Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 22. januar 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Ragnar Vigdal - berar av religiøs songtradisjon



Ragnar Vigdal er mest kjend som folkesongar og som berar av det gamle lekfolket sin songtradisjon. Han representerer tradisjonen etter Hans Nielsen Hauge og Haugerørsla, som tidleg voks seg sterk i indre Sogn.

Ragnar Vigdal (1913 - 1991) vert rekna blant dei beste folkesongarane i Europa i nyare tid. Her sit han utanfor Nordens Hus på Færøyane i 1985.

Ragnar Vigdal (1913 - 1991) vert rekna blant dei beste folkesongarane i Europa i nyare tid. Her sit han utanfor Nordens Hus på Færøyane i 1985.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1985.

Fotograf: Jon Moberg.

Oppvekst, yrke og interesser

Ragnar Vigdal (1913-1991) vart fødd på garden Vigdalsli i nedre Vigdal, ein sidedal til Jostedalen. Foreldra hans var gardbrukarar, og her budde han til 1944. Då flytte han og kona Ingeborg og sonen Klaus til Gaupne, der dei budde sidan.

I Vigdalen dreiv han som smed og som gardbrukar heime på farsgarden. Smedyrket gjekk i arv frå far til son i fleire generasjonar, og Ragnar Vigdal var kjend som ein dyktig smed. Elles hadde han ein allsidig yrkesbakgrunn: snikring, treskjering, mekanikar- og reparasjonsarbeid av mange slag.

I tillegg var han ein kulturpersonlegdom med eit omfattande interessefelt. Han skreiv mange dikt, og i tillegg til religiøs folkesong, var han òg ei god kjelde for folkevisetradisjonen. Han lærte tidleg å spele hardingfele, og allereie før han var 30 år laga han si eiga hardingfele. Seinare laga han ein god del fleire hardingfeler.

Religiøs songtradisjon

Ragnar vaks opp og fekk si opplæring i denne tradisjonen blant det gamle lekfolket, og han var sjølv ein representant for miljøet. Luster var eit senter for Haugerørsla frå tidleg på 1800-talet, og tradisjonen frå Haugetida har halde seg sterk i Luster til langt fram på 1900-talet og heilt opp mot vår tid. Vigdal var ei god kjelde til kunnskap om det gamle lekfolket sin songtradisjon, og merka seg ut ikkje berre som ei av dei beste kjelder i vårt eige land, men òg internasjonalt. I det internasjonale forskarmiljøet vert han rekna blant dei beste folkesongarane i Europa i nyare tid.
Han var sterkt medviten om den gamle songstilen og korleis songane skulle syngjast rett slik dei var overleverte frå dei gamle. Opplæringsmiljøet hans var framfor alt heimen og foreldra som var flinke songarar. I barndomsheimen var det mykje song, både til dagleg og når lekfolket samla seg til møte der. Det var viktig for han å halde dei songane i hevd og føre dei vidare til yngre generasjonar.

Haugianismen i Luster og songen

Luster var senter for haugianismen i Sogn. Hans Nielsen Hauge og arven frå han har stått sterkt i tradisjonen blant lekfolket her, heilt frå den første gongen Hauge kom til Luster i 1802. Lekfolket la vekt på å følgje dei haugianske ideala. Haugerørsla og lekmannsrørsla etter Hauge si tid har vore svært viktig for oppblomstringa og utbreiinga av den religiøse folkesongen. Ved husandakt og andre private samlingar i heimen og på oppbyggjelege samlingar hadde songen ei heilt sentral rolle og fekk der rike vekstvilkår. Brorson sine tekstar var sentrale. I tillegg vart lokale tekstforfattarar mykje brukt, fleire av dei var frå Luster og Hafslo. Ein kan til dømes nemne Kristi Gjerseggen Morken (1773-1864) frå Fortun, bonde og lekpredikant Erik Venjum (1817-1887) og lekpredikant Ivar Venjum (midten av 1800-talet).

Tradisjonen kan fortelje om flinke songarar og om songen sin innverknad på menneskesinnet. Det som kjenneteiknar songen i songtradisjonen er den rolege, melismatiske songen si evne til å gripe folk og gjere teksten levande. Fleire av forkynnarane var òg gode songarar. Såleis kan ein nemne far til Ragnar Vigdal, Klaus Vigdal, og Hans Nes, som reiste i lag på forkynnarferder mange stadar.

Opplæring og vidareføring

Ragnar Vigdal dreiv mykje med opplæring. Særleg var det dei unge, både frå Luster og Sogn elles, og frå andre kantar av landet som var interesserte i å lære. Som Ragnar Vigdal var kjelde både som songar og til kunnskap om songtradisjonen, er han sjølv ein som det knyter seg mykje tradisjon til.

Ein del av repertoaret til Ragnar Vigdal har ein fått bevart for ettertida. Arne Bjørndals Samling i Bergen har gjort eit stort arbeid med å samle inn og gjere opptak av materialet, og i samlinga finst det nærare 300 einskildnummer etter Vigdal. I tillegg er det gjeve ut fleire kassettar, plater og CD'ar med Ragnar Vigdal, samt ein lærevideo til bruk i opplæringsarbeidet.

kjelder:

Gjertsen, Ingrid: Ragnar Vigdal, songar og tradisjonsberar. I Bjørgvin kyrkjehistorisk årbok. Utgjeve av Kyrkjesogelaget. Bergen, 1991.

Diskografi (utdrag):
Vigdal, Ragnar: Tonereise til ei gamal samtid (1979). Kirkelig Kulturverkstad 1979. (+ CD 1998).
Fedrearv. Ragnar Vigdal, song. Kassett.
Det vårast på ny. Ragnar Vigdal, song / Knut Buen, hardingfele.
Jygri sit på Jutulaberg. Ragnar Vigdal og songen hans. Lærekassett og hefte. Sogn spel- og dansarlag 1987.
Grasrotkultur. Song og dikt av Ragnar Vigdal. Kassett.
I trumål. Ragnar Vigdal, Sondre Bratland, Asbjørg Ormberg. Buen Kulturverkstad, 1990.
Dei gamle tonar e so fine. Ragnar Vigdal, song. Lærevideo. Arne Bjørndals Samling 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR