Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Øen-huset i Vik



Øen-huset er eit toetasjes våningshus i sveitsarstil som ligg like ved riksveg 13 i Flatbygdi i Vik. Huset har fått namnet etter lensmann Anfin Øen (1868-1928) som budde i huset.

Eldste Øen-huset bygt 1887-88, huset brann ned i 1898. Attmed hesten står  oberstløytnant Solem som leigde huset. Det var eit flott hus med velstelt hage. Endre J. Tryti (1862-1946), som bygde huset, står til venstre. Huset har mange utskjeringar og dreidde stolpar. Det er stakittgjerde rundt heile eigedommen.

Eldste Øen-huset bygt 1887-88, huset brann ned i 1898. Attmed hesten står oberstløytnant Solem som leigde huset. Det var eit flott hus med velstelt hage. Endre J. Tryti (1862-1946), som bygde huset, står til venstre. Huset har mange utskjeringar og dreidde stolpar. Det er stakittgjerde rundt heile eigedommen.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-94246.0040.

Datering: 1888-1898.

Fotograf: N. O. Reppen.

Utsjånad

Huset har trekk både frå sveitsarhus og dragestilhus. Det har bratt tak med stort takutstikk, dekorasjonar, dreidde stolpar, stort inngangsparti, store vindauge, utbygd gavlfløy og tre verandaer. I tillegg er der fin hage med grusgangar og planter.

Fyrste huset brann

Det har vore to "Øen-hus", men det fyrste huset brann ned og eit nesten identisk hus vart bygt oppatt. Det var snekkar Endre J. Tryti (1862-1946) som bygde begge husa. Endre bygde fyrste huset for å leiga bort til offiserar på Viksmoen. Det var fleire som gjorde som Endre - bygde hus og leigde dei bort. Endre reiste så til Amerika i 1888, kom att og bygde nytt hus i 1899, reiste att i 1902, og kom att for godt i 1913.
Fyrste huset vart bygt i 1887 og 1888. Branntakst vart halde 9. april 1888. Taksten vart på 6000 kr. Men huset fekk stå berre i 10 år, 27. april 1898 brann huset ned. Hovudbygning, depot, hestestall og uthus brann ned i løpet av 1 ½ time. Alt innbu og lausøyre som var assurert for 12000 kr, strauk og med. Det var oberstløytnant Solem som då budde i huset.

Nytt hus

Endre bygde oppatt huset, nesten heilt likt det fyrste, men noko større. Det eldste huset hadde to vindauge mot vest og i gavlen. Høgda og takkonstruksjonen var heller ikkje heilt lik. Branntakst på det nye huset og verkstadbygning vart halde 3. mars 1900, taksten vart på 8500 kr.
Ekserserplassen Viksmoen i Vik vart lagd ned i 1898. Huset kunne ikkje lenger leigast bort til offiserar. Det vart lensmann Anfin Øen som fyrst leigde huset, og seinare kjøpte det. Øen var lensmann i Vik frå 1897 til 1928. Han var svært aktiv i styre og stell i bygda.

Lodda bort

Då huset var nybygt i 1900, prøvde Endre å lodda bort huset. I juli 1900 handsama heradsstyret i Vik "andragende fra snedker Endre J. Tryti om anbefaling af hans ansøgning om at faa bortloddet sin eiendom". Heradsstyret vedtok samrøystes: "Heradstyret giver ansøgningen sin bedste anbefaling".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Notis i Sogningen 1898.
Foto med tekst i Biletbok frå Vik, side 34-36. Vik i Sogn 1995.
Sæbø, Arne Inge: Anfin Øen 1868-1928, lensmann og stortingsmann. I Pridlao, s. 3-6, nr. 3, 1999. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Sæbø, Arne Inge: Endre J. Tryti 1862-1946. I Pridlao, s. 59-60, nr. 1, 1989. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Vik Lokalhistoriske Arkiv:
Vik kommunearkiv. Branntakstprotokollane for Vik, 1888, 1900.

PERMANENT IDENTIFIKATOR