Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Far og son Bakke - framståande venstremenn frå Holmedal



I andre halvdel av 1800-talet gjekk det føre seg ei storstila oppblomstring av norsk nasjonalkultur og åndsliv, og i brodden for dette stod den tids "raddisar" - målfolk, venstremenn og Jaabæk sine bondevener. To av dei kom frå Holmedal: Ola Bakke og sonen David Bakke.

David O. Bakke var åndshøvding og radikal politikar - venstremann - frå Holmedal i dåverande Fjaler kommune.

David O. Bakke var åndshøvding og radikal politikar - venstremann - frå Holmedal i dåverande Fjaler kommune.

Eigar: Kjell Eikemo/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Kring 1895-1905.

Fotograf: Ukjend.

"Ein av dei merkelegaste mennene i Sogn og Fjordane"

Slik vert Ola Bakke (1816-95) omtala i "Målreisingssoga for Sogn og Fjordane" av Anders A. Lothe. Ola var ein gløgg gut som berre 17 år gammal vart sett til å vere skulelærar i Holmedal. Og sjølv om han måtte gje opp lærargjerninga etter få år, fekk han utretta mykje. På heimegarden Bakke fekk han drive igjennom utskifting av innmarka i 1863, visstnok den første i Dalsfjorden. Han åtte notbruk og sjøhus og dreiv sildefiske, og hadde dessutan ei rekkje offentlege verv: valmann, stortingsvaramann og ordførar. I 1870-åra var han med på å skipe bondevenforeining i Holmedal, og deltok såleis i arbeidet med å vekkje bøndene i området politisk.

Skisseteikning av gamle tunet på Bakke, laga av David O. Bakke.

Norskdomsmannen

David var yngste sonen til Ola, men sidan dei eldre brørne reiste til Amerika, vart det han som arva rolla til faren som åndshøvding og politikar. David fekk følgje Jens Rolvsson si undervisning på Bondehøgskulen i Dale to av dei tre vintrane skulen vart driven. Rolvsson la ned skulen i 1874, men han hadde tydelegvis gjeve inspirasjon til David og fleire andre elevar frå Holmedal, for same året skipa dei "Norskelaget" i Holmedal. "Norskelaget" var både mållag og ungdomslag og hadde som føremål "å breia ut kjenskap og kjærleik til norskdomen i bygdi" og "søkja å stydja norsk mål, norsk politik, norske ferdaminne og norsk kunst" (§1 i vedtektene).

Agitator og politikar

Då striden mellom Stortinget og regjeringa hardna til i 1880-åra skipa venstresida skyttarlag over heile landet. David Bakke deltok i skipinga av "Firda og Sygnafylkes folkevæpningssamlag", og vart seinare formann for dette gjennom mange år. Han såg dessutan tidleg verdien av effektiv propaganda for venstresida og norskdomsrørsla. I 1887 var David med å starte opp "Firda og Sygnafylkes Avis" i Bergen, og han var ei stund busett i Bergen som bladstyrar.

I det historiske året 1884 starta David Bakke si karriere som kommunepolitikar i Fjaler. Tolv år seinare vart han ordførar, og i 1901 vart han valt til stortingsmann for Venstre for første gong. Han slost for både målsak, vegutbygging og industrireising, og let til å ha vore ein omstridd person.

Lokalhistorikaren

På sine eldre dagar gjekk David Bakke ut av politikken og konsentrerte seg om si største interesse - sogegransking. Vitskapen var enno lite utvikla, og det var mykje ugjort arbeid. David var med på å starte opp Sunnfjord sogelag og var lenge formann for laget. Han samla materiale med sikte på å få gjeve ut ei bygdesoge for Fjaler, men fekk ikkje sjå boka ferdigtrykt. David Bakke døydde i 1935, 78 år gammal, og først 14 år seinare kunne Fjaler sogelag gje ut "Fjaler i gamle dagar", basert på hans manuskript.

Bilete av Holmedal frå Bakke si tid.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.
Lothe, Anders A.: Målreisingssoga for Sogn og Fjordane. Florø 1950.
Bakke, David: Fjaler i gamle dagar. Dale 1948.
Bull, Ragnar: Bakke på 1880-talet. I: Sogehefte for Askvoll kommune nr. 10 1997. Askvoll 1997.
Bull, Ragnar: Brevet frå Ivar Aasen til D. O. Bakke. I: Sogehefte for Askvoll kommune nr. 10 1997. Askvoll 1997.
Bull, Ragnar: Kva D. O. Bakke skreiv om det svenske kronprinsparet og om fyrste heimreisa. I: Sogehefte for Askvoll kommune nr. 10 1997. Askvoll 1997.
Losnegård, Gaute: Fyr det gode og væne i livet. Holmedal Ungdomslag 1896-1996. Holmedal 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR