Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. januar 2010

Sist oppdatert 10. januar 2024

Kategori

Rå-data

Baldisholteppet i Det Kvite Hus



Tysdag 8. juni 1926 tok fru president Calvin Coolidge imot ein delegasjon kvinner. Ærendet deira var å overlevere ei gåve: - ein kopi av det godt kjende Baldisholteppet og ei presentasjonsbok.

Kopien av Baldisholteppet i Det Kvite Hus, Whashington. Teppet er laga av Kristi Meland og blei gjeve til Det Kvite Hus i 1926.

Kopien av Baldisholteppet i Det Kvite Hus, Whashington. Teppet er laga av Kristi Meland og blei gjeve til Det Kvite Hus i 1926.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: By courtesey The White House

Melding i blad og spørsmål
I bladet For By og Bygd, nr. 16 – 7/8, 1926, står eit lite stykke med overskrifta Baldisholteppet til presidentbustaden i Washington. I stykket er det fleire trådar å ta fatt i, fleire spor å følgja for å finna ut litt meir: Baldisholteppet, gjevarane, personane Kristi Sekse Mons Breidvik og Hans Dedekam. Og kva mon tru skjedde med teppet etter at Mrs. Coolidge hadde takka for seg i Det Kvite Hus? Forfattaren av denne artikkelen tek fatt i nokre av trådane og nøstar opp.

”Den siste kopien som Kristi Sekse har vove etter det gamle norske Baldisholteppet, er no hamna i ”Det kvite huset” i Washington. Fem tusen norsk-amerikanske kvinnor som ynskte at det i Det kvite huset, skulde finnast eit minne um den norsk-amerikanske hundreaarsfesten i fjor, har punga i hop og kjøpt teppet, og for ei tid sidan var ei sendeferd av kvinnor hjaa president Coolidge og bar fram gaava som dei flidde [gav til] presidentfrua saman med ei bok av direktør Hans Dedekam um teppet, og eit utdrag av innhaldet paa engelsk, vakkert utstyrt og innbunde av Mons Breidvik.
 

I ei tale som fru professor Gisle Bothne heldt, sa ho millom anna: ”Mange tusen norsk-amerikanske kvinnor, fraa alle kantar av landet, har slege seg i hop um ei gaave til Det kvite huset, og derved har det vorte raad for oss aa skaffa ein kopi av det vidgjetne Baldisholteppet som er arbeidt av ei norsk kvinne i det 12. hundreaaret [1100-talet]. Denne kopien er ei noggrann [nøyaktig] etterlikning av Baldisholteppet og er vove med stor omhug av ei kvinne som vert rekna millom dei fremste teppekunstnarane i det moderne Noreg.
 

Fru Coolidge takka for gaava, og nemnde millom anna at daa ho kom til Det kvite huset totte ho at [det] var for liten personleg daam over presidenthuset. Ho hadde freista so smaatt aa bøta paa dette og vona at seinare presidentfruvor vilde halda fram med dette verket. Og i dette arbeidet hennar var Baldisholteppet ei kjærkomen hjelp, som ho var svært glad for.

Baldisholteppet
”Det gamle norske Baldisholteppet” kom for ein dag i 1879 på Austlandet. Då dei reiv den gamle kyrkja på garden Baldishol på Nes i Hedmark, fann dei eit tekstilstykke mellom to golvlag. Det synte seg å vera ein del av eit eldgammalt vove biletteppe. Teppet kom seinare til Norsk Industrimuseum i Oslo og har seinare vore kjent som Baldisholteppet. (Norsk Industrimuseum er i dag (2009) ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.)

Det står skrive om Baldisholteppet mange stader, og det er mange meiningar om alder og opphav. I Norsk Kulturhistorie (Aschehoug 1979) står det:

”Baldisholteppet er vevd i gobelinteknikk, det er vel 2 m langt og 1,18 m høyt. Materialet er ull som er plantefarget i klart rødt, gult, grønt, mørkeblått og lysere blått i fleire nyanser. Det er mulig motivet i venstre felt symboliserer april måned (etter bokstavene i arkadebuene å dømme) og at rytteren til høyre representerer mai. Kanskje har flere stykker – som vi ikke kjenner – vært sammensatt til en ”årskalender”. Forskerne tror at teppet er vevd i første halvdel av 1200-årene, kanskje noe senere, antagelig i Norge.”

Men på eitt punkt er det full semje: Baldisholteppet er eit av dei eldste eksisterande vovne biletteppa i Noreg, og det beste kjende. Det ragar også høgt i europeisk samanheng. Hans Dedekam opnar boka si om Baldisholteppe (1918) med desse orda: ”Uten sammenligning et av de betydeligste og interessanteste stykker i nordisk, ja, europæisk tekstilkunst.”

Norse Centennial Daughters Club
I 1925 feira norsk-amerikanarane 100 års-jubileum. Det var i året 1825 at sluppen Restauration nådde Amerika med rogalendingen Cleng Peerson og følgjet hans. Sluppefolket er dei gjerne kalla i emigrasjonslitteraturen. På ei stor tilskiping i Minnesota i juni 1925 var presidentparet Coolidge tilstades. Presidenten heldt ein lang og visstnok drivande god tale.

Men så var det at nokre kvinner vart misnøgde med at det var menn som for det aller meste tok hand om jubileet og at det var lite å finna om norsk-amerikanske kvinner i publikasjonen Norse-American centennial 1825-1925. Difor skipa dei like godt sin eigen organisasjon Norse Centennial Daughters Club og gav ut si eiga bok Norse-American Women, 1825-1925. Eit overordna mål var å fremja norsk-amerikansk litteratur, kunst og musikk.
 

På ei liste over ein del medlemmer i Centennial Daughters, finn me mange Sogn og Fjordane-namn: Mrs. H.H. Onstad, Hopland, Hillestad, Vee, Lee og Ylvesaker.

..this famous tapestry..
På årsmøtet til Centennials Daughters 1. februar 1926 vart Mrs. G. Bothne, Minneapolis, invitert til å stå føre ein komite med oppgåve å samla inn pengar til ein kopi av det ”famous tapestry”, Baldisholteppet, og gje det til Det Kvite Hus. Komiteen hadde fleire underkomitear, mellom anna ein lokalisert i Minneapolis og ein i St. Paul.

Komitéstyret må ha arbeidd raskt og effektivt. Kort tid etter var oppgåva løyst: As a gift from the Norse-American women, a tapestry is to be presented to the President and Mrs Coolidge some time this spring. Teppet var laga av Kristi Sexe, a Norwegian girl, known the world over for her weaving. Ho hadde spunne garnet sjølv og farga det av plantefargar. Prisen var 1500 dollar.

Kristi Sekse Meland
Halldor Sandvin, tidlegare rektor på Framnes folkehøgskule i Hardanger, no busett i Telemark, har skrive eit hefte om kvinna som laga kopien av Baldisholteppet.
Kristi Meland (1886-1965) voks opp i Tyssedal i Odda kommune i Hardanger. Foreldra var Jakob Jørgensen frå garden Freim og Sigrid Johannesdotter frå garden Sandvin. Begge desse gardane ligg eit stykke sør for Tyssedal. Kristi vart gift første gong i 1903 med Sjur Sekse og tok som skikken var, Sekse som etternamn. Dei busette seg i Ålvik. I 1915 tok dei ut separasjon og vart skilde. Då Kristi i 1929 vart gift andre gong med Halldor Meland frå Espe, endra ho etternamnet sitt til Meland.

Etter åra i Ålvik flytte Kristi tilbake til Odda der ho leigde hus på Sandvin. I 1922 eller 1923 busette ho seg i Kvam herad (lenger nord og vest i Hardanger). Der kjøpte ho eigedomen Eikhaug, oftast kalla Vadlandshovden. Staden ligg eit kort stykke aust for Norheimsund. Frå Eikhaug hadde ho utsyn tvers over Samlafjorden mot Vikøylandet i sør, Vikøy kyrkje og Fosslid der kunstnaren Mons Breidvik budde. Mons Breidvik og Kristi Sekse (frå 1929 Meland) hadde mykje samarbeid, skriv Sandvin.

Sandvin reknar med at Kristi utvikla dugleik i spinning og veving frå barndommen av, i ei tid då spinning, strikking og veving var vanleg kvinnfolkarbeid på gardane. I ung alder gjekk ho i lære, først på Henriette Schønberg Erkens husmorskule ved Hamar og seinare tre kurs på Den kvinnelige Industriskole i Kristiania. I 1925/26 deltok på i to kurs ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. ”Mønstertegner Kristi Sexe” står det på vitnemålet hennar. Kristi var ekstra interessert i plantefarging.

Kristi Sekse (Meland) tok snart til med undervisning i kunstveving, og frå 1927 dreiv ho vevskule. I brosjyra Kristi Melands Vevstove lyste ho ut kurs som varde i 4 månader. Nyttevev, kunstvev, spinning, plantefarging og fargelære stod på læreplanen.

Kristi Meland døydde 4. desember 1965 og vart gravlagd på kyrkjegarden ved Vikøy kyrkje. Mannen ligg gravlagd ved sida. Begge gravene er varig verna og stelte med av Kvam herad.

Kristi Meland sitt Baldisholteppe
Sandvin har ikkje informasjon om kven sin ide det var å laga ein kopi av Baldisholteppet, kven som var med i prosjektet, når kristi Sekse byrja på arbeidet og når ho var ferdig. Det kan sjå ut som Sandvin ikkje hadde fullgodt kjeldemateriale å halda seg til. Sandvin skriv følgjande:

”Kristi vart peika ut til å kopiera Baldisholteppet. Ho var ferdig på Industriskulen i 1920. Dette ærefulle oppdraget må ho ha fenge tidleg i 1920-åra, sikkert etter tilråding frå skulen. Det er sagt at teikning, spinning, farging og veving tok eit halvt år. Arbeidet vekte åtgaum. Ho hadde dei fremste rådgjevarar, noko som sikkert kunne verka forvirrande. Det krov at vevaren var sjølvmedviten og sjølvstendig. Me veit ikkje om ho hadde hjelp i arbeidet, men resultatet var i alle høve hennar.”

På førespurnad opplyste Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design (som Kunstindustrimuseet i dag er ein del av) at museet at dei har ”ytterst lite” om dette, Det einaste museet hadde å senda var kopi av eit stykke i avisa Tidens Tegn, 9. desember 1925. Her går det fram at Kristi Sekse ”netop” hadde avslutta arbeidet med kopien av Baldisholteppet, og at teppet ”nu” var utstilt i ein sal i Kunstindustrimuseet der det originale teppet var hengt opp. Arbeidet hennar hausta lovord. Direktør Grosch hadde uttalt ”sig med megen varme om det dyktige arbeide.” Artikkelen avslutta med at teppet skulle sendast til Amerika ”i nær fremtid”.

Merknad: Henrik August Grosch (1848-1929, museumsmann, knytt til Christiania Kunstindustrimuseum frå starten 1876, konservator 1878 og direktør 1894-1919. Ivrig i arbeidet for husfliden. Skreiv mykje om kunst og kunstindustri i aviser og blad. Fleire publikasjonar om tekstilkunst.

I tidsskriftet Nordmands-Forbundet (Oslo) står det i nr 1-1926 at ”Baldisholtæppet, eller rettere sagt den av Kristi Sekse i Nordheimsund, Hardanger, vævede kopi” var kome til New York og sendt vidare til den norske ”ministeren [ambassadøren] ”Bryn” i Washington.

Mons Breidvik
I Frå By og Bygd-stykket går det fram at det følgde ei bok med teppet, - ei bok om Baldisholteppet skriven av ”direktør” Dedekam og eit utdrag av innhaldet på engelsk. Boka var vakkert utstyrt og innbunden av Mons Breidvik.

Mons Breidvik (1881-1950), teiknar og grafikar, vart fødd og voks opp i bygda Breivik i dåverande Brekke kommune, Sogn og Fjordane, no (2009) Gulen kommune. Breivik ligg 3-4 kilometer aust for ferjestaden Rutledal. Mons Breidvik gjekk i lære hjå Harriet Backer, Erik Werenskiold og Johan Nordhagen, og studerte og arbeidde elles fleire stader i utlandet.


 

Vinteren 1897-98 gjekk Breivik på Framnes ungdomsskule (folkehøgskule). Der møtte han Anna Heradstveit frå Kvam herad. Dei gifte seg i 1905 og fekk seks born. Kunstnarparet budde i Breidvik i åra 1905-07, på Heradstveit i Kvam 1907-10 og frå 1910 på Fosslid i nærleiken av Vikøy kyrkje. Anna døydde i barselseng i 1914. Breidvik hadde seinare tre ekteskap.
 

Mons Breidvik budde ni år i Amerika. Den 5. april 1925 gjekk han om bord i amerikabåten Bergensfjord i Bergen. Han ville prøva lukka som kunstnar på andre sida av Atlanterhavet. Hundreårsmarkeringa for utvandringa var og med i reiseplanane hans. Alt på Bergensfjord møtte han mange som skulle til Amerika for å vera med på hundreårsjubileet. Seinare møtte han fleire, mange fleire. Han var tilstades på festdagane i Minnesota i juni, der det er sagt at 60 000 menneske var tilstades. Han høyrde talen til president Coolidge og han laga eit portrett av presidenten. Mons Breidvik hadde fleire utstillingar i Amerika, og han laga fleire større arbeid. Eit monumentalarbeid finst i Grace Episcopal Church. Long Island, USA.

Breidvik kom tilbake til heimlandet og Kvam i 1936. Han døydde 15. august 1950 og vart gravlagd på kyrkjegarden ved Vikøy kyrkje.

Ideen

Det var Mons Breidvik som kom på ideen å gje Kristi Meland sin kopi av Baldisholteppet til Det Kvite Hus. Det går fram av  ei notis i avisa Scandinaven, Chicago, 25. mai 1926, signert ”H. Bryn” (den norske ambassadøren i Washington). Ambassadøren viser til ei notis i same avisa 23. april, der det feilaktig står at det var hans ide, at han og kona hadde kome på ideen etter å ha sett Baldisholteppet på ei reise til Noreg og deretter teke initiativ til pengeinnsamling. Det er feil, skriv Bryn. ”Det var Maleren Mons Breidvik (..) som fattet ideen..”

Hans Dedekam si bok Baldisholtæppe

Forfattaren av boka Baldisholtæppet, som i følgje Frå Bygd og By følgde med teppet, Hans Dedekam (1872-1928), var kunst- og kulturhistorikar. Han var direktør for Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum (frå 1908) og for Kristiania Kunstindustrimuseum (frå 1919). Boka kom ut i 1918 og var tileigna direktør H. Grosch på 70-årsdagen hans. Boka som er på 60 sider, har eit resymé på fransk og 38 illustrasjonar. Ho blei berre trykt i 300 eksemplar.

Baldisholteppet i Det Kvite Hus – historikk
Presidentfrua, Mrs. Calvin Coolidge (fullt namn: Grace Anna Goodhue Coolidge), tok vel imot kvinnene som kom med kopien av Baldisholteppet, og sa i takketalen sin at det ville koma vel med i planane hennar om å ordna med meir utsmykking i presidentbustaden. - Me får eit bestemt inntrykk av at både ho som fekk, og dei som gav, var svært godt nøgde. Og det er rimeleg å tru at ”kopien av det gamle norske Baldisholteppet” gjorde seg godt på ein av veggene. Men så kan me spørja: Kva skjedde med teppet seinare, under andre presidentfruer? Var dei like begeistra?

Melissa Naulin i Det Kvite Hus hadde svaret. I ei god utgreiing om historikken fram til dags dato, går det fram at dei har teppet. Det mæler 210,2 x 114,9 cm og er i god stand. Derimot er det litt skuffande at ho antyder at teppet kanskje aldri hang oppe på nokon vegg i Det Kvite Hus i det heile teke. Dei har ikkje prov på det. Ho skriv:

"I am afraid that the history of the tapestry here at the White House is not very exciting. We do not know if Mrs. Coolidge ever displayed the tapestry after receiving it. We have never seen it in room photographs from that period. We conduct an annual inventory og furnishing but for some reason the tapestry does not appear in the inventory until 1931, and by that time, it has already been moved to a cedar storage close to the Third Floor. The inventories indicate that it remained there until at least 1937, when it disappeard altoghether from the inventory for the 40 years. The tapestry was rediscovered in storage in 1977 and readded to the inventory. It has not been displayed since."

Men kva med boka? Medan Baldisholteppe ser ut til å vera i perfekt stand og i trygg forvaring, lukkast det ikkje Melissa Naulin åg finna ut  kva som skjedde eller ikkje skjedde med boka om teppet. I Frå By og Bygd-stykket ser det greitt ut, Dedekam si bok var med. Men var ho det? Ikkje alle kjelder er samstemde. Eit par stader står det at det følgde med eit omslag med namn på representantar for gjevaren, The Norse-American Centennial Daughters, men noko bok er ikkje nemnd. Melissa Naulin opplyser ho ikkje kan sjå at dei har ei bok om Baldisholteppet. Derimot har dei eit omslag som inneheld namn. Omslaget er dekorert med ordet Baldisholteppet som tittel, og vikingskip med kvinner om bord og Det Kvite Hus som dekorasjon. Bodskapen er lett å skjøna: Kvinner med norske røter kjem til Det Kvite Hus med ei gåve (ein kopi av Baldisholteppet). Spekulasjonar rundt dette må bli at boka av ein eller annan grunn er komen på vidvanke eller, at delegasjonen ikkje hadde med Dedekam si bok, at det av ein eller annan grunn ikkje blei noko av. Dekorasjonen er utan tvil eit Mons Breidvik-arbeid.
 

Interessant?
Til slutt kan me spørja: Er nå denne hendinga back in 1926 - at eit norsk biletteppe vart gjeve til Det Kvite Hus i 1926 - interessant? Er det noko meir enn det me i dag vil nemna som ein jippo?
 

Det kan seiast fleire ting. Hendinga var tvillaust viktig for gjevaren som det stod mange bak, og for mottakaren, presidentparet Coolidge, vil eg tru. Og det var ei gåve knytta til eit viktig innslag i den amerikanske soga, den norske innvandringa gjennom 100 år. Gåva symboliserte sambandet mellom to land, eit døme på postkortslagordet hands across the sea. Det var ei kvalitetsgåve (ein god kopi av eit stykke stor tekstilkunst i norsk og europeisk mellomalder. Og framfor alt, gåva og hendinga var ei kvinnesak. Nett dette kjem svært tydeleg fram i Breivik si teikning. Når såg me ein så feminin framstamn på ei vikingskip, og når såg me eit vikingskip med kvinner som mannskap?

Og endeleg kan me ta med at hendinga i 1926 har relevans til Sogn og Fjordane på fleire måtar. Eitt tilknytningspunkt er at eit nasjonalt klenodium som Baldisholteppet på ein måte er knytta til nasjonalt eigarskap. Alle eig ein liten aksje i det. Eit anna tilknytningspunkt er at ein av aktørane, vestlandskunstnaren Mons Breidvik, fødd og oppvoksen i Gulen, også er Sogn og Fjordane sin kunstnar. Og, ettersom gåva var eit utvandrings-/innvandringstiltak, har hendinga klar tilknytning til Sogn og Fjordane, det fylket som i høve til folketalet hadde størst utvandring til Amerika.
 

 

kjelder:

Storaas, Reidar: Vestlandskunstnaren Mons Breidvik. Selja forlag 2000.
Sandvin, Halldor: Kunstvevaren Kristi Meland I Bygdejol – gamalt frå Kvam. 2007.
Tidens Tegn, 09.12.1925.
Baldishol Committee. I Souvenir ”Norse-American Women” 1825-1925. St. Paul, Minn. 1926.
Informasjon frå:
Melisssa Naulin, Det Kvite Hus
Anita Kongssund, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo
Liv Røyneland, Kvam folkebibliotek, Norheimssund
Brita Jordal, Norsk Vasskraft- og industrimuseum, Tyssedal
Petter Naess (og fleire andre), Den amerikanske ambassade, Oslo
Inger Dyrnesli og Oddmund, Kinsarvik bibliotek
Dag Sæverud, Voss folkemuseum
Reidar Storaas, Nesttun
Halldor Sandvin, Bø i Telemark
Annlaug og Martin Bjørke, Øystese

PERMANENT IDENTIFIKATOR