Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hyllestad kyrkje og kyrkjegard



Hyllestad hadde kyrkje og kyrkjegard frå mellomalderen liggjande på garden Hyllestad. Men i 1880 hadde desse hatt si tid, og Hyllestad sokn fekk ny kyrkje og kyrkjegard. Hundre år seinare grodde kommunale bygg og sentrumsfunksjonar opp kring den nye kyrkjestaden.

Hyllestad kyrkje frå 1880 med hovudinngangen mot aust.

Hyllestad kyrkje frå 1880 med hovudinngangen mot aust.

Eigar: Fylkesarkivet.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Tidlegare kyrkjer

Kyrkja i Hyllestad er først nemnd i ei skriftleg kjelde frå 1322. Dette var mest truleg same kyrkjestad som var i bruk til 1880. Den første omtalen av kyrkja på Hyllestad skriv seg frå 1691. Den tømra bygningen hadde då eit kyrkjeskip på 12 x 9 meter, medan koret var 4,5 meter langt og vel 6 meter breitt. Kyrkja hadde våpenhus med tårn. I 1720 vart det bygt nytt tårnspir. Kyrkja var tjørebreidd utvendig og umåla innvendig.

Noverande kyrkje

Plassen på den gamle kyrkjetufta og kyrkjegarden var for liten då ny kyrkje skulle reisast i 1880. Det nye kyrkjestaden vart på Myklebust, ein dryg halv kilometer i sørvestleg retning. Hyllestad-kyrkja er ei langkyrkje i tre. Bygget vart teikna av arkitekt Haakon Nissen, og bygd av John Alver. Dei 300 sitjeplassane gjev plass til godt og vel halvparten av statskyrkjemedlemene i soknet. Bygningsmessig har ikkje kyrkja vorte endra sidan 1880, men fargen er no kvit, medan kyrkja var gulmåla som ny.

Inventar

Gamlekyrkja med inventar vart seld på auksjon i 1881. Døypefonten vart seld til ein gardbrukar på Akse, som nytta han til vask i nesten femti år. Då kom han på plass i den nye kyrkja.
Døypefonten er av kleberstein, og skriv seg frå mellomalderen. Døypefatet er kring 300 år gammalt. Altarlysestakane er òg frå mellomalderen, medan altartavla er av nyare dato, laga i 1902 av Maren Sverdrup. Preikestolen er frå 1880. Kyrkja kan og skilte med ei katekismetavle frå 1600-talet.

Sokn og kyrkjegard

Hyllestad sokn høyrde til Askvoll prestegjeld fram til 1861. Då vart Hyllestad eigen kommune og eige prestegjeld. Det sentrale møtepunktet i den nye kommunen vart då garden Hyllestad. Der låg òg kyrkja på den tida.
Etter 1880 den nye kyrkjegarden på Myklebust den sentrale samlingsstaden. Tett ved kyrkja kom i 1970-åra ungdomsskule, kommunehus, bank, post, butikk og byggefelt, alt saman typiske ingrediensar i det moderne utkantsentret. Det var prestegarden, med lett tilgjengeleg byggegrunn sentralt plassert både i soknet og kommunen, som var utgangspunktet for kommunesentret, ikkje kyrkja i og for seg. Kyrkjegarden vart utvida i 1975.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Henden Aaraas, Margrethe m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 2. Sogn. Selja Forlag 2000.
Aaberg, Th.: Kyrkjorne i Hyllestad i gammel og ny tid.1929.
Kjeldesamling i saksomslag oppbevart i Fylkesarkivet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR