Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Skysstasjon på Langeland



I samband med at Den Trondhjemske Postvei vart etablert i 1780-åra, vart det også behov for skysskifte. Langeland var ein av desse mange skysstasjonane.

Tunet med ein del av innmarka på Langeland slik det såg ut i 1882. Vegen gjekk den gongen gjennom tunet. Det kvite huset til venstre er skysstasjonen med overnatting og matservering. Vidare til høgre ligg hestestallen, fjøsen/løa, stova, eldhuset og smia. Som tunet er også landskapet svært ulikt frå i dag. Vegetasjonen er svært liten fordi det den gongen hadde funne stad ei sterk utnytting av skogen gjennom beiting og vedhogst. I bakgrunnen ser vi vegen gå vidare mot Førde på vestre sida av Langelandsvatnet

Tunet med ein del av innmarka på Langeland slik det såg ut i 1882. Vegen gjekk den gongen gjennom tunet. Det kvite huset til venstre er skysstasjonen med overnatting og matservering. Vidare til høgre ligg hestestallen, fjøsen/løa, stova, eldhuset og smia. Som tunet er også landskapet svært ulikt frå i dag. Vegetasjonen er svært liten fordi det den gongen hadde funne stad ei sterk utnytting av skogen gjennom beiting og vedhogst. I bakgrunnen ser vi vegen gå vidare mot Førde på vestre sida av Langelandsvatnet

Eigar: I Bygdebok for Gaular,band VI a.

Datering: 1882.

Fotograf: K. Knudsen.

Den Trondhjemske Postveg

Skysskiftet vart det viktigaste for Langeland. Ikkje berre i samband med posten vart det no trafikk langs denne vegen. På 1800-talet byrja også persontrafikken landevegs å ta seg opp. Såleis finn vi i futen sitt arkiv frå 1795 ein ordre til lensmannen om å spørje Mons Langeland om ".. han vil paatage sig skafferiet ...". I den same kjelda frå 1796 finn vi at Mons hadde vorte utnemnt til jobben. Mons døydde i 1837, "frosset i hjel". Spørsmålet er då om han var ute på skyssing då dette skjedde. Her skriv ikkje presten meir om det som skjedde.

Bilete av Per Sande med ein skysskiftestasjon.

Dette at reisande skriv om skysstasjonane, er heller sjeldan å finne for vårt område. Ein utanforståande vil ofte sjå med andre auge enn dei observasjonane vi får gjennom embetsmenn som prest, fut og sorenskrivar. Frå 1881 har vi ein omtale av skysstasjonen på Langeland av den engelske kvinna Olivia M. Stone som gjorde ein stopp her fredag den 17. juni det året:
"Langeland er ein "sein" stasjon og primitiv. Vi kom der klokka åtte, og då vi ikkje hadde tinga hestar, var vi budde på at det truleg vart seint. Det var ein herleg kveld, så mangelen på venterom gjorde oss ikkje det minste. Vi sat utanfor stasjonen på tømmerstokkar og såg på at dei bygde eit hus på den andre sida."

Romantiske skildringar

Elles gjev Olivia Stone ei romantisk framstilling av folka og landskapet her oppe denne vakre junikvelden:
"Sola sto lågt på himmelen, og la åsane i vest i skugge, samstundes som skråningane i aust vart klårt opplyste. Sola fekk dei kvite, klåre stammane til å stå i relieff mot det klåre, grøne graset og skogbotnen, lik sølvtre som peikar mot himmelen. Mot sør såg det ut som dalen var innestengd mellom dei treberre fjella som var berre sparsomt kledde med gras." Etter å ha venta ei stund på nye hestar, gjekk så turen dei 13 kilometrane ned til neste skysstasjon på Sande. Men då var dei også komne til ein skysstajon som hadde overnattingstilbod.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 3. 1995.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 6A. 2000.
Stone, Olivia M.: Norway in June. London 1882.
Stone, Olivia M.: På Noregsferd sommaren 1881. I Jul i Sunnfjord. Omsetjing ved Berna Aamodt. 1985.

PERMANENT IDENTIFIKATOR