Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Eikefjord kyrkje



Eikefjord kyrkje er ei krosskyrkje i tre som står i bygda Eikefjord i Flora kommune. Kyrkja, som har 350 sitjeplassar, sto ferdig i 1812. Byggmeister var Nils Olsen Kjørslevik. Eikefjord kyrkje er soknekyrkje i Eikefjord sokn i Kinn prestegjeld. Soknet vart skipa i 1890, då Eikefjord vart skilt ut frå Svanøy sokn.

Eikefjord kyrkje var opphavleg ei langkyrkje, men vart påbygd med sideskip i 1874, slik at ho vart ei krosskyrkje.

Eikefjord kyrkje var opphavleg ei langkyrkje, men vart påbygd med sideskip i 1874, slik at ho vart ei krosskyrkje.

Eigar: I Nordal kyrkje 100 år - "Glimt frå kvardag og helg".

Datering: 1998.

Fotograf: Jan Hovland.

Krosskyrkje

Eikefjord kyrkje er ei av dei eldste kyrkjene i Sunnfjord og representerer fyrste generasjon av tømmerkyrkjene frå 1800-talet. Etter ei seinare utviding er ho no ei krosskyrkje, ei av tre i fylket. Dei to andre er Olden gamle kyrkje og Tønjum kyrkje.
Kyrkja i Eikefjord høyrer til same kyrkjegenerasjon i Sunnfjord som Ålhus (1795) og Hestad (1805), og var ved bygginga den fyrste nye kyrkjestaden som vart teken i bruk i amtet sidan 1600-talet. Kyrkjestaden ligg under ein bratt hammar, litt sør for dagens sentrum. På Sørbøen, der kyrkja står, var det tidlegare skysstasjon, handelsbu og post- og dampskipsekspedisjon frå 1877.

Påbygd i 1874

Kring 1810 gjekk bygdefolket saman om å byggje kyrkje, med Søren Agledal som pådrivar. Materialane vart køyrde til sjøen, skorne til plank og bord med handsag, eller øksa til bjelkar og stolpar med bile. Byggmeistar var Nils Olsen Kjørslevik, som hadde lært byggjekunsten i Bergen.

I byrjinga var det ei lita langkyrkje med 150-200 sitjeplassar. Kyrkja var i privat eige, men i samband med den store ombygginga i 1874 til ei krosskyrkje, vart ho seld til soknet for 1000 spesidalar. Soknestyret fann summen altfor høg, men godtok likevel.

Bakgrunnen for ombygginga var som så mange andre stader folkeveksten i soknet. Ei tid vart det vurdert å byggje ny kyrkje, men det enda med at Christoffer Svanøe laga ei skisse til ombygging til krosskyrkje som soknestyret godtok. Midt på kvar langside vart det bygt ut sideskip, slik at kyrkja fekk ei krossform. På kvar krossarm vart det også bygt små inngangsparti, slik at det frå kvart ytterpunkt i krossforma var fem hjørne, det eine bak det andre, til neste ytterpunkt på krossforma. Det gamle våpenhuset med tårn over, vart ståande som før i vestenden.

Fleire utbetringar

Kyrkja er både romsleg, lys og stemningsfull på same tid. Krossforma gjer at ingen i kyrkjelyden sit langt frå presten eller koret. Det er galleri i tre av krossarmane (utanom koret), og i kvart indre hjørne i krossforma er det to store vindauge. Tømmerveggene er brune, taket lyst. Kyrkjebyggjar John J. Alver gjorde jobben i 1874 for 1100 spd, med spir, og om nødvendig, ny altertavle og preikestol. Han hadde med seg same arbeidslaget som bygde Stavang kyrkje året før.

Opp gjennom åra er det gjort fleire større og mindre endringar. Sakristi med to rom vart bygt mot aust i 1936, med inngang bak altertavla i koret. Det var vedfyring fram til 1953, og vedomnen står enno. I 1970-åra vart det lagt inn vatn og sanitæranlegg, og seinare flaumlys. I 1999 vart golvet slipt og kyrkja måla opp att innvendig. I midtgangane og koret kom nye teppe. Benkene vart fiksa opp og fekk puter.
Kyrkja var i byrjinga kapellstad under soknekyrkja på Svanøy, men har vore eige sokn sidan 1890. I året 2000 var det gudsteneste annankvar søndag.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1874 er ein kopi av Bertel Thorvaldsen (1770-1844) sin Kristus-skulptur frå 1829, av same slaget som den som står i Florø kyrkje. Skulpturen i Eikefjorden er skoren i tre, medan Florø-skulpturen er i sink. I Eikefjord kyrkje er det ein vegg bak skulpturen, utskoren og måla, og på sokkelen står teksten "Han er vor fred".

På alteret står to lysestakar i messing frå kring 1900. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv frå 1812, ei gåve frå sokneprest Claus Finde, prest i Kinn prestegjeld 1784-1816. Preikestolen er truleg frå 1874. Døypefonten er frå 1812, dåpsfatet og dåpsmugga i sølvplett er frå 1964. Lysekrona i messing er truleg frå 1700-talet.

Orgelet er frå 1961 og har sju stemmer. Det stod i Eid kyrkje frå 1898 til 1961, og vart kosta ved ei gåve frå Ola O. Agledal og innsamla midlar.
Her er to kyrkjeklokker. Den eine er frå 1848, og laga av Becher i Bergen med innskrifta: "Støbt til Egefjordens kapel Soli Deo Gloria". Den andre klokka er frå 1963, og laga av Olsen & Søn, Nauen, med innskrifta "Eikefjord kyrkje anno 1963 - Gåve frå Ola O. Agledal. In majorem dei gloriam" (For å gjere Guds ære større).

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR