Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 31. mars 2017

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kommune

Fylkesbaatane – bording i Botnane



Botnane heiter tre gardar på fastlandssida i Frøysjøen; Nordbotten, Øvrebotten og Sørbotten. Fleire store gravrøyser vitnar om busetnad i fleire tusen år. Bygda fekk rutebåtstopp frå 1890-åra, men dei måtte borda båten ute i leia. I 1965 kunne båten gå til kai inne i pollen, og i 1993 fekk Botnane vegsamband med omverda.

Biletet er frå 1960-talet og viser bording i Botnane, før Botnane hadde kai. Båten stoppa og ekspeditøren rodde ut for å hente folk som kom med rutebåten, eller skulle reise med rutebåten. Kommune- og fylkespolitikaren Abraham Øvrebotten frå Botnane går frå MS «Hennøy» om bord i flyttbåten (ekspedisjonsbåten). Ved rekka matros Leiv Sunnarvik; i flyttbåten Ragnvald og Anders Sørbotten, og i færingen på utsida, Orvald Sletten.

Biletet er frå 1960-talet og viser bording i Botnane, før Botnane hadde kai. Båten stoppa og ekspeditøren rodde ut for å hente folk som kom med rutebåten, eller skulle reise med rutebåten. Kommune- og fylkespolitikaren Abraham Øvrebotten frå Botnane går frå MS «Hennøy» om bord i flyttbåten (ekspedisjonsbåten). Ved rekka matros Leiv Sunnarvik; i flyttbåten Ragnvald og Anders Sørbotten, og i færingen på utsida, Orvald Sletten.

Eigar: Firdaposten

Datering: 1960-1965

Fotograf: Ukjent

Om bording og litt til

Den 24. november 1999 hadde Harald J. Stavang eit stykke i Firdaposten med overskrifta «Bording i Botnane». Ein kan gjerne seia at heile stykket er ein bilettekst til fotoet som viser at ein mann går frå ein rutebåt over i ein ekspedisjonsbåt. Det vart kalla bording når ein rutebåt stoppa på ein båtstoppestad der det ikkje var kai. Stavang sitt stykke er her attgjeve slik det stod i Firdaposten, men her med innsette mellomtitlar og nokre tillegg i hakeparantesar.

Båtstoppestad frå 1890-åra

Botnane var frå gamalt av ei isolert bygd i Bremanger kommune. Båten var einaste framkomstmiddel. Men bygda hadde rutebåtsamband frå kring 1890-åra, heiter det i boka om gamle kaiar og ekspedisjonar [Dampen og kaia (1998)]. Frå 1920-åra fekk bygda stopp av dei større rutebåtar som «Sogn» og andre samtidige. Bygda hadde også stopp både på nord og sør av lokalbåtane «Atløy», «Kvamsøy», «Sendingen» [«Sendingen» II, leigebåt] og «Hennøy» som gjekk mellom Florø og Bremangelandet.

Mjølkerute Gulefjordane - Florø

Men folk som hugsar tilbake på denne tida, meiner at mjølkeruta som tok til å gå frå Gulefjordane i 1946 til Florø med «Skjold» I og med Erling Gulestø som førar, var det største sosiale framsteget i nyare tid. Jon Øvrebotten hugsar at det var samling av bygdefolket to gonger for dag på dei stader der mjølkekruta la til, som oftast på tre stader, ein gong når mjølkeruta henta mjølka, og ein gong seinare på dag når båten kom tilbake med mjølkespanna, som ikkje alltid var heilt tomme, fordi det kunne vere både smør og ost som leverandørane hadde bestilt.

Desse samlingar i tilknytning til mjølkeruta var den store nyhendesamlinga, både av det som siste døgn kunne ha skjedd lokalt, og det som folk som kom att med mjølkeruta, kunne fortelje etter ein tur til Florø. Det var store ting, og alle følte på at dei fekk vite mykje nytt, seier Jon.

Bording kunne vera krevjande

Elles fortel Arne Øvrebotten [fødd 1923] om spennande bordingar med nesten livet som innsats når det var uvêr. Det kunne vere stor skilnad på skipperar som førde dei ulike båtar. Han hugsar vel tilbake på m.a. Magnus Vevling med «Kvamsøy». Han førde båten så nær fjæra i Sørbotten som han fann tilrådeleg for at det skulle bli mest mogeleg livd. Og han venta ofte til han såg flyttebåten vel mot land før han gjekk vidare. Dei stor båtane frå Bergen låg som oftast langt ute på leia, så her måtte det vere rimeleg bra vêr for å borde. Han kan hugse at ein flaggsmykka «Fanaraaken» hadde stopp i Botnane på jomfruturen sommaren 1937.

Lokalpolitikar «tok affære»

Det blir fortalt at ein ruskeversdag på 60-talet då Abraham Øvrebotten var på veg frå Svelgen heim til Botnane, var veret så dårleg at han måtte følgje båten til Florø. Då tok han affære på det kommunale plan og la til rette for å bygge kai i Pollen. Men Fylkesbaatane ville ikkje utan vidare love fast stopp med mindre innløpet vart mudra. Så vart gjort og kaia vart teken i bruk i 1965. Det vart gjort ein god del dugnadsinnsats, spesielt med kaiskuret som kom opp. Dette er framleis godt halde ved like, sjølv om det ikkje lenger er ekspedisjonsbu.

På Aksla for å sjå etter bybåten

«Bybåten» var nesten aldri heilt i rute, så det kunne bli lange ventetimar for ekspeditøren, Magnus Sørbotten. Det var ikkje å slå seg fram på mobiltelefonen den gongen, så det hende ikkje sjeldan at Magnus sende sønene opp på Aksla [fjellrygg] for å sjå etter noko som likna på «bybåten» sør på leia.

Konfirmantane kappsprang med «Balder»

Elles hugsar Arne at når dei som konfirmantar reiste med rutebåten «Balder» til Kalvåg på konfirmantlesing, så gjorde dei seg ferdige med presten [i Frøya kyrkje, ca 2 km frå Kalvåg] medan båten var nord i Bremanger, for så å kappspringe med «Balder» sør på kaia der dei hoppa om bord og reiste heimatt. [Merknad: Fylkesbaatane selde «Balder» i 1939.]

Vegutløysing 1993

Etter Botnane kom inn på vegsambandet med «omverda» jula 1993, er ikkje kaia lenger i bruk i rutesamanheng. Den einaste som no [1999] brukar kaia i offentleg samanheng er legen i Svelgen som når han blir tilkalla til ytre distrikt [Bremangerlandet og Frøyalandet], køyrer bil til kaia i Botnane der han går om bord i legeskyssbåten. Det blir ein mykje billegare tur enn om båten skulle gå frå Svelgen eller Kjelkenes, fortel Arne Øvrebotten.

kjelder:

Firdaposten, 24.11.1999.