Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. februar 2014

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Grunnlovsjubileum – 1814 i Jostedal prestegjeld



1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, stortingsval og union med Sverige. - Jostedal prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars. Om hausten var kyrkja vallokale for andre gong.

Vallokale 1814, Jostedal kyrkje og prestegarden (prestebustaden) kring 1900.

Vallokale 1814, Jostedal kyrkje og prestegarden (prestebustaden) kring 1900.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: ca 1900.

Fotograf: Nils Olsen Reppen

 

''O Himmel ..!''

Sommaren 1806 var 1814-biskopen i Bergens stift (frå 0000 Bjørgvin bispedømme), Johan Nordahl Brun, på visitas i Jostedal. Biskopen var ikkje særleg begeistra, verken for vegen eller dalen. I visitasmeldinga skriv han om turen frå Dale i Luster fram til prestegarden i Jostedal:

'' .. 5te [juli] fra Lyster Kl. 6 ½. O Himmel hvilken Vei. Vi maatte gaae ¾ af disse saa kaldte 3 miile og kom først til Justedahls Præstegaard Kl. 6 ½ om Aftenen. Saa træt havde Jeg aldrig været. Her er jammerligt stygt. Elven selv er leergraa af Vandet fra Bræen.''

Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Jostedal brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «opplyste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Jostedal prestegjeld 1814

År 1814 var «Justedal Prestegjæld» eitt av 21 prestegjeld i Nordre Bergenhus Amt. Det omfatta dalen frå og med Myklemyr. Med eitt sokn og ei kyrkje var Jostedal prestegjeld det minste prestegjeldet i fylket. Det var og det einaste prestegjeldet utan grense til sjøen. Jostedal hadde fleire ferdslevegar til omverda: i nord over Jostedalsbreen til Nordfjord, og over fjellet Handspiki austover til Skjåk, i sør ein veg om Vigdalen og ned til Døsen i Luster, og ein veg ned dalføret over Haukåsen til Røneid.

Jostedal prestegjeld hadde skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar av 1739/1741 og 1755. I 1814 hadde Jostedal lensmann saman med Luster. Hans Olsen Bringe var lensmann i åra 1808-1816. I heile landet fanst eit skyssvesen for embetsmenn og ei transportordning for post.

Kyrkja var vallokale

Kyrkja i Jostedal var vallokale i det første valet på nasjonalforsamling i Noreg. Jostedals-kyrkja er ei langkyrkje frå 1660 med 120 sitjeplassar, og er ei av sju kyrkjer i fylket bygde på 1600-talet. Då kyrkja runda 350 år i 2010, kom det ut jubileumsbok; Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år.

Soknepresten i Jostedal

Sokneprestane hadde på fleire måtar ei hovudrolle i 1814. Holger Halling Schjødt var sokneprest i Jostedal i åra 1812 – 1819. Han budde i prestegarden Breum (Bruheim), tett attmed kyrkja. I Jon Laberg si bok Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der (1948), står det:

(…) prest i Jostedal frå 1812 til 1819. Han var fødd i Helsingør i 1776 og vart kandidat i 1803. I Jostedalen var han prest frå 1812 til 1819, då han flytte til Lexviken [Leksvik]. Seinare kom han til Holtålen, der han døydde i 1859. Kona hans var Lovise Wiberg frå København [vart gift 00.08.1814]. Av dei 5 borni deira var Simon Peter den eldste og var overrettssakførar i Oslo.
Presten Schjødt var mykje sjukleg og i sine yngre dagar noko brålyndt. Det vert fortalt i bygdi, at presten ein dag kalla paktaren sin ein «krok», Ja, men so har eg og ein krok å dragast med, svara paktaren. Ein får som ein tokke av [aning om] at dei kunde ha det hyggeleg frå båe sidor. Sikkert er det at Schjødt var ein mykje avhalden mann i Jostedalen. Serleg vart han umtala som ein rettskaffen mann.

18. mars 1814 i Jostedal

Vi veit lite og ingenting om korleis valet føregjekk. I kyrkjeboka for Jostedal 1807-1837 står innført:

«Den 18de Marti holdtes Bededag i Anledning af Hans Kongel. Høyhed Prins Regentens Regjerings Antagelse og blev Almuen tagen i Eed, tillige aflagde jeg selv Eed.»

Innførsla har med at «Almuen», folket, avla eid. Det går og fram at presten sjølv avla eid. Det er spesielt. I følgje skriv frå «Norges Regent» av 19. februar skulle «Præsten» ta «Folket» med i ein førskriven eid. Det står ingen ting om at presten sjølv skulle avleggja eid. Vi kjenner ikkje til at andre prestar i Nordre Bergenhus gjorde noko tilsvarande.

Underskriven adresse og fullmakt

Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre» på bededagen og valdagen i mars 1814, og det var presten som forfatta og sette opp fråsegna (adressa) til Regenten. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet og utsendingane avleverte fråsegna på amtsvalmøtet. Alle fråsegnene vart i neste omgang tekne med til Eidsvoll og avleverte til Regenten. Fråsegna frå Jostedal prestegjeld har denne ordlyden:

«Allernaadigste Regent

Har den blotte Tanke, at underkastes det svenske Aag, stedse været Nordmanden ubehagelig, kunne Deres Kongelige Højhed vist ikke viset dette, saa betrængte Folk større Naade, end at ville hævde dets Selvstændighed,og tilbagegive det sin tabte Fred og Velstand; allerunderdanigst vove vi derfor at aflægge vores Taksigelse for denne Deres Kongelige Højheds allerhøieste Naade.

