Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Futegarden på Bruland



Futegarden på Bruland er rekna som eit av dei best bevarte døma på ein vestlandsk embetsmannsgard. Hovudbygningen i seinbarokk stil er frå 1750-talet, og vart flytta til Bruland i 1789. Futegarden har vore freda sidan 1924.

Bustaden til futen for Sunnfjord og Nordfjord låg tett ved vegen på Bruland i Førde. Hovudbygningen har på 1990-talet gjennomgått ei omfattande restaurering.

Bustaden til futen for Sunnfjord og Nordfjord låg tett ved vegen på Bruland i Førde. Hovudbygningen har på 1990-talet gjennomgått ei omfattande restaurering.

Eigar: I Folket si brannforsikring.

Datering: Ca. 1994.

Fotograf: Gisle Førsund.

Elleve futar

Futegarden for Sunnfjord og Nordfjord låg på Svanøy fram til Nikolai Lambrechts i 1789 kjøpte seg gard på Bruland. Eigentleg vart då garden Bringeland i Gaular statens futegard i Fjordane, men der ville ikkje futane bu. Etter Lambrechts kjøpte dei i staden Bruland i tur og orden som privat eigedom, frå Niels Chr. Kierboe i 1809 til Peter Chr. Hvoslef i 1836. Då Hvoslef døydde i 1853 sat enkja att med gard og mange ungar, og staten kjøpte då Bruland som futegard og selde Bringeland. I alt sat elleve futar på Bruland inntil embetet vart nedlagt i 1898. Garden var i bondeeige fram til Per og Cecilie Eggen tok over i 1989.

Tunet

Huset på Bruland vart opphavleg bygd på Svanøy på 1750-talet av "storefuten" Hans Thiis Nagel for sonen Jens Worm Nagel som etterfylgde han i embetet. Gardstunet på Bruland hadde i 1868 heile 25 hus, av desse 13 på det store tunet: hovudbygning, kontorbygning, borgstove, tømra kufjøs, stall, høy og kornlade, grise- og hønsehus, eldhus, vognskur, tørkehus, kvern, og dessutan naust for vengebåten til futen nede ved sjøen. Fem gamle bygningar står att i tunet i dag og er freda: hovudbygningen, kontorbygningen (drengestova), eldhuset, stabburet og eit anna bustadhus, kanskje tidlegare paktarbustad.

Hovudbygningen

Hovudbygningen er eit lafta tømmerhus i ei høgd, 21 x 10 m, med opphavleg kledning med trenaglar. Tre av veggene er kvitmåla, medan austveggen er raud. Huset har bratt saltak med høgreiste arkar på kvar langside. Dei fleste vindaugo er originale, men i stovene vart dei skifta til sein empirestil på 1850-talet. Hovuddøra og hagedøra i empirestil må ha kome til noko seinare, men døra mot aust er i opphavleg seinbarokk stil. Huset har opphavleg rominndeling i begge etasjar.
I kjøkenet er det oljemåleri av 20 storlaks og 4 avstøypingar av storlaks som er fanga i Jølstra, med påskrift om tid, stad og namn på dei stolte fiskarane. Stoveveggene er rekonstruerte med linlerret og opphavlege fargar, og med sjablon og strekdekor. Storstova mot vest er av spesiell interesse. Her har noverande eigarar, under fem lag tapet og to lag måling, avdekka landskapsmåleri på strekt lerret, måla på Svanøy. Måleria er signerte G. A. Glöss 1768. Alle veggene, til saman over 50 rutemeter, er dekorerte i tidsriktig, naivistisk fajansestil med mykje blått og grått. Glöss må ha vore ein omreisande målar som også er kjend for å ha måla tilsvarande bilete på veggene på embetsgarden Flahamar i Luster på same tid.

Dårleg vedlikehald

Soga om futegarden er ei soge om dårleg vedlikehald, særleg etter at staten tok over. I 1856 måtte futen J. Z. Magnus låne 1430 speciedaler m.a. til hovudbygningen som "tiltrængte betydelige reparationer og forandringer." I fleire omgangar 1868-94 vart ulike bygningar selde eller rivne. Ein fut klaga over at forgjengaren hadde late etter seg huset i så dårleg stand at det knapt kunne "afgive ly og bekvemmelighed for en civiliseret mand". Golv og panel i fleire rom var "fortærede av sop", taksteinane overgrodde av mose og fleire uthus falleferdige. Fram gjennom åra vart huset modernisert, men det vart ikkje gjort store endringar. Trass i mange lag tapet og måling, var forfallet likevel ekstremt då noverande eigarar tok over. Men med stor eigeninnsats og ei viss støtte frå antikvariske styresmakter, har dei no sett huset i framifrå stand igjen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Christie, Håkon, Sigrid Christie og Luce Hinsch: Svanøy Hovedgård. Historien om et impulssentrum. Oslo/Svanøy 1990.
Djupedal, Torkjell: Førde - kulturhistorisk vegvisar. Førde 1998.
Eggen, Per: Futegarden i Førde. I Fortidsvern 3/91. s. 50-52. Oslo.
Fischer, Gerhard: Fra Førde. I Årbok for Fortidsminneforeningen 1913. s. 168-77. Oslo.
Førsund, Finn B.: Førde bygdebok. bd. 2. Førde 1992.
Klaveness, Thv.: Fogedgaarden. I Årbok for Fortidsminneforeningen 1921. s. 157-70. Oslo.
Næss, Hans Eyvind (red.): For rett og rettferdighet i 400 år. Sorenskriverne i Norge 1591-1991. Oslo 1991.
Opplysningar frå:
Per Eggen og Cecilie Eggen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR