Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 19. februar 2019

Kategori

Kommune

Gamlevegen Mjølver - Bjørnstegane



Frå Mjølvergrendi, bygda ved Breheimsenteret, gjekk det frå gammalt av ferdselsveg framover dalen på vestsida av elva - til stølen Bjørnstegane. Vegen vert lite brukt no, men han er framleis godt synleg i terrenget. Magda Bukve tek oss i dette stykket med på ein tur på gamlevegen frå Mjølver til stølen Bjørnstegane. Ho brukar i-form.

To av sela på stølen Bjørnstegane i Stordalen, som ligg eit stykke heimom Fåbergstølen.

To av sela på stølen Bjørnstegane i Stordalen, som ligg eit stykke heimom Fåbergstølen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Gammalt stabbur

Me startar turen vår frå Mjølver som er hovudbruket i grendi. Det første auga vårt fester seg ved er eit gammalt stabbur som vart bygd først på 1800-talet. Stabburet har nyleg fått nytt, fint torvtak som tilseier at det toler både vêr og vind i mange årtier framover. Elles finn me óg eit gammalt eldhus her som kanskje er frå slutten av 1800-talet.

Gardsstølane

Det er ikkje so mange minuttar me går før heimebøen ligg bak oss, og me kjem til staden som ber namnet Gardsstølane. Namnet fortel oss at her har det sikkert vore ein mjølkeplass i eldre tider. Me kjem til eit vegskil her, og vél å vandre den øvste og brattaste kneiken først.

Dette var òg stølsvegen til bruki Mjølver, Pikhaug, Bukve og Kleivi. Vegen er lagd oppetter svaskoltane her, og oppe på toppen stoggar me litt og kan ta dalen nedover i augnesyn. Her var det siste kvilet budeiene hadde når dei kom frå Liastølen med mjølkeferdene sine.

Lialægene

Me held fram innover i skogen og møter på ei grind som utgjer skiljet mellom Mjølvergrendi og Li. Me får no opnare terreng og stoggar på Lialægene. Her var og ein kvileplass for slitne budeier som kunne setja frå seg mjølkebøttene og kasta vass-selen i graset. Me undrar oss ofte over afrikanske kvinner som greier bera vasskrukka på hovudet, men jammen var det ei bragd å manøvrere fulle, tunge mjølkebøtter som hang i vass-selekrokane gjennom denne kronglete stien óg.

Garden Li og Leteigen

Me kjem til Li. Dette var ein forholdsvis fin og veldriven gard, som gav levebrød til mange. Bruket vart fråflytt i 1934, men stovehuset og fjøsen står. Truleg vart det gamle stovehuset oppsett i 1819. I 1868 kom det ei stor snøfonn som mellom anna flytte stovehuset ein halv meter. Kring 1860 vart det på grunn av skredfåre murt opp ein solid fonnkjellar attmed ein stor stein om lag femten meter ovanfor stovehuset. Taket på kjellaren er borte for lenge sidan, men murane syner ennå. Rett opp frå kårstovetufti finn me to jordkjellarar.
Vegen fører oss vidare forbi Leteigen. Dette bruket vart nedlagt i 1970. Me er no komne inn i stølsområdet og ser den første seltomti på Ørnahaugen.

Ein annan veg frå Gardsstølane

Me går attende, og tek utgongspunktet ein gong til frå Gardsstølane. No fylgjer me den nedste vegen. Dette har vore skulevegen for fleire generasjonar. Vinterstid kunne det ofte vera strabasiøst å vasse laussnøen frå Mjølver til skulehuset på Røvomn [skulehus for Mjølver- og Fåberggrendi]. Skuleungane var glade når gardbrukarane byrja frakte heim lauv, høy og ved frå utmarki. Hestekøyringi gjorde at vegen vart godt framkomeleg både med og utan ski.

Husmannsplassen Haugane

Vegen går forbi Slipesteinsgrovi, namnet tilseier kva denne vart brukt til. Me kjem framom ei tuft. Her stod stovehuset på Haugane. Plassen vart rydda kring 1893, og her budde ein familie fram til 1911. Me skjønar at vilkåri var vanskelege her, so bruket vart nedlagt og huslyden emigrerte til Amerika.

Liastølen

Me fer framom Nordheim. Herifrå er det bygt privat bilveg som stod ferdig i 1977. Me held oss etter bilvegen fram til grindi, som gjer eit skilje mellom heimebøen og stølen. Når me skodar rundt oss på Liastølen, vert me minna om strofa: folk treng hus, og hus treng folk. Vedlikehalds-arbeidarane er borte, og mange fjøsar og løer er brotne saman.
Me stoggar opp på Seljehaugen. Dette var utkikksplassen til budeiene når dei såg etter kyrne sine. Då hadde dei gode hjelparar på Fåberg, for dei hadde utsikt til beiteplassane. Var kyrne nede i Øyane, la dei eit kvitt tøystykke ned på bakken, elles heisa dei det opp, etter kor beisti heldt seg.

Området ved Storesteinen

Me fer forbi Haugane. Vegen hallar nedover mot elvi til Storesteinen. Her møtest buforvegen til dei som nytta Bjørnstegane som fjellstøl, bruki Bjørkehaug, Nigard, Svori, Havreberg, Kastet og Elvekrok. Sjølv om hjortejegrane har bore med seg motorsag og teke vekk busker og kratt, so ét skogen seg innpå. Slik var det ikkje so lenge geiteflokkane og storfeet rådde grunnen.

Utnytting av utmarka

Elles var det vanleg å drive med lauving, høyslått og vedhogging i områdi her. Namn som Hansaskredene, Slåtteskreda og Blomskreda fortel om utmarksområde som vart utnytta. Me kjem oss fram til Storesva og ser Svarevollen, ei opi slette, der kyrne og hestane ofte stoppa opp for å fylle på litt energi til ferdi vidare.

Vetlefonni og Storefonni

Me går vidare forbi Vetlefonnsteinen og nyttar høvet til å få med oss dalføret ovanfor. Kvileplassen her vert kalla Sete. Det slår oss kor ordhittuge folk må ha vore, for stadnamni fell heilt naturleg mange stader.
Vegen går over Vetlefonni. Den baud som regel ikkje på særlege vanskar å kome over. Blomgrindi sette stengsle for storfeet mellom Liastølen og Bjørnstegane. Storefonni hadde ofte vassføring som skapte problem. For å koma turrskodd over her, måtte ein om vårane leggje på ei provisorisk bru av kubbar. Snøfonni var heller ikkje alltid borte når ein skulle bufore til støls.

Bjørnsteggalden

Den fine mursteinsfyllingi på Bjørnsteggalden vart skadd under den siste utbyggingi av nyevegen. Rettnok vart den reparert, men handelaget til gamlekarane med å forme ein pen mur er borte. Vegen ålar seg fram mellom store steinar og hamrar, men hestane meistra likevel å komme velberga gjennom med kløvi si. Uhell kunne sjølvsagt forkomme. Det viser namnet Rømmesvagrovi. Truleg er det ein berar som har velta rømmespannet sitt her og med det gjeve namn til staden.
Me traskar over Galdesvaet og ser snart Bjørnstegseli. Stølsdrifti er nedlagt for fleire år sidan.

kjelder:

Øvregard, Kåre: Stølar og stølsliv i Luster kommune. 1999.