Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kyrelvi i Vik



Kyrelvi er namnet på elva som renn nedover fjellsida like før ein kjem til Vik frå Vangsnes. Elva kastar seg utfor den bratte fjellsida og kan haust og vår vera svært stor, men om sommaren så å seia utan vassføring. Ved Kyrelvi har det vore eit sagbruk.

Kyrelvi renn ned fjellsida frå Seimsfjellet. Då dette biletet vart teke seinsommaren 1999, var det svært lita vassføring. Men vår og haust kan det vera svært mykje vatn i elva. Midt på sommaren kan det vera heilt turt.

Kyrelvi renn ned fjellsida frå Seimsfjellet. Då dette biletet vart teke seinsommaren 1999, var det svært lita vassføring. Men vår og haust kan det vera svært mykje vatn i elva. Midt på sommaren kan det vera heilt turt.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1999.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Sagbruk

Ved Kyrelvi var det eit sagbruk frå siste halvdel av 1700-talet eller frå dei fyrste tiåra på 1800-talet. Sagbruket høyrde til eitt av bruka på Seim. I skøyter og skulddelingar frå 1832 og 1848 er sagbruket nemnt.
Då Ole Andreas Hopstock (1815-1870) kom til Vik i 1847 og kjøpte hotellet, kjøpte han og sagbruket ved Kyrelvi. Det var då ei oppgangssag. Hopstock bygde nye bygg og flytte dei nærmare sjøen. Oppgangssaga vart skifta ut med sirkelsag. Saga vart driven av eit vasshjul. Det var bygt to demningar oppe på Seimsfjellet, ved Kyrvatnet og Kongsvatnet. Hopstock måtte reparera demningane på fjellet. Det var eit stort arbeid då det var lite mørtelsand å finna der. Sanden måtte kløvjast frå bygda. Vatnet vart sleppt på når ein skulle saga, og då måtte ein mann opp for å opna og stengja. Det vert sagt at vedkommande ofte overnatta oppe på Seimsfjellet. I år 2000 er alle spor etter sagbruket borte. Bygningane vart rivne på 1930-talet.

Avtale frå 1888

8. september 1888 vart det skriven ein avtale med 8 gardbrukarar i Feios om Hopstocks rett til vatn frå Feioselvi til Kongsvatn og Kyrvatn-vassdraget: "Vi underskrevne 8 gaardbrukere erklærer at have inngaaet følgende overenskomst med landhandler J. K. Hopstock ang. leie og avstaaelse av den saakaldet Feioselv der kommer fra Rambærfjeldet, gaar forbi gaardene Aafedt og Berdal og disses sætre saaledes at H. skal have rett til at tage elven ned i sine vandbasin på Seimsfjeldet naar han finner det forgodt, dog skal nevnte gaardbrugere i slaattetiden have tilstrekkelig vand til drift av sine slibestene samt til de på gaardene tilhørende kværne i den tid formaling foregaaer av det til brugene fornødne mel. Som betaling herfor har Hopstock at erlegge aarlig til hver av de nevnte gaardbrugere 2 kroner der betales hver høst og senest inden aarets udgang."

Blikkfang

Kyrelvi er eit blikkfang i Vik, der den stupbratte elva ligg godt synleg like ved Vetløyri. Ein legg best merke til elva når ein kjem til Vik frå Vikafjellet eller når ein oppheld seg i Vik. Kjem ein køyrande frå Vangsnes merkar ein seg elva når ein passerer ho. Kyrelvi kjem frå Kongsvatnet på Seimsfjellet. Kyrelvstupet som det heiter på toppen, ligg ca. 550 moh. Kyrelvstupet er eit mykje nytta turmål for vikjene. Det er flott utsikt over Vik. Men der er og svært bratt slik at ein føler at ein ser rett ned på riksveg 13.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hopstock, Ole Andreas: Hopstock-familien i Vik. I Årbok frå Vik Historielag. Vik i Sogn 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR