Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vadheim bedehuskapell



Vadheim bedehuskapell er eit påbygd bedehus som ligg i bygda Vadheim i Høyanger kommune. Bedehuskapellet, som vart bygt som bedehus i 1914, har 130 sitjeplassar. Arkitekt og byggmeister var Andreas P. Vattekar, ein lokal bygningsmann. 31. januar 1954 vart bedehuset vigsla av prosten til kyrkjeleg bruk og fekk status som kapell. Vadheim kapelldistrikt er ein del av Kyrkjebø sokn i Lavik prestegjeld.

<p>Vadheim bedehuskapell 2006.</p>

Vadheim bedehuskapell 2006.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa. Lisens: "Namngjeving-DelPåSameVilkår(CC BY-SA)": http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/no/

Tomta var ei gåve

Vadheim var frå byrjinga av 1800-talet eit viktig trafikknutepunkt i fylket, då den trondhjemske postveg vart bygd, og i endå større grad etter 1858, då Fylkesbaatane starta med rutetrafikk på fjordane i amtet. Her var det ein travel skysstasjon, her kom industri og hotell, men ikkje kyrkje.

I Vadheim finst enno den eldste oppegåande industriverksemda i fylket, Vadheim Elektrochemiske Fabrikker, som starta opp i 1907. I samband med fabrikken vart det bygd ein kraftstasjonen. Med stor vekst i folketalet vart det også trong for eit bedehus. Bygdefolket fekk tomta i gåve frå Gjertine (1854-1918) og Anders (1865-1934) Vadheim, og byggjearbeidet kom i gang på dugnad. Bedehuset stod ferdig i 1914 og skulle brukast i ei kristlegsinna ånd og til å fremja forkynninga av Guds ord mellom folket på staden. Dette var slege fast i gåvebrevet, som også sa at "svovelpreikarar" ikkje skulle få tilgjenge!

Oppussa etter krigen

Fram til krigen var bedehuset i jamleg bruk av fleire ulike lag og organisasjonar som Den Vestlandske Indremisjon og Kinamisjonen. Då krigen kom, tok tyskarane seg til rette også her, og bedehuset vart gjort om til matlager for okkupasjonsmakta. På kort tid vart det vesle gudshuset så nedsarva at då krigen var slutt var det uråd å ta det i same bruk som før. Det vart halde allmannamøte der dei diskuterte kva dei skulle gjere. Bedehusstyret søkte kommunen om pengestøtte til oppussing både ein og to gonger, men fekk avslag. Dei la likevel planar og fekk teikna ei interimkyrkje med kjellar, men når alt kom til alt, vart kostnaden for stor. Bedehusfolket kom etter kvart i gang med dugnadsarbeid, og kring 1950 vart både tak, vegger og golv fornya, og det vart installert elektriske omnar.

Fire år seinare, i 1954, vart bedehuset vigsla til kyrkjeleg bruk. Arbeidet med utbetringar heldt fram, og det vart innreia både rom for dåpsborna og ein småsal for hobbyarbeid m.m. Den siste store dugnaden gjekk føre seg på 1990-talet, då bedehuskapellet fekk påbygg med toalett og eit lite kjøken. Klokketårnet kom opp i 1998. Interiøret er svært enkelt. Huset er innvendig måla med ein gråtone i taket og elles lys beige fargar med grått nedst på veggen. Listene har ein mørk raudfarge.

Kunst og inventar

Altertavla er frå 1954 og framstiller "Jesus i Getsemane", måla av Vilhelm Bjørknes. Kristus kneler, kledd i kvit kappe og raud kjortel, under mørke, trugande skyer, men ei lyssøyle frå himmelen skin ned på han.

Alterlysestakane er udaterte. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk. Døypefonten av tre er sekskanta, dåpsfatet er i aluminium. Så vidt ein veit er det det einaste dåpsfatet i dette materialet her i fylket. Dåpsmugga er udatert. Preikestolen er, som mykje av det øvrige inventaret, frå 1954.
Orgelet er eit G. og H. Klop frå 1997, bygd i Nederland. Kyrkjeklokka er frå 1998.

Døydde på talarstolen

Pinsedag i 1934 var bedehuset i Vadheim så tettpakka som det vel aldri seinare har vore. Møtelyden var dei over 300 utsendingane til årsmøtet i Bergen krins av Den indre Sjømannsmisjon. På talarstolen stod formannen Endre Pedersen Hove. Han var opphavleg frå Vik (f. 1869), men på denne tida sokneprest i Mariakyrkja i Bergen. Mot slutten av møtet, i det Hove var i ferd med å avslutte, seig han brått saman framfor den veldige møtelyden. Der og då, medan han forkynte Guds ord, vart Hove ramma av slag og døydde. Distriktslege Henrik Daae kom raskt til og slo fast at presten var død.

"En død i skjønnhet", erklærte legen. For dei mange som var til stades gjorde hendinga eit djupt inntrykk. Det var stort sett berre vaksne folk som opplevde dødsfallet, for ungdommen og borna hadde eige møte i skulehuset like ved.

Sokneprest Hove var ein svært avhalden mann, og omtala som ein hjartevarm forkynnar. I si fyrste tid som prest gjorde han frå 1900-1902 teneste i heimbygda Vik. Seinare var han m.a. tilsett i Misjonsselskapet, lærar på Misjonsskulen i Stavanger, sokneprest i Sandnes og seinare prost i Jæren prosti.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR