Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Biletveverska Brita Lund



Biletveverska Brita Lund var fødd 24. juni 1886 på garden Lund på Grodås i Hornindal. Ho var den eldste av fem sysken. Foreldra var nyrydningsfolk. Dei rydda seg ein fin gard som ligg høgt og fritt med fint utsyn over Hornindalsvatnet og bygda. Her voks Brita opp.

Brita Lund i arbeid med veven. Dei fine fargenyansane ho fekk fram, kravde ofte at ho brukte korte innslag. Ho kunne difor ikkje veve med vevskei som ved vanleg veving. Reiskapen hennar til å slå ihop veven med, var ein vanleg gaffel. Det låg såleis eit uhorveleg arbeid bak dei store teppa hennar.

Brita Lund i arbeid med veven. Dei fine fargenyansane ho fekk fram, kravde ofte at ho brukte korte innslag. Ho kunne difor ikkje veve med vevskei som ved vanleg veving. Reiskapen hennar til å slå ihop veven med, var ein vanleg gaffel. Det låg såleis eit uhorveleg arbeid bak dei store teppa hennar.

Eigar: I Historisk årskrift. Nr. 2.1986.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Vevinga gjorde Brita kjend

Brita måtte tidleg ut å tene. Ho hadde fleire huspostar både i Nordfjord og Oslo. Men ho kom heim att til Hornindal og starta som strikkerske. Ho hadde fått tak i ei strikkemaskin og tok på seg strikkearbeid for bygdefolk. Men dette arbeidet ga lite rom for skapande fantasi i eit kunstnarsinn, og ho prøvde seg på måling. Ho måla fleire bilete, men selde dei ikkje. Så satsa ho for fullt på vevinga, og det er dette som har gjort Brita kjend.

Biletveving

Den første tida gjekk det i nyttevev, men etter kvart gjekk ho over til biletvev, og på dette området gjorde ho eit meisterleg arbeid. På 1600-talet var biletveving ein utbreidd tradisjon på bygdene våre, men frå om lag 1800 vart det så å seie heilt slutt med denne særmerkte forma for norsk prydkunst. Brita Lund er ei av dei som har teke vare på denne gamle tradisjonen i Norge.

Spinning og farging

Heilt frå ho var ung, hadde ho stor interesse av plantefarging. I det meste av den store produksjonen sin har ho brukt sjølvspunne og sjølvfarga garn. Ho karda, spann og farga. I 45-årsalderen hadde ho eit års opphald hos den kjende biletveverska fru K. Sexe i Nordheimsund. Her lærte ho seg å verte sikker i fargesamansetjing.

Motiv og utstillingar

Etter dette byrja dei store kunstverka hennar å ta form. Ho har vove kring 50 store teppe med motiv frå bibelen, historia, den norrøne mytologien og frå segner og eventyr. Det er folkeliv og folketru ho for det meste har skildra.
Gjennom åra har Brita Lund halde fleire separatutstillingar både her i landet, i USA og Sveits. Ho har selt tepper til m.a. kong Haakon VII og dronning Maud. Kronprinsesse Märtha fekk velje seg eit teppe av Brita Lund til 50-årsdagen sin. Dette inspirerte Brita svært mykje til vidare arbeid.

Bilete av teppet "Madonna med barnet."

Bilete av teppet "Dronning Ragnhilds draum."

Elevar

Brita tok óg imot elevar heime i Lund. Der lærde ho frå seg biletvevkunsten til unge jenter både frå Nordfjord og andre deler av landet. Mange av desse har blitt flinke biletverarar.

Bustad

Brita budde og arbeidde heime i Lund til ho var over 60 år, der ho også stelte for foreldra sine så lenge dei levde. Etter krigen ville ho bygge seg hus i Hornindal. Ho hadde fått seg tomt, men det var vanskeleg å få byggeløyve i dei dagar. Difor reiste ho til Hølen i 1951, der ho hadde kjøpt eigedomen Adelineborg. Ho budde der i 12 år, og mange av dei store kunstverka hennar vart skapte der.
I 1963 kom ho tilbake til Hornindal. Ho var framleis i fullt arbeid med vevinga til ho døydde 29. januar 1966. Ho er gravlagd ved Hornindal kyrkje.

Bilete av eit minnesfrimerke fra 1941. På frimerke er "Dronning Ragnhilds draum" illustrert.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Tomasgard, Oddgeir: Kunstveverska Brita Lund 1886-1966. I Historisk Årsskrift.Hornindal Historielag, nr. 2, 1986.

PERMANENT IDENTIFIKATOR