Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Den Trondhjemske Postvei gjennom Breim



Der den gamle vegen mellom Bergen og Trondheim nådde Re i Breim, var det eit vegskilje. Herfrå var det to vegtrasear som begge førte til kaupang-staden Veøy i Romsdal. Den eine følgde ei indre line, over Utvikfjellet, Faleide og indre Sunnmøre til Veøy. Den andre følgde kystvegen via Sandane, Naustdal og Borgund til Veøy. Frå Veøy gjekk det ein trase vidare til Trondheim.

Frå Re følgjer postvegen noverande riksvegtrase til Flølo. I dette krysset aust for Bedehuset på Flølo, held Den Trondhjemske postvei fram til venstre oppover mot Hole i Breim.

Frå Re følgjer postvegen noverande riksvegtrase til Flølo. I dette krysset aust for Bedehuset på Flølo, held Den Trondhjemske postvei fram til venstre oppover mot Hole i Breim.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: 1999.

Fotograf: Sigmund Vereide.

Re - tingstad med kyrkje, gjestgiveri og skysstasjon

Re er ein gammal tingstad med kyrkje og prest frå katolsk tid. Her var gjestgiveri og landhandel alt på 16- og 1700-talet, så det var naturleg at staden også vart skysstasjon. I 1817 fekk Lars Jakobsen Rebakken løyve til å drive kro og herberge for vegfarande. Han dreiv også med skyss. Det er denne kroverksemda som seinare utvikla seg til å bli Gordon hotell, eit hotell som framleis er verdsett av reisande.

Post

Når ordninga med faste postruter kom i 1646, vart postruta frå Re lagt til den indre vegen over Utvikfjellet. Strekninga gjennom Breim er om lag 9 km. Til Red vart posten frakta med båt over Breimsvatnet frå Førde i Jølster.
Vi kjenner namna på tre av postbøndene frå Breim frå den første tida med postrute; nemleg Joen og Olle Moldestad og Michel Egge. Både Egge og Moldestad er framleis slekts- og gardsnamn i Breim.

Alternativ postrute gjennom Våtedalen

Etter at vegen gjennom Våtedalen vart opna i 1889, vart posten frakta på denne vegen når det la seg is på Breimsvatnet. På Egge var det skysstasjon både før og etter at hotellet vart bygt i 1890. I 1897 fekk hotellet status som postopneri. Arne K. Egge sto for drifta frå 1896 til avviklinga i 1954.
Å køyre post gjennom Våtedalen nattestid om vinteren kunne vera risikabelt, då her var fare for både stein- og snøskred. Postmeister Skjønning i Bergen vart tilskriven av Arne K. Egge med bøn om å få ta vare på posten til om morgonen. Svaret var nei. Men postmeisteren vart seinare sjølv overraska av skred då han reiste gjennom Våtedalen ein dag med skikkeleg snødrev. Han kom seg vel fram til Egge, returnerte til Bergen, og hadde endra syn. Heretter skulle ruta passere Våtedalen berre om dagen.

Vidare frå Re - over Utvikfjellet

I Gloppen kommune går "Den Trondhjemske postvei" frå den gamle postbryggja på Re, framom Gordon hotell, langs E-39 til Flølo, der ein tek postvegtraseen til Hole. Vidare følgjer ein Skrøppavegen fram til RV-60, kryssar denne, og følgjer så kommunevegen fram til Moldestad. Herfrå går postvegen bratt opp på Utvikfjellet, så Klypedalen innetter fjellet, framom Brekkestova og vidare til Strynegrensa mot Utvik. Henrik Ibsen reiste på folkeminnesamling i 1860-åra og skreiv då at "Fra skydsskiftet Reed gaar Postveien nordover over et Høifield [Utvikfjellet] omkring 2000 Fod i væiret. Opstigningen kan være besværlig nok, men nedstigningen på den anden Side er dog Verre. Angre Touren vil man imidlertid ikke .."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nordstrand, Ingemar: Postvegen Bergen - Trondheim. Samlaget, Oslo 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR