Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Tønnefabrikk på Kviteneset



Ei av dei mest typiske næringane i Dalsfjord-området var bøkringa. Medan bøkringa før 1900 i hovudsak fann stad omkring på gardane, skjedde det rundt århundreskiftet ei dreiing i tønneproduksjonen mot fleire fabrikkar. Ein av desse var tønnefabrikken på Kviteneset i Bygstad.

Kviteneset sett frå sjøen. Til venstre på biletet ligg bygningen som var tønnefabrikk, og seinare vart båtfabrikk. Det store kvite huset vart ei tid brukt til hotell - Bygstad Hotell.

Kviteneset sett frå sjøen. Til venstre på biletet ligg bygningen som var tønnefabrikk, og seinare vart båtfabrikk. Det store kvite huset vart ei tid brukt til hotell - Bygstad Hotell.

Eigar: Knut Berge / Fylkesarkivet, SFFf-97054.0002.

Datering: 1969.

Fotograf: Ukjend.

Tønnefabrikk

I 1897 vart Kviteneset kjøpt av Ivar og Knut Berge. Dei starta opp med bøkring på staden, noko som skulle danne grunnlaget for den vidare næringsverksemda til Berge-karane. Som eit resultat av aktiviteten på Kviteneset byrja Fylkesbaatane å gå inn dit frå 1930-åra.
Tønnene vart laga i ulike storleikar alt etter føremålet dei skulle brukast til. Tønner og dunkar var noko som dei fleste laga og brukte som betalingsmiddel i ei tid då pengane var lite utbreidde. Ein sa at ein betalte med trepengar.

Gullalder under første verdskrigen

Det var under første verdskrigen (1914-18) at det vart fart på tønneproduksjonen. Desse åra skulle bli ein gullalder for bøkkerverksemdene i Dalsfjorden. Det var då stor etterspurnad etter sildetønner, for England kjøpte opp saltsild og lagra den her i landet, truleg for å hindre at motparten skulle få tak i den. Dei som før kunne dette yrket, tok seg arbeid på fabrikkane fordi dei nye maskinene gjorde arbeidet lettare. Ein kunne lage fleire tønner om dagen enn om ein sat heime utan maskiner.
Denne veldige aktiviteten gav god sysselsetjing. I 1917 er 100 personar registrerte med bøkring som yrke i Bygstad. Ut frå skattelista for dette året var det folk som heldt til i Bygstad og nedre deler av Sandasoknet som hadde arbeid i bøkringsbuene på Bjørvikstranda, på Kviteneset og i Svædene. Men bøkringa heldt også fram på gardane.

Liv og røre

Bøkringa førte til liv og røre som det aldri hadde vore i Bygstad tidlegare. Det kom og gjekk farty heile tida med tønnematerialar og tønner. På hamna i Svædene kunne det ligge opp til 20 båtar på same tid:
"Dampere, motorfartøier, jægter og lægtere, som losset stav og baand eller lastet tønder. Det avsendtes tøndelaster optil 10 a 12 tusen tønder paa en kjøl."
Bygstad kunne då nesten reknast som ei industribygd. Alle som ville kunne få arbeid, her tok dei inn både "fant og fagna" som dei kalla det. Såleis arbeidde det både steinarbeidarar, smedar, slaktarar, blekklagarar, urmakarar, bakarar, handelsbetjentar og fiskarar i tønneindustrien. Med mange arbeidarar utan røynsle frå bøkring, måtte kvaliteten ofte bli deretter. Likevel hadde Bygstad ry på seg for å ha gode produkt, noko som gjorde at denne industrien kunne ha god inntening. Arbeidarane tente godt. Desse åra representerte eit kunstig høgt prisnivå; i ein periode i 1916 vart det betalt opp til 12-13 kroner per heiltønne. Eit slikt Klondyke førte til at "Alle mand tænkte paa Tønder". Før krigen var det mange gardbrukarar som hadde sete i heller små kår og med ein god del gjeld. Men på desse få åra greidde mange å betale gjelda si og til og med legge seg opp pengar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band III. 1995.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band VI a. 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR