Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kommune

Flaumen i Vetlefjorden i 1820



Vetlefjorden er ein lang og smal dal. I fjellet bak ligg breen som heile året sender smeltevatn nedover dalen. Til vanleg går dette pent og pynteleg føre seg. Men breen har fleire gonger fare stygt fram i Vetlefjorden, og påført folket tunge økonomiske tap.

Flyfoto av dei fremste bruka på Langeteig. Elva renn like ved garden, og flaumen øydelagde i alt 35 mål åker og slåttemark på Langeteig

Flyfoto av dei fremste bruka på Langeteig. Elva renn like ved garden, og flaumen øydelagde i alt 35 mål åker og slåttemark på Langeteig

Eigar: Johan Ottesen.

Datering: 1957.

Fotograf: Telemark Flyfoto.

Breane var større

Kring 1800 låg det brearmar langt nedover dalane kring Jostedalsbreen. Slik var det òg i Vetlefjorden. Oppe under Jostefonn ligg Skadalsvatnet. Fjellet her heiter Brefjellet. I dag renn elva or Skadalsvatnet uhindra i veg mot Breelva og tømmer seg seinare i Vetlefjordselva. I 1820 låg brearmen der og truga med å stengja. I åra før 1820 hadde det hendt fleire gonger at is frå vatnet om sommaren eller isblokker som var kalva frå breen, hadde demt opp elva i dette området. Når demningen så brast hadde svære mengder vatn brote seg veg nedover dalen.

Elva gjekk turr

Fram mot midten av juli 1820 gjekk Vetlefjordelva mest turr. Då skjøna folk i dalen at isen hadde tetta att løpet på eitt eller anna vis ved Brefjellet eller i Skadalen. Mest ei veke gjekk. Elva var framleis mest turr. Då skjøna folk at det kunne verta storflaum. Framme i dalen ligg stølen Hovden. Her gjekk dyra på beite tett inn til elvefaret. I vente på flaumen forsøkte dei no å halda dyra borte frå elva. Oppe ved Skadalsvatnet steig vatnet meir og meir. Breen hadde kalva og store ismassar stengde for elva. Men vatnet pressa på og brått braut det isen til sides.

Breane var større

Vatnet fossa nedover og skar seg innunder bretunga. Lenger nede kom det ut att med ofseleg fart og kraft og nærma seg fjellstølen Hovden. Folk hadde freista å halda dyra unna denne kvelden, men mange hadde trekt inn att mot elva. 28 av desse vart no tekne av flaumvatnet og drukna. Hermund Johannesson Langeteig miste ein okse, 14 kyr og ei kvige. Etterpå hadde han att berre ei ku. Sjur Johannesson Langeteig miste heile buskapen sin, 8 kyr og 2 kviger. Flaumen nærma seg no bygda. Ein mann i dalen hadde den 19. juli vore ute på bøen. Då han kom inn att om kvelden, sa han at no kan flaumen berre koma. "Det står berre att ei gamal rive borte i Øyane" (ved elva). Det første han såg neste morgon var bjøllekua si som kom drivande i elva.

Flaumen når bygda

Flaumen nådde først Mel. Her skola den bort jord i slåttemarker og på åkrar, øydela to kvernhus og la att sand og grus på markene. Folka på Langeteig fekk sand og grus i store mengder spreidd utover på bøen og åkrane. Eit kvernhus forsvann og fire løer fór same vegen. På Rendedal miste dei ei kvern og to løer. Nesten mogna korn vart rive bort, husa på garden var òg ei tid i stor fare. Så langt hadde elles flaumen rive bort store mengder osp, bjørk, furu og or som stod inn mot elva på båe sider.
Garden Feten vart hardast råka. Halvdelen av bøen vart riven bort eller nedøyrd av stein og grus. Store deler av åkeren fór same vegen. Flaumen braut seg gjennom bjørk- og seljeskog, og reiv med seg ei smie og ei kvern. På Feten miste dei mykje reiskap og utstyr. Husa på garden var ei tid truga. Mykje korn og gras vart øydelagt. På Eiki vart skadane mindre, men også der forsvann avling på rot, matjord og skogsverdiar. I tillegg til dette øydela flaumen fem bruer. Desse var kosta og bygde av folk i Vetlefjorden i felleskap. I 1820 var Vetlefjorden langt meir skogvaksen enn i dag, og flaumen øydela skog for store verdiar.

Brev til futen

Flaumen denne julinatta øydela mykje for bøndene i dalen. Det vart gjort varig skade på jord og jordsmonn. Folk i Vetlefjorden skreiv no brev til futen på Askelund. Dei ville ha takst og deretter nedsett skatt på gardane. No kunne dei ikkje produsera det same som før flaumen. Skattereduksjon fekk dei, og det samla arealet som vart øydelagt, vart rekna slik: Langeteig 35 mål, Rendedal 48 mål, Meland 68 mål, Feten 80 mål og Eiki 42 mål.

Naturen truga dei

Folk fortel i dag at flaumen fylte fjordarmen inn til Vetlefjorden med tre så ein mest kunne gå over. I det flaumen reiv med seg eit kvernhus, kilte ein stokk seg inn i auga på kvernsteinen slik at han heldt seg flytande. Seinare vart kvernsteinen funnen att på Farnes. I åra før 1820 hadde folk i dalen opplevd fleire slik flaumar, men denne var den verste. I brevet til futen skreiv dei òg om andre vanskar. Om vintrane var folk og bygningar truga av snøskreder. I turre somrar visna kornet. I år med dårlege somrar og tidleg haustkulde vart ikkje kornet moge. Brearmen i dalen førte til tidleg kulde, og snø og frost kunne då øydeleggja avlinga.
Seinare på 1800-talet vart Vetlefjorden på nytt råka av ymse flaumar og skreder. Etter desse hendingane byrja folk å halda auga med det som skjedde oppe ved Skadalsvatnet. Så seint som i 1890 vart det sendt folk fram for å sjå om det var noko gale i emning. Etter som breen trekte seg attende, minka faren.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand 1991.
Intervju med eldre folk i Vetlefjorden.