Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bedehuset i Nordalsfjorden



Bedehuset i Nordalsfjorden står tett attmed vegen på Midtbø, ei grend om lag 13 km frå vegskilet på riksvegen til Svelgen. Det vart bygt kring 1930 etter at skulehuset i dalen var flytta frå Midtbø til Solheim, eit stykke lenger nede i dalen.

Bedehuset på Midtbø i Nordalsfjorden 2007, nymåla og godt vedlikehalde.

Bedehuset på Midtbø i Nordalsfjorden 2007, nymåla og godt vedlikehalde.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

År 2007

Ei brei tropp i betong fører opp til inngangsdøra. Den opphavlege troppa var i mur med heller i trappetrinna. Frå inngangen går det tropp opp til galleriet, dør inn til eit lite kjøken og inn til salen. Salen har open himling. Framme står talarstolen på ei låg plattform. På veggen heng ordet "Velkomen" og to bilete med Jesus-motiv. I salen er dei opphavlege benkene skifta med stolar, medan dei framleis er i bruk på galleriet.

Misjonsbasar i over hundre år

I 1885 tok dei til med misjonsbasar i Norddalsfjorden. Dei heldt basaren rundt om i stovene og for å få plass til alt folket, vart også løer tekne i bruk som forsamlingslokale. Då bedehuset stod ferdig kring 1930, vart misjonsbasaren ei fast tilstelling der. Lenge var det slik at utflytte kom heim og var med på den årvisse misjonsbasaren. I 1984 heldt dei basar nummer 97 i rekkja. Frammøtet då var noko mindre enn tidlegare og serveringa enklare.

Om byggjinga

Jostein Midtbø fortel om bedehuset i boka si Nordal kyrkje 100 år. Glimt frå kvardag og helg. Bedehuset på Midtbø vart bygt etter bygdestrid om plasseringa av skulehuset. Då skulehuset på Midtbø vart flytta til Solheim lenger nede i dalen, miste folket på Midtbø forsamlingshuset sitt. Dei tykte dette var tungt å svelja, fortel Midtbø, og tok fatt på oppgåva å byggja bedehus.

"Og dei makta det. Dei hogg i skogen og køyrde heim tømmer frå eigne teigar. Fekk det saga og høvla. Kontantar let dei og til - sjølvsagt ikkje berre frå Midtbø, også frå dei andre grendene. Men tyngste taket for å få til bedehuset, tok nok folk på Midtbø. Dei som hugsar attende, kan fortelja at karane samla seg i enkelte stover om kveldane og nærast eldna kvarandre opp, semja var djup og inderleg: "Dette skal vi greie."

"Reine karavanane med hestar, sledar og karar kunne det vere over Solheimsvassisen [isen på Solheimsvatnet] på veg til tømmerskogen. I alle høve - bygginga kom i gang, og bedehuset kom opp. Gjert Bareksten vart innleigd til reising av huset, og bygdeolket var med på dugnadsarbeid."

"Dei heldt basarar. Her bidrog nok kvinnene mest med spøting og sying av gevinstar. Basar til inntekt for bedehuset er nemnt fleire stader i Kyrkjebladet i 1920-30 åra. M.a. var det slik basar den 12. august 1934. Heile bygda var samla. Folket ville gjerne ha bedehuset [heilt] ferdig, står det. Og denne tilstellinga var eit steg på veg mot målet. Det kom inn 170 kr. Talarar var Simon Midtbø og soknepresten, som då var Berg Rolnes." (Så langt ordrett etter Jostein Midtbø).

Om verksemda

Jostein Midtbø fortel elles i boka si litt om aktiviteten i bedehuset. Juletrefesten 2. juledag har vore ei årviss tilstelling i bygda. Komiteen kom saman i i kjellaren der det var kjøken og baka tebrød og anna. Folk gjekk mann av huse. Det kunne vera både to og tre ringar rundt treet. Utanom gang rundt treet var det tale og opplesing, og fleire bordseter i matsalen i kjellaren.

Det har vore fleire barneforeiningar i verksemd og søndagsskule. Indremisjonen har halde møte og basarar.

kjelder:

Midtbø, Jostein: Nordalsfjorden kyrkje 100 år. Glimt frå kvardag og helg.

PERMANENT IDENTIFIKATOR