Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skilbreistøylen



Skilbreistøylen høyrer til garden Straume, gard nr. 28. På Skilbreistøylen er sel og fjøs. Stølen ligg ca. 175 m o.h. Begge husa kan vere frå kring 1920-åra. Selet er stort med loft. Fjøset har plass for høy på lemmen. På stølsbøen ligg ei stor mile, 10 meter i diameter, mest truleg ei tjøremile. Sjå artikkel om stølen Straumsbotnen.

Skilbreia med fjøs sog sel.

Skilbreia med fjøs sog sel.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1996.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Til Skilbreistøylen kan det vere ca 1,5 km med båt, eventuelt rås langs vatnet.

Bruk av stølen

På Skilbreistøylen støla dei ut på hausten. Her er stor og god grasmark og høyet vart slått og lagra på fjøslemmen og i ein geitafjøs som stod til ut i 1930-åra. Dei slo og i Straumsbotnen. Graset rodde dei fram til Skilbreistøylen og hesja det der. Det vart så køyrt heim på vinterføre.

På Skilbreistøylen ligg tjøremila uskada, graskledd og nedbeita og dermed flott å sjå på for interesserte.
Meir om bruken av stølen, sjå artikkelen om Straumsbotnen.

Nokre fakta

Straume, gard nr. 28, Hyen sokn, hadde eitt bruk i 1890. Vi finn 16 personar på garden i 1865. Talet har auka til 25 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 322. Sandane 1988.

PERMANENT IDENTIFIKATOR