen var komne heim att til Værlandet. Dei hadde leita og leita, men ikkje funne spor etter Karl og Einar.

«..fann ut at vi var heilt i orden..»
Om bord i bergingsbåten fann Karl Værøy og Einar Kalvøy ut at dei var «heilt i orden» og ikkje trong lege. Under intervjuet vel 50 år seinare spurde intervjuaren om korleis det gjekk etterpå.

«Vi gjekk (…) til båten [i Askvoll] og reiste heimatt. Og sidan gjekk alt i sitt gamle gjenge. Det var ikkje stopp i fiskeri eller noko anna. Vi kom frå det med eit sjokk. Vi hadde korkje beinbrot eller annan skade. Ei mine gjekk av [eksploderte] nokre dagar etterpå, utanfor Håskjeret. Men då snudde vi og reiste heimatt. Det var vel ei som vart sprengd reknar eg med.»

På leiting -
Etter intervjuet våren 1998 prøvde Rolv Landøy å finna meir informasjon om hendinga i Håsteinosen 18. juni 1945. Han tenkte nok at - det må då finnast informasjon om ei så alvorleg ulukke i ein eller fleire offentlege instansar. Han skreiv til «Forsvarskommando Sør-Norge, Sjøops-senteret i Stavanger», og fekk derifrå tilsendt kopi av eit kart over minefeltet. Vidare kontakta han «Norges Hjemmefrontmuseum» og «Askvoll lensmannskontor», men utan resultat. «Forbundsrepublikken Tysklands konsulat i Bergen» rådde han til å ta kontakt med  «Riksarkivet i Oslo.»  Det blei det ikkje noko av før intervjuet kom på trykk året etter. Rolv Landøy kom kan henda aldri lenger med leiteprosjektet sitt. Nå føreligg det litt meir kunnskap, t.d. om fartøyet, men det må leitast meir.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Uprenta kjelder:

Håvard Halsøy, Bulandet, Askvoll
Harald Magne Leite, Eigersund
Erling Skjold
Kjell-Ragnar Berge, Førde


Landøy, Rolv: Ei sprengingsulukke ved Håsteinen, 1945. I Sogeskrift for Askvoll, nr. 16, 1999.


Firda. 23.06.2018

PERMANENT IDENTIFIKATOR