Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 29. mars 2017

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kommune

Fylkesbaatane – med «Nordfjord 1» på pinsetur



«I 6-tida kom «Nordfjord 1» sigande inn paa Sandebukta under full musikk og med salutt.» Dagen var 1. pinsedag, 15. mai 1932, og avisa «Nordfjord», Sandane, hadde «Mannskoret «Freya»» som overskrift på stykket sitt om songarbesøk frå Bergen. Mannskoret hadde leigt Fylkesbaatane sitt flaggskip til ein tre-dagars pinsetur til Sogn og Fjordane.

ds «Nordfjord 1» på pinsetur

ds «Nordfjord 1» på pinsetur. Mannssangforeningen «Freya» på tur til Sogn og Fjordane 15. – 18. mai 1932. Lungegårdens Musikkorps var med.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1932

Fotograf: I heftet Manssangforeningen «Freya» 1885-1935.

Ekstraturar

«Nordfjord 1» sin pinsetur 1932 er døme på ein liten del av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane si verksemd; ekstraturar, fart utanom dei fastsette rutene. Det kunne vera turar reiarlaget sjølv ordna med, men oftast at lag og organisasjonar leigde ein eller fleire båtar til særlege tilskipingar.

I boka «Minner fra sjømannslivet» (1968) fortel los Bendiksen om årvisse «pinseturer» Fylkesbaatane sjølv arrangerte først på 1900-talet. Dei var alltid «preget av vår- og sommerstemning og en lystighet uten like». Lasterommet fungerte perfekt som danselokale etter at det var grundig såpevaska og «strødd med klorkalk» for å dempa «kuskitlukta». «… der nede ble det danset over en lav sko», mintest los Bendiksen femti år etter.

Mannssangforeningen «Freya»

blei skipa 2. januar 1885 som «Sandvikens Ynglingeforenings Sangforening». Ein prest og to lærarar stod bak; Mowinckel, de Lange og Næsdal. Medlemmene var unge, står det i 50-års-jubileumsheftet, og økonomien alt anna enn romsleg den første tida, men, «hvad denne sangerflokk eiet i fullt mon, det var kjærlighet og interesse for sangen og den forening de hadde sluttet seg til.»

Dei første åra vart øvingane haldne i Sandviken skole, men frå 1890 inne i byen. Same året vart namnet endra til Mandssangforeningen «Freya». I 1895 fekk koret sitt eige merke, teikna av Emil Høie, og frå 1913 stilte medlemmene med kvite songarhuer og merket MSF.

Mannskoret «Freya» vart etterkvart eit anerkjent kor med brei aktivitet. Koret heldt eigne konsertar i heimbyen og på turnear, medverka ved ymse arrangement, og deltok på songarstemne fleire stader i landet. Signaturen R.T. sin omtale etter ein «Freya»-konsert i Eid kyrkje, Nordfjordeid, 1. pinsedag 1932, seier sitt:

«Koret var ypperleg samansunge. Det hadde gode røyster. Serleg måtte ein leggja merke til dei lyse vakre tenorane. (…) Dirigenten, hr. Lund hadde koret heilt i si makt, dei fylgde honom viljugt so foredraget fekk utforming i dei finaste avskugningar.»

Til Sogn og Fjordane i 1932

«Freya» leigde Fylkesbaatane sitt flaggskip til pinseturen 1932. DS «Nordfjord 1» la frå kai i Bergen pinseafta 14. mai, klokka 8 om kvelden, med kaptein Wærness på brua. I 10-tida dagen etter, første pinsedag, la «sangerskibet» til kai på Nordfjordeid, og heldt fram til Sandane i kveldinga same dag. Om morgonen 2. pinsedag gjekk turen vidare inn Nordfjord til Stryn via Olden og Loen. Båten returnerte frå Stryn om kvelden, 2. pinsedag, med kurs for Høyanger, der skipet var framme om føremiddagen 17. mai. Klokka 10 om kvelden «vendte skibet stevnen mot byen og hjemmet og pinseturen var endt.»

Nordfjordeid

Pinseturen var meir enn berre båtreise i vakker natur og konsertar. Songarene, musikantane og alle andre som var med, fekk med seg andre opplevingar og. På Nordfjordeid heldt koret kyrkjekonsert klokka 1, men før det, tok mange turen til «den nye Stigedalsvei». (Merknad: Vegen gjennom Stigedalen til Sunnmøre opna for trafikk i 1931, men vart ikkje offisielt opna før året etter; 10. juli 1932). Konserten fekk god omtale; «ei kunstnjoting for alle vener av god song», var overskrifta på signaturen R.T. si melding i Fjordabladet.

Sandane

I kveldinga la båten frå kai på Nordfjordeid, gjekk ut Eidsfjorden, runda Hamneset og sett kurs inn Nordfjorden mot Sandane. Seilasen inn Gloppefjorden gjorde inntrykk:

«Betagende var innseilingen. Vakre velstelte gårder, innrammet av skogklædte lier, og i bakgrunnen de svære, stolte fjell med evig sne på toppen, badet i aftensolen. Ja dette var virkelig eventyr.»

Og avisa Nordfjord» fortalde om «innseilingen» sett frå land: «I 6-tida kom «Nordfjord 1» sigande inn paa Sandebukta under full musikk og med salutt.» På Sandane gjekk songarane og musikarane nærast i prosesjon til «gamlehjemmet», der kor og musikkorps gledde dei gamle med «adskillige nummer». Konserten i ungdomshuset «Vonheim» samla fullt hus, kring 300 menneske, og mange kom ikkje inn. «Koret fekk kraftig bifall og maatte gjeva mange ekstranummer», melde avisa Nordfjord. «Koret opvartet med hele 22 numre», oppsummerer jubileumsheftet.

«Sangerskibet» låg natta over på Sandane, og mange nytta difor høvet til å ta seg turar rundt i bygda, både med «bil og til fots.»

Stryn

I Stryn heldt koret konsert i ungdomshuset «Heimskringla» klokka 2. Frammøtet var bra, men ikkje fullt hus i Stryn. «Meldar» i avisa Fjordingen nemner «Freya» som «eit gamalt tradisjonsrikt kor». Meldaren er i det store og heile godt nøgd og nemner særskilt «det vakre pianissimo, som ein ikkje so tidt høyrer maken til i mannssong.» Men eit par drikkeviser på repertoaret fall ikkje i smak; dei «kunde visst utan skade vore burte av programmet». Etter konserten var det tid til «biltur op til Videsæter. En herlig tur.»

Førebuing til 17. mai-feiring

«Nordfjord 1» takka for seg i Stryn om kvelden og sette kurs for Høyanger, den siste stoppestaden på turen. I god tid før ankomst, ja, «så snart skibet var kommet i rom sjø», gjekk folk i gang «forberedelsen til en værdig festligholden av 17. mai»:

«Kommandbroen blev dekoreret med skjold fra vikingetiden og guirlander fra L.W. Tornøe [boktrykkeri i Bergen]. Birkeløvet lekte i vinden ..»

Eit foto i jubileumsheftet viser songarane samla på dekket framme på båten, med songarhuene på, og alt av utmerkingar og medaljer på jakkeslaga; somme har flagg. Fotoet viser òg at fronten under brua er pynta med mannskoret sitt merke flankert av to bergen-symbol.

Bergen-17. mai – om bord på ein båt

Kan henda har det førekome 17. mai-markeringar om bord på rutebåtar i Sogn og Fjordane, men knapt noko i nærleiken av programmet om bord på «Nordfjord 1» inn Sognefjorden med kurs for Høyanger på nasjonaldagen år 1932, ein Bergen-17. mai i miniatyr:

«Feiringen av dagen tok sin begynnelse med at man stilte opp i morgenprosesjon. Først 17-mai komiteen i sine tradisjonelle drakter, deretter Lungegårdens ungdomskorps, så barnetoget og tilslutt hovedprosesjonen. Den lange strekning rundt skibet blev tilbakelagt gjentagne ganger. Tilslutt marsjertes inn på festplassen, som befandt sig aktenfor midskibs. Komiteens formann R. Johannessen ønsket velkommen. Derefter talte dirigenten for fedrelandet og fru kaptein Wærness for Bergen.»

Høyanger

«17. mai i Høyanger. Ekstra festpreg ved sangerbesøket fra Bergen», stod som overskrift på Høyanger Avis sin presentasjon av 17. mai-programmet 1932. Komiteen oppmoda «stedets befolkning» til å slutta opp om alle arrangementa. Og det gjorde folk, ikkje minst på kommunekaia og Kloumannsplass for å ta imot bergensbesøket. Høyanger Avis skildra det uvanlege møtet med desse orda:

«Kl. 10 var der samlet en masse folk på kaien i Høyanger, mannskor og hornmusikken i spissen for å ta imot «Nordfjord 1» som kom med «Freya»-sangerne. Under salutt både fra land og fra båten gled skibet inn flaggsmykket og nasjonalpyntet fra «topp til tå». På fordekket var «Freya»-sangerne opstillet til konsert og akterut på promenadedekket var musikkorpset som fulgte sangerne. Det blev gjensidig en enestående festlig mottagelse med sang og musikk både fra skibet og fra land.»

Bergens-gjestene var nå med for fullt i Høyanger-feiringa. «Kl. 11 stilte alle ombordværende under foreningens fane for å delta i stedets 17. mai-prosesjon.» Toget gjekk til idrettsplassen der begge mannskora ga eit par nummer før «et hjertelig og humørfylt velkommen» av formannen i 17. mai-komiteen, byggmeister Svendsen. Lærar Uglum heldt talen for dagen, og dirigent Cecil T. Lund følgde opp med «en varmhjertet tale for fedrelandet.» Og i leikane på idrettsplassen etterpå «seiret «Freya»s stafettlag stort.»

Om ettermiddagen heldt «Freya» konsert for fullt hus i ungdomshuset «Valhall». Signaturen «M.V.» var godt nøgd. «Koret var rikt både på klang-, stemnings- og styrkenyansar, og dirigenten, herr Cecil T. Lund, visste å nytte dei ut.»

Etterpå ga Høyanger Mannskor middag for bergens-koret på Eides Hotell. Og om kvelden var der var stor folkefest i «Valhall». Då «Nordfjord 1» la frå land klokka 11, blei det sendt opp fyrverkeri både frå land og frå skipet. «Dagen var den festligste som Høyanger har hatt», konkluderte Høyanger Avis.

kjelder:

Fleire lokalaviser i Sogn og Fjordane mai 1932.


Mannssangforeningen «Freya» 1885-1935. 1935.