Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Prost Niels Griis Alstrup Dahl - folkeopplysar og velferdsbyggjar



Prosten Niels Griis Alstrup Dahl (1778 - 1852) vert kalla folkeopplysar og patriot. Prestegjerninga hans kjem litt i skuggen av alt han gjorde for å betre kåra i Eivindvik prestegjeld.

Herresalen, som prost Dahl bygde til bustad for seg og kona, Hylleborg, ligg like nedanfor kyrkja i Eivindvik.

Herresalen, som prost Dahl bygde til bustad for seg og kona, Hylleborg, ligg like nedanfor kyrkja i Eivindvik.

Eigar: Fylkesarkivet.

Datering: 2001.

Fotograf: Gunnar Ellingsen.

Oppvekst

Portrettbiliete av Nils Nilssen Dahl.

Dahl var fødd 14. mars 1778 på Nedre Fet, Uskedalen, i Kvinnherad. Han var den nest eldste av dei tolv borna til oberstløytnant Johan Koren Dahl (1743 - 1831) og Else Alstrup (1757 - 1838). Niels gjekk i skule hos sokneprest Niels Hertzberg, tok examen artium ved Bergen Katedralskole i 1796, og studerte teologi i København frå 1797 til 1801. Så var han medhjelpar hos Hertzberg i heimbygda. Her møtte han ein slektning av soknepresten, Hylleborg Hertzberg (1765 - 1848), som han gifte seg med i 1805.

Bilete av eit brev frå Niels Dahl's bror i Bergen.

Prost og jordbrukar

Frå 24. februar 1804 var Dahl kapellan i Eivindvik prestegjeld, og sokneprest frå 18. desember 1807. I 1823 vart han prost i Ytre Sogn. Dahl gjorde mykje for å betre jordbruket i prestegjeldet. Han starta med prestegarden, og ved hjelp av nye jordbruksteknikkar og byggjeskikkar utvikla han etter kvart prestegarden til eit mønsterbruk. Over ein periode på 20 år sytte han òg for jordskifte på nærmare 200 bruk i prestegjeldet. I samband med dette hjelpte han mange bønder med å få kjøpt husa sine.

Folkeopplysar

For eigne midlar utdanna Dahl lærarar, og oppretta og dreiv dei to første faste skulane i prestegjeldet. Med ei endring i skuleskatt-ordninga sytte han for at lærarane fekk ei løn dei kunne leve av. I 1829 oppretta han Gulen Folkeboksamling, mellom anna med 134 av sine eigne bøker. Konfirmantundervisninga tok han seg av sjøl. Ved eit høve hadde han alle konfirmantane og 10 lærarar heime hos seg i åtte dagar og gav dei undervisning, kost og losji.

Velferdsbyggjar

Med ei betre rekneskapsførsel og revidert legdordning, gjorde han også fattigstellet til ein mønsterskipnad. Inntektene vart henta frå lensmennene og futane sine mulkter. Dahl såg brennevinet som eitt av dei største hindra i arbeidet for å nedkjempe fattigdommen. Gjestgjevarar og andre brennevinsutsal vart mulkterte for ulovleg sal, eller skattlagde så hardt at mange av dei bukka under. Dahl tok òg imot sjuke i heimen sin, og vaksinerte nesten heile prestegjeldet to gonger mot kopper. Han fekk lært opp og tilsett den første jordmora i Ytre Sogn rundt 1827.

Ordførar og stortingsmann

Dahl vart ordførar då formannskapslova kom i 1837, og sat til 1849. Han var på Stortinget i 1814, 1824 og 1827, var omtala som den mest antisvenske av alle stortingsmennene, og var ein ivrig talar i alle debattar om Grunnlova.

Minne i Eivindvik

Prosten sitt bustadhus var kalla "Herresalen". I 2. høgda har det vore møtelokale til kommunestyret frå 1837 og til nyleg. Prestekaia med trapp opp til kyrkja, og den 1,5 m høge steinmuren rundt innmarka til prestegarden, står òg framleis. Ungdomslaget i Eivindvik arrangerer kvart år "Dahl-dagane", der dei tek opp ulike sider av Dahl sitt virke. Eit minnesmerke over Dahl av kunstnaren Elisabeth Steen skal reisast 4. august 2002, 150 år etter han døydde.

Bilete av Herresalen til venstre og området rundt frå seint 1800-talet.

Bilete av Herresalen, i midten, og området rundt frå nyare tid.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Midtun, Magnor: Eivindvik før og no. 2001.
Randal, Aud: Eivindvigens anden skaber: Niels Griis Alstrup Dahl (1778 - 1852). Hovedoppgave ved Historisk institutt, Universitetet i Bergen 1995. Maskinlesbar fil på http://www.hist.uib.no.
Kleiva, Ivar: Niels Griis Alstrup Dahl. I Historielaget for Sogn. Nr. 17. 1955.
Kleiva, Ivar: Niels Griis Alstrup Dahl II. Historielaget for Sogn. Nr. 18. 1956.

PERMANENT IDENTIFIKATOR