Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. mars 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Ole Elias Holck



Generalmajor Ole Elias Holck, fødd i 1774 i Leirvik i Sogn, vart alt i 15 årsalderen militær. Under Napoleonskrigane tenestegjorde han i Danmark, og han vart seinare både Eidsvollsmann og utsending til Stortinget i fleire periodar.

Futegarden på Alvera slik den er i dag i restaurert stand. På verandaen står dagens eigarar Margit og Bjørn Landås.

Futegarden på Alvera slik den er i dag i restaurert stand. På verandaen står dagens eigarar Margit og Bjørn Landås.

Eigar: Høyanger kommune.

Datering: 2001.

Fotograf: Aril Gjelsvik.

Ein av 14 søsken

Ole Elias Holck voks opp på garden som farfaren hadde kjøpt i Leirvik. Sjølv var han nummer tre i ein søskenflokk på 14, og gjekk alt som 15-åring inn i militæret. Han byrja ved Ytre Sogns kompani. Her måtte han ha utmerka seg, for i 1807 vart han send frå København til Noreg med krigsmelding. Fram til 1812 tenestegjorde han i Danmark, men kom då heim til Sogn og gifta seg med Karen Sofie Hansen. Ho var arving til embetsmannsgarden på Alvera i Lavik, og paret busette seg der.

".. hans Retskafne Redelighed .."

Då Holck reiste heim att frå Danmark, fekk han berre positiv omtale frå sine overordna: ".. herr Holck av det Bergenhusiske Infanterie Regiment [..] bruges i viktige militaire Forretninger, fordi han forbinder med hans Retskafne Redelighed en sjelden Conduite. Kort sagt, han er en Mand, som man med Trygghed kan anbetroe vigtige militaire Forretninger .."
I 1814 fekk han eit anna viktig tillitsverv: Han vart send til Eidsvoll som representant for det Bergenhusiske regiment.

Interessert i historie

Ole Elias Holck vart seinare valt som stortingsmann både i 1818, 1824 og i 1839. Han var særleg interessert i historie og samla gamle pergamentbrev og våpen. Dette gav han seinare til Bergen Museum. Kring 1835 tok han føre seg dei økonomiske tilhøva i distriktet i ei utgreiing han kalla "Forsøg til en Beskrivelse over Ladvig Præstegield i Sogn Fogderi, Nordre Bergenhuus Amt". Dette vert i dag sett på som verdifullt historisk materiale. Holck døydde i 1842, og kaptein Peder Fredrik Hartwig tok over garden. I 1914 reiste bygdefolket ein bauta over Ole Elias Holck på Alvera.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ole Elias Holck: Forsøg til en Beskrivelse over Ladvig Præstegield i Sogn Fogderi, Nordre Bergenhuus Amt. Tidsskrift for Historielaget for Sogn. 22/1968.
Leirnes, Leif: Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. Bind III. Høyanger 1978.

PERMANENT IDENTIFIKATOR