Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 17. januar 2018

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Kommune

Stadnamnet Alden



På kysten i Sunnfjord ligg eit kjent landemerke, Alden. Namnet vert brukt både om øya og fjellet (481 m), men fjellnamnet kom først. Fiskarane har og kalla fjellet Blåmann eller Norskehesten.

Alden

Alden

Datering: 14.09.2011

Fotograf: By Rart (Own work) [CC BY-SA 3.0 (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)], via Wikimedia Commons

Fjellet var og er eit viktig landemerke for dei som kjem over havet vestanfrå. Namnet er språkleg i slekt med latin «altus» = høg. Alden tyder då «den høge og ruvande». Same språkrot finn vi i tysk «alt», eng. «old» og latin «adultus», som alle eigentleg betyr «vaksen stor». Substantivet «alder m» og «alde f» = bølgje (Tungalda = «den høie og langsomme Bølgegang i Havsøen» (Aasen).

Øynamnet Batalden i Flora er og opphavleg eit fjellnamn (gno: Bataldr). Førsteleddet er substantivet «bate» = bate, gagn, og siktar til at det høge fjellet var til gagn som framifrå seglmerke i leia.I Askvoll ligg øya Aralden (føreleddet ari m = ørn) I Kyrkjebø i Sogn finn vi Digralden, i Aurland Roalden, og på Stadtlandet Varalden. Det siste tyder «åtvararen».

Både bygdenamna Olden og Oldeide på Bremangerlandet kan innehalde same ordet. «Old-» er truleg det same som adj. «ald-» = høg, jfr. kontrastnamnet Lågeide i nærleiken. Neset ut mot havet på Bremangerlandet har namnet Olderveggen. Det ruvar fjellet Veten opp, heile 527 m høg. Fjorden inn til Olden vart ca.1200-1300 skrive «i Aldafirdi» og «Aldi/Alda». Olden Ungdomslag brukte denne namneforma då dei bygde ungdomshuset Aldaheim (1916/1924). Det tidlegare energiselskapet heitte Aldakraft. I Olden finn vi og Alda Camping. Granskarar trur at namnet anten kan tyde «fjorden med bølgjer» eller «innsøkk, trau» (gno: ald-).Namnet er så gått over på bygda. Dalen oppover Olden er temmeleg bein med høge fjell. Kanskje kjem namnet av dei høge fjella her, fleire over 1700-1800 m, som lagar ein trong dal med brear på begge sider? Særleg Sesiliekruna (tidlegare namn Lidanibba) og Gjerdeaksla reiser seg bratt opp frå dalen.

kjelder: