Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane - Flagget



I åra 2002-2009 segla fartøya til Fjord1 Fylkesbaatane med to flagg: Fjord1 Nordvestlandske sitt og Fylkesbaatane sitt. Laurdag 10. oktober 2009 vart Fylkesbaatane-flagget firt for alltid. Rederiflagget til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) var i sitt slag eit av dei eldste i heile landet.

Fylkesbaatane sitt flagg, og Fjord 1 sitt, side om side på ei av ferjene til Fjord 1 Fylkesbaatane sommaren 2008.

Fylkesbaatane sitt flagg, og Fjord 1 sitt, side om side på ei av ferjene til Fjord 1 Fylkesbaatane sommaren 2008.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

X i midtfeltet

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane blei skipa i 1858 under namnet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe. Namnet vart endra frå 1. januar 1919. Rederiflagget til FSF er eit raudt splittflagg med blått kryss på kvitt midtfelt. Som kjennemerke og symbol har rederiflagget vore brukt mange stader og i mange samanhengar: i toppmasta, i emalje på offisershuer, som baugpryd, på skåpdører, på koppar og kaffikanner, på brevark og konvoluttar, med meir.

X-merket i midtfeltet har ei spesiell forklaring. Erling Virkesdal fortel om Fylkesbaatane-flagget i eit hefte han laga for Bergens Sjøfartsmuseum i 1979: Det står:

KOMPANIFLAGGET
Fylkesbaatane sitt kompaniflagg er eit av dei eldste i landet. Kompaniflagg, eller rederiflagg, kom i bruk på midten av1800-talet. Med aukande flåte vart det etter kvart naudsynt å kunne gi seg til kjenne når farty møttest.

Alt i 1829 vart det bestemt at kvar sjøfartsby i landet skulle ha sitt kjenningsflagg, identifikasjonsflagg. Flagget skulle vere tre alen breiT [1 alen - 0,67 m] og fire alen langt (...) med bokstav og nummer på.

Første bokstav i alfabetet - A - fekk Oslo. Så følgde ein byane langs kysten. Når ein kom til Bergen, var ein komen til X i alfabetet.

Fylkesbaatane er eitt av dei få selskapa som tydelegast har teke vare på denne kjenningsbokstaven", skriv Virkesdal til slutt.


 

Fylkesbaatane-kjennemerka - usikker framtid?

I 2001 gjekk Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane med i storkonsernet Fjord1 Nordvestlandske AS. Mange frykta då at det var slutten for FSF-flagget, saman med skorsteinsmerket og namnet Fylkesbaatane. Det skjedde ikkje. Det raude flagget med kvitt felt og kryss blafra side om side med Fjord1-flagget, Fylkesbaatane-namnet  var fleire stader med som tillegg til i Fjord1-namnet og det raude bandet pryda skorsteinane.

I 2008 sa administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane, Stig Kristoffersen, frå om at at Fjord1 Fylkesbaatane etter kvart kom til å satsa meir berre på Fjord 1 som merkevarenamn. Namnet Fylkesbaatane ville "bli mindre synleg". NRK brukte tittelen "Fylkesbaatane snart historie" som tittel på saka. Historikar Johs. B. Thue i Balestrand sa straks frå om at ingen måtte finna på å stryka dei gamle, innarbeidde kvalitetsmerka, - namnet, flagget og skorsteinsmerket. Det vil vera eit "enormt tap", sa han.

Fjerna hausten 2009

Den 10. oktober 2009 vart Fylkesbaatane-flagget heist og fira for siste gong. Det kjende splittflagget til Fylkesbaatane hadde då vore brukt på meir enn 100 fartøy i 151 år.

 ”Vemodig”, kommenterte administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane, Stig Kristoffersen. Han opplyste at det var Fylkesbaatane sitt 150-årsjubileum i 2008 som gjorde at flagget ikkje vart fjerna straks etter at Fylkesbaatane gjekk med i Fjord1-konsernet og det vart vedteke å innføra ny profil utan dei gamle rederiflagga.

"Galskap", kommenterte ein billettør på ei av ferjene kontant.

Reaksjonar

Kort etter kom det reaksjonar. Johs. B. Thue tok sterkt til motmæle i eit innlegg i Sogn Avis. Andre følgde opp, og aksjonen Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake! kom på bana. Aksjonen tok i bruk fleire slag verkemiddel, så som T-skjorter med Fylkesbaatane-flagget, makeringar attmed Fjord1 Fylkesbaatane-fartøy, postkort, avisinnlegg, stands og anna. Pr. 20. januar 2010 hadde aksjonen 2000 medlemmer i Facebook-gruppa Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!
 

 

kjelder:

Virkesdal, Erling: Sjøfart. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane - FSF Bergens Sjøfartsmuseum. 1979.
Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958.

PERMANENT IDENTIFIKATOR