Til Menighedens Representantere have vi, efter Allerhøjeste Befaling, allerunderdanigst udvalgt, og hermed befuldmægtiger velagte Rasmus Larsen Faaberg og Tøger Larsen Krone [Kronen].

Gud! I hvis Haand Deres Kongelige Højhed har overgivet Deres og Norges retfærdige Sag, tage den i sin naadige Varetegt, og velsigne Dem og Folket.
Justedal, d. 18de Martz 1814

Allerunderdanigst
Schiødt
Johanes Bierch
Tiur Breum [Siur]
Tøger Kronen
Rasmus Faaberg
Alle med egen Haand; men følgende med paaholdt Pen
Hans Hellegaard
John Snethun
Erik Kjervig
Erik Aasen
Otte Mjelvær
Claus Elvekrogen
Per Snethun
Knud Kjervig
Til Hans Kongelige Højhed Norges Regent

Dei to valmennene frå Jostedal

Ei rettesnor for valet på valmenn var at minst ein skulle vera bonde. Jostedal valde to bønder, og dei to valmennene var:

  •  «Rasmus Larsen Faaberg». Det står om han på side 693 i Lars Øyane si Gards- og ættesoge. Jostedal sokn. Rasmus Larsson Fåberg, frå garden Kronen, fødd 1777, døydde som gardbrukar på nedre Fåberg i 1825. Han var gift med Martha Olsdotter, opphavleg frå Grov. Dei hadde ni born.
  • «Tøger Larsen Krone». Det står om han på side 822 i Lars Øyane si Gards- og ættesoge. Jostedal sokn. Tøger Larsson Kronen, frå garden Kronen, fødd 1774, døydde som kårmann på Kronen i 1854. Han var gift med Gjertrud Andersdotter frå ytre Eikum i Hafslo. Dei fekk fem born.

 

Dei som skreiv under

 Eidsvolls-fullmakta frå Jostedal er underskriven av 12 menn; ein embetsmann (presten) og 11 andre. «Johanes Bierck» er etter alt å døma Johannes Asbjørnsen Bjerk (1751-1833), klokkar og gardbrukar. Ingen er oppførde med yrkestittel. Det er rimeleg å gå ut frå at alle utanom presten var bønder, som vil seia ca 92 %. Det er godt over amtet under eitt, med kring tre fjerdedeler (75%). Elles finn me namn frå heile dalen utanom Myklemyr, lengst nede. Krundalen er godt representert med fire underskrifter. Åtte står oppførde med «paaholdt Pen».

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow var dansk embetsmann og budde ei tid på Askelund i Balestrand i dåverande Leikanger prestegjeld. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow
 

 Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

  • Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
  • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (SogndaL, Indre Sogn sorenskrivardøme).
  • Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)
     

Merknad: Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer (menig) Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

«Taksigelsesfest»

Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til Noregs konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»

Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut kongeleg «Rescript» til «Rigets Biskopper» om takke- og bønnefest. Det nådde også fram til Jostedal. På fjerde søndag etter «trinitatis» (4. juli i 1814) står det notert i kyrkjeboka:

«Denne Søndag holdtes Taksigelsesfest i Anledning Hs Majestet aller.. Kong Christian Frederiks Tronbestigelse.»

Ny amtmann

Konstituert amtmann, futen Rasmus Endresen, busett i Balestrand, styrde amtmannsembetet frå Treschow gjekk av våren 1814 til ny amtmann, Christian Magnus Falsen (betre kjend som Grunnlovens far, enn som amtmann i Nordre Bergenhus amt), tok over embetet ca 20. oktober. Falsen styrde embetet frå Bergen.

Val til omframt storting om hausten

Riksforsamlinga på Eidsvoll fastsette at det første «ordentlige Storting» skulle koma saman «første Søgnedag [yrkedag]» i februar 1815. Nederlaget i august skipla dette. Vi fekk eit storting hausten 1814, eit omframt storting (overordentlig eller ekstraordinært storting). Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august fastsette at eit storting skulle koma saman «den sidste Dag i September, eller (…) en av de første 8 Dage af October.» Reskript av 16. august fastsette dato og stad: Christiania, 7. oktober.

Valet til omframstortinget var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga. No førelåg det valmanntal. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova, paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. I Nordre Bergenhus skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede"; 0-100, ein valmann, 100-200, 2 valmenn osb.

I Jostedal vart det halde val på valmenn 15. søndag etter «trinitatis» (18. september) og soknepresten noterte i kyrkjeboka:

«De Stemmeberettigede valgte Rasmus Hansen Heljegaard til at møde som Repræsentant paa Wigøren i Anledning af et extraordinairt Storting som skulde holdes 7de October i Christiania.»

Representantar på omfram-stortinget

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget.

Dei første stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane:

  1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn.
  2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
  3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
  4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Kunngjering og takk

Kyrkjeboka for soknepresten i Jostedal har to innførsler om dei rikspolitiske hendingane hausten 1814. Den eine gjeld det andre kongevalet i 1814, den andre ein «taksigelse» for «Fred» og union med Sverige. Sokneprest Schiødt noterte:

1814: «3. Sønd i Advent [11. desember] Oplæst Statsraadets Kundgjørelse om at have valgt den svenske Konge Carl 13 til Norges Constitutionelle Konge !!!»

1815: «Nyeaarsd. Taksigelse for Fred og Norges Forening med Sverrig.» (Reskript frå «den norske Regjering», 24.11.1814)

kjelder:

Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914
Laberg, Jon: Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. 1948
Øyane, Lars: Gards- og ættesoge. Jostedal sokn. 1994.
Love og Anordninger m.v.: 1814-1831.
Øvregard, Kåre, o.fl.: Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år

Digitalarkivet. Soknepresten i Jostedal: Ministerialbok 0000-0000