Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. juni 2009

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Revebjølla - Sogn og Fjordane sin fylkesblom



Sogn og Fjordane fylke har fleire symbol eller kjennemerke. Først kjem fylkesvåpen og fylkesflagg, deretter fylkesblom, fylkesstein og fylkestre. Denne artikkelen handlar om fylkesblomen - revebjølla.

Revebjølle i Henjadalen, Leikanger, 10. juni 2009

Revebjølle i Henjadalen, Leikanger, 10. juni 2009

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Forankra i fylkestinget

Sogn og Fjordane fekk fylkesblomen sin, revebjølla, i 1989. At fylket skulle ha sin fylkesblom, og at fylkesblomen skulle vera revebjølla, er forankra i fylkeskommunen sine øvste politiske organ. Fylkesutvalet handsama saka på møte 19. april 1989. Fylkesutvalet rådde til at fylkestinget fatta vedtak om å slutta seg til eit framlegg som var kome frå Det Norske Hageselskap og Norsk Botanisk Forening om at revebjølla skulle vera Sogn og Fjordane sin fylkesblom. Fylkestinget handsama saka under sak 1 på fylkestinget 6. juni 1989 og slutta seg samrøystes til framlegget.

På kaffikrus

Symbol vert gjerne brukte for å gje uttrykk for eit bestemt innhald, for markering og for å byggja og styrkja felles identitet. Og revebjølla har så visst kome til syne mange stader og i mange samanhengar sidan 1989. Eitt bruksområde er daglegdagse bruksgjenstandar med "fylkeskruset" som eit godt døme. Rogalands-firmaet "Figgjo Norway" - eller frå gammalt betre kjent som Figgjo Fajanse - har laga kaffikrus for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Kruset er dekorert med fylkesvåpenet og to revebjøller. Dessutan står påtrykt SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE og på somme namn på institusjon, til dømes Fylkesarkivet. Som tekst til revebjøllene står: Revebjølla (Digitalis purpurea) Fylkesblomst. [Skrivemåten fylkesblomst er feil, det rette er fylkesblom].

Nasjonalt tiltak 

Det var Det Norske Hageselskap og Norsk Botanisk Forening som i 1987 gjekk saman om å sjå nærare på spørsmålet om fylkesblomar i Noreg. Om lag samstundes låg utgreiinga Fylkesblomster i Norge av professor Olav Gjærevoll føre. Han hadde skrive denne etter førespurnad frå brukskunstnaren Edel Nordbakk i Nordli. Ho hadde på privat initiativ arbeidd med å finna fram til botaniske motiv med tanke på suvenirproduksjon.

Fleire kriterier for val 

Gjærevoll drøfta kva som måtte leggjast til grunn for val av fylkesblom. Eitt kriterium var at blomen måtte vera såpass kjent at folk hadde eit forhold til blomen, at dei kunne nikka attkjennande. Eitt anna kriterium var at blomen måtte vera karakteristisk for fylket eller landsdelen. Dessutan meinte han at den samla lista av fylkesblomar måtte avspegla karakteristiske trekk i landet sitt vegetasjonsbilete. Og endeleg meinte Gjærevoll at det måtte leggjast vekt på om blomane (plantene) passa til å bli brukte som kunsterisk motiv på tekstiler, keramikk, og vidare på prospektkort, vimplar og liknande, jamvel på frimerke.

Om revebjølle for Sogn og Fjordane 

Både Det Norske Hageselskap og Olav Gjærevoll føreslo revebjølle for Sogn og Fjordane. To andre alternativ som hadde vore nemnde var søyle-einer og blåstjerne.

Gjærevoll skreiv mellom anna:

"Revebjølle er en av de planter som vestlendinger flest kjenner, og som tiltrekker seg oppmerksomheten hos dem som besøker landsdelen. Den er typisk vestlandsplante, og jeg synes absolutt at et av vestlandsfylkene må ha den. (...) Revebjølle kan være aktuell også for Hordaland, men da kusymre synes å stå sterkere der, er jeg kommet til at revebjølle bør bli fylkesblomst for Sogn og Fjordane. Det er pekt på at det er atskillig kulturhistorie knyttet til blåstjerne og søyle-einer, men det argumentet kan også brukes om revebjølle som medisinplante."
 

Sverige og Finland 

Nabolandet Sverige var tidleg ute med "landskapsblommor". Spørsmålet kom opp alt i 1907 og to år seinare kom professor V.B. Wittrock ved Bergianska Trädgården med framlegg til blom for 25 landskap. Wittrock si liste har stort sett vore gjeldande seinare. Finland fekk sine fylkesblomar tidleg på 1980-talet. Den finske lista kom etter ei avstemming i lokalavisene.

Om revebjølla i Norsk Allkunnebok 

"Digitalis, planteslekt som høyrer til maskeblomane. Oftast høge, grove urter med hangande, klokkeforma blomar i lang klase. To stutte og to lange mjølbærarar. Digitalis purpurea, revebjølle, veks vill i sjøbygdene og sume stader inn gjennom fjordane frå Langesundsfjorden og nordover til Trøndelag. 70 cm. Toårig. Purpurraud krone som er håra innvendes. Or frøa får dei giftemnet digitalin, og or blada gifteemnet digitonin. Viktig medisinvokster (mot hjartesjukdomar). Har vore mykje nytta i folkemedisinen òg. Mange varietetar av Digitalis purpurea og mange andre(...)" 

kjelder:

Norsk Allkunnebok , bd 3, Oslo 1951.
Fylkesblomster i Norge av Olav Gjærevoll. (Artikkel i Blyttia, 1989, h.3, s. 103-108. ill.)
Sogn og Fjordane fylke, fylkestingsforhandlingar 1989.
Fylkesblomster i Norge av Per Magnus Jørgensen (Artikkel i Blyttia, 1988, h.3, s.118-122)
Sveriges landskapsblommor och deras historia av J.Vegelius. Stockholm 1981.