Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Brurabenken i Håskaret grensestein og kvilestein



I Håskaret ligg ein nær på 4 m lang stein som markerer grensa mellom både gardar og kommunar. Steinen kan òg ha gitt kvild til eit brurafylgje på veg til Holmedals-kyrkja.

Erlend prøver Brurabenken.

Erlend prøver Brurabenken.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: 1972.

Fotograf: Per Bygnes.

Steinen

Brurabenken, også kalla Håskarsbenken, ligg i Håskaret på grensa mellom kommunane Hyllestad og Fjaler, rett nord for Seljevolltjørna. Fram mot Håskaret og Brurabenken på Hyllestad-sida går ein opp Håskarsmyra. Steinen er 3,5 til 4 meter lang og opp mot 80 cm brei. I steinen er det hogge inn ein tydeleg grensekross med 20 cm lange armar. I enden på armane er det bora inn groper. Det siste kan tyda på at krossen er av nyare dato, truleg etter jordskifte i 1957 og utmarksjordskifte i 1987.

Grensestein

Krossen i Brurabenken markerer grensa mellom gardane Seljevoll, gnr. 7-2, og Myklebust, gnr. 8-3, i Hyllestad og Fjaler-gardane Håvågen, gnr. 33-1 og Fure, gnr. 34-5. Såleis vert også krossen i Brurabenken ikkje berre ei markering mellom gardar og kommunane Hyllestad og Fjaler, men også mellom Sogn og Sunnfjord.

Håskaret ein naturleg ferdsleveg

Håskaret var ein naturleg ferdsleveg mellom ytre delen av Hyllestad og ytre delen av noverande Fjaler kommune. Før det kom skikkelege vegar ytst på halvøya, og det kom bil i kvart eit tun, la ungdomen vegen gjennom Håskaret når dei ville råka ungdom i grannekommunen.

Namn og kvilestad

Munnleg tradisjon i Skifjorden seier at Brurabenken har fått namnet sitt etter eit brurafylgje som kvilde der, på veg til vigsle i Holmedals-kyrkja. Kva tid dette hende, og om det har gått fleire brurafylgje same vegen, er ukjent.
Men eitt er sikkert, Brurabenken er framleis god å sitja på viss ein vil ha ein kvilepause på turen gjennom Håskaret.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Økonomisk kartverk.
Notat 06.05.01 v/Per Bygnes etter ekskursjon i lag med Nancy Bygstad.
Notat 04.10.01 v/Per Bygnes etter telefonsamtale med Håkon Giil.
Notat 07.10.01 v/Per Bygnes etter telefonsamtale med Haldor Bjørnestad.
Kopiutdrag frå protokoll etter jordskifterett 30.10.1957.
Kopi av kartutdrag over utmark for Sandnes og Seljevoll frå 1955-56 v/Erling Rolland.
Utdrag av rettsbok etter utmarksjordskifte på Myklebust, avslutta 16.12.1987, med kart.

PERMANENT IDENTIFIKATOR