Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Nordfjord og Sunnmøre Billag



Skipinga av dei mange billaga rundt 1910-1920 kom på grunn av den aukande turiststraumen frå 1890-åra. Det var også turistnæringa som sto bak skipinga av Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap i 1914. Kommunane som sto bak var Stryn, Innvik, Eid, Hornindal og Sunnylven.

Dette er to av dei første bilane til Nordfjord og Sunnmøre billag. Bilen til venstre er ein Opel kombinertbil. Bilen til høgre er ein sjuseters Adler. Biletet er teke 12. oktober 1915. Olav Osnes frå Nordfjordeid og Jenny Aarnes, Stryn, hadde nettopp gifta seg i Nedstryn kyrkje.

Dette er to av dei første bilane til Nordfjord og Sunnmøre billag. Bilen til venstre er ein Opel kombinertbil. Bilen til høgre er ein sjuseters Adler. Biletet er teke 12. oktober 1915. Olav Osnes frå Nordfjordeid og Jenny Aarnes, Stryn, hadde nettopp gifta seg i Nedstryn kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-1991100.118173.

Datering: 1915.

Fotograf: J. K. Maursæth.

A/S Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap

Billaget vart nok skipa mykje på grunn av at A/S Fjordenes Automobilselskap vart skipa året før, i 1913. Dette selskapet hadde rute mellom Vadheim og Sandane. Turistnæringa i Nordfjord var nok redde for at A/S Fjordenes Automobilselskap, med hovudtyngda av eigarane i kommunane Gloppen, Breim, Førde og Jølster, skulle utvida området til andre kommunar i Nordfjord.

Drivkreftene bak skipinga av A/S Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap var var hotelleigarane Christen Stadheim frå Sunnylven, Markus Loen frå Hotel Alexandra og Sivert Yri frå Yris Hotel i Olden, i tillegg til postmeister Schmidt frå Nordfjordeid og sokneprest Johnsen frå Hornindal. Laget ville søkja om køyreløyve på vegstrekningane Olden-Stryn (bygd i 1899-1906), Mindresunde-Stryn, Hornindal-Hellesylt og Stryn-Nordfjordeid (ferdig i 1915). Målsetjinga for selskapet var ikkje berre turisttrafikk, men og å skyssa vanlege ferdafolk og transportera varer rundt om i bygdene. Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap vart skipa 14. april 1914.

Kamp om konsesjonar

Det viste seg at det vart vanskeleg å få køyreløyve og ruter godkjende, då det var fleire billag i emning. I Stryn hadde hotelleigar Petter Tenden og andre interesserte skipa Stryns Auto, og på Nordfjordeid var to lag i emning; Eids Auto og Eids Billag. Alle søkte om køyreløyve, men fylkesmann Christensen var av den oppfatning at det ikkje ville vera lønsemd i mange køyreløyve og føreslo at billaga skulle slå seg saman. Etter ein god del drøftingar vart det semje om å gå inn i Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap med ei utviding av aksjekapitalen. Stryn Auto var ikkje interessert, men det løyste seg då Petter Tenden kjøpte aksjar i billaget.

Fleire konkurrentar

Også på Sunnmøre var det konkurrentar. Nordangsdalen Auto vart skipa om lag samstundes og hadde som føremål å trafikkera ruta Øye-Hellesylt. Dei gjorde krav på eineretten til bilkøyringa der. Trass i at selskapa freista å koordinera rutene, var det misnøye med løysingane. Saka løyste seg då dei to selskapa vart slegne saman i mai 1920, og innbyggjarane i Hjørundfjord fekk høve til å teikna aksjar i det nye selskapet. I løpet av perioden fram til 1937 kom Innvik og Davik også med i Nordfjord og Sunnmøre Billag.

Overland-køyringa

Då vegen langs Strynevatnet var ferdig i 1922, og det var samanhengande veg til Austlandet, vart den såkalla "overland-køyringa" viktig. Store turistskip kom inn i fjordane på nord- eller sørovertur. På Øye i Nordangsdalen gjekk turistane i land og følgde bilar på strekninga Hornindal-Stryn-Grotli til Geiranger. Det kunne vera opp til 400 turistar som skulle ha skyss på einskilde dagar. Også i Loen og Olden kom det turistar med båt som tok turen til Geiranger eller til isbreane i nærleiken. Mange bileigarar var interesserte i overland-køyringa, og snart var det strid om korleis køyringa skulle fordelast. Bilselskapa og skysslaga vart fleire gonger innkalla til vegdirektøren for å drøfta vanskane. Han utarbeidde ein plan som motvilleg vart gjennomført.

Vinterkøyring og lengre vegnett

Fram til 1928 gjekk bilane berre i sommarhalvåret. Snørydding på vegane var tidlegare gjort med hest og plog, men 17. september 1927 kom det skriv frå overingeniør Knud Knudsen om at bilselskapet måtte senda inn tilbod om snørydding på vegane, slik at bilane kunne trafikkera året rundt. Frå hausten 1928 vart vegane i ruteområdet brøytte med bil og plog. Etter nokre år tok vegvesenet sjølv over brøytinga, då det var trong for betre og meir kostbart materiell.

Rutekøyring

I 1938 hadde Nordfjord og Sunnmøre billag 29 bilar i alt. I 1948 var talet 34 bilar, - 12 bussar, 17 drosjer, 1 sjukebil og 4 lastebilar. Utvidinga av vegnettet i Nordfjord medførte at rutekøyringa etter kvart vart like viktig som turistkøyringa. I 1914 køyrde selskapet ruter over ei strekning på 139 km. I 1938 var talet auka til 400 km. I 1938 hadde selskapet rundt 18 500 passasjerar, og ti år seinare var passasjertalet rundt 105 000. Når det gjeld godstrafikken, var talet i 1938 rundt 1730 tonn, og ti år seinare var det auka til det doble.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ytrehorn, Jon: Nordfjord og Sunnmøre Billag. Stryn 1949.
Lødøen, Inge: Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004. Stryn 2005.

PERMANENT IDENTIFIKATOR