Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Torheimstøylen



Torheimstøylen ligg høgt på fjellet med bratte fjellia nedanfor. Høgd ca. 805 m o.h. Dette er stølen for Torheim, gard nr. 94 i Gloppen. Stølen er i dag ryddig og fin med 2 sel og 2 fjøs. I tillegg restar etter hustufter noko ovanfor husa i dag, kanskje etter tidlegare stølshus.

Torheimstølen med Bøafjellet bak.

Torheimstølen med Bøafjellet bak.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Stølsråsa frå tunet er svært bratt og vanskeleg å gå. Gangtid om lag ein time. Mange reiser nok i dag med bil til Utvikfjellet og tek råsa mot Støyvastøylen med siderås til Torheimstøylen.

Bruk av stølen

Kjell Råd (Støylar i Breim): "Gyda Torheim, født 1911 på bnr. 2, fortel: Stølen ligg solvend til beint ovanfor garden Torheim. Høgd over havet er 805 m. Båe dei to gardane hadde sel og fjøs. Like eins hadde Erkebruket(bnr.3) på Støyva sel saman med oss, og eige fjøs på vår støl. Det hadde seg så at då bestefar skulle byggje nystove så hadde han for lite material. På Erkebruket hadde dei laga til tømmer til sel. Så fekk bestefar dette tømmeret mot at dei frå Erkebruket på Støyva skulle få bu i vårt sel. Både sela og fjøsane er bygt på svaberg med fin utsikt mot Vora og Bøafjellet. Frå stølen kan ein ikkje sjå ned i dalen. Men frå ei høgd innanfor stølen som heiter Fjellsenden, kan ein sjå heile Myklebustdalen."

Stølsbeitet for Støyva/Bjørnarheimstøylen og Torheimstøylen låg opp mot Skaveggene og grensa til Utvik. "Bortestøylen" er eit gamalt namn for Støyva/Bjørnarheimstøylen og "Frammestøylen" for Torheimstøylen. Det siste sikkert av di Torheimstøylen ligg ca 1 km lenger nede eller framme, men elles i same området. Tida på stølen følgde truleg Støyvastøylen. Altså om lag seks veker i tida 10. juli til 24. august. Det vart slutt kring 1950.

Nokre fakta

Torheim, gard nr. 94, Breim sokn, hadde 2 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR