Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Jernaldergarden i Kvernhusdalen



Det finst ikkje mange øydegardar frå jernalderen i Sogn og Fjordane. Ein av dei er Kvernhusdalen i Selje. Oppmålingar, C14-dateringar og pollenanalysar her ifrå vitnar om gardsdrift i både eldre og yngre jernalder.

Kvernhusdalen med Stadlandet i bakrunnen. Gardsanlegget i høgre kanten av biletet.

Kvernhusdalen med Stadlandet i bakrunnen. Gardsanlegget i høgre kanten av biletet.

Eigar: I Arkeo. Nr. 1. 1996.

Datering: Kring 1994.

Fotograf: Ukjend.

Garden ved foten av Torvaldseggja

Fjellet Torvaldseggja er med sine 645 m o.h. det høgste punktet på Stadhalvøya. Ved foten av dette fjellet, i utmarka nordaust for Selje sentrum og om lag 200 m o.h., ligg den vesle fjelldalen Kvernhusdalen med tre små vatn. I den sørvendte lia nordaust for det øvste vatnet ligg fire tufter og restar etter eit steingjerde. Oppmålingar, C14-dateringar og pollenanalysar viser at her har vore gardsdrift i tida 350-975 e.Kr., med andre ord frå romartida fram til slutten av vikingtida.

Kva tuftene fortel

Tuftene i Kvernhusdalen har vore granska av fagfolk periodevis i tida 1974 - 1994. Oppmålingane viser at det innvendige golvarealet i dei fire husa kan ha vore om lag 110, 40, 30 og heile 120 kvadratmeter. Dei to største tuftene har langhuskarakter og har kan hende vore bustad for både folk og husdyr. I dag er veggene raste saman til ca. 0,5 m høge og 2 m breie vollar/murar. Steingarden kan følgjast meir enn 200 m. I ei dateringsprøve som vart utteken i den største tufta vart det funne eit brent byggkorn. Ingen veit om kornet er dyrka på garden eller ført hit, men om byggkornet og dei få pollenanalysane frå området, skriv dei sakkunnige at dei gjev "glimt av den aktivitet som har foregått her, og sannsynliggjør at dette var et gårdsanlegg med alle de aktivitetene som det omfatter".
Kvifor garden vart fråflytta er eit ope spørsmål, men fråflyttinga fell i tid saman med at folk, mest frå Vestlandet, drog over havet og busette seg på Vesterhavsøyane.

Ligg urøyvd for etterslekta

Det ligg ikkje føre planar om utgravingar av tuftene i Kvernhusdalen. Slik vert dette kulturminnet liggjande urøyvd, og dei eventuelle bruksgjenstandane som løyner seg i grunnen vil få ligge i fred.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Ragnvald: Ein førhistorisk øydegard i Selje. I Årbok for Nordfjord. 1997.
Bjørgo, Tore og Hjelle, Kari Loe: En forhistorisk ødegård i Selje. I Arkeo. Nr 1 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR