Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Kapteinsgarden i Måren



Borgarhuset Kapteinsgarden gjer eit solid inntrykk der det ligg ved Sognefjorden, i den vesle, veglause bygda Måren.

Kapteinsgården sett frå sjøen.

Kapteinsgården sett frå sjøen.

Eigar: Stein Stoknes.

Datering: 1997.

Fotograf: Stein Stoknes.

Eigentleg kalla Nygaard

Kapteinsgarden er eigentleg eit noko misvisande namn. Det var ikkje kaptein Daae som oppførte bustaden, men den bergenske presten Michael S. Tuchsen. Han arva i 1793 garden Måren frå mor si, Karen Chathrine Tuchsen (fødd Daae). Presten flytta til Måren i 1808. Huset var då alt oppført, og garden hadde fått namnet, Nygaard.

Borgarhus frå Bergen

Tuchsen si tid som embetsmann i Bergen fekk stor innverknad på utforminga av huset i Måren. Det vart ein tidhøveleg bustad etter borgarlege ideal med symmetri i plan og fasaden, fleire salar og stover og heilvalma tak. Huset kan på fleire område samanliknast med Loni på Loftesnes og Stedje prestegard, begge i Sogndal.

Kapteinsgarden

Michael S. Tuchsen døydde i 1817, og fosterdottera hans, Christiane Sophie Fasting, gift med kaptein Gerhard Heiberg Daae, busette seg då i Måren. Garden gjekk med dette over til å heite Kapteinsgarden. Kapteinen fekk grunnlagt "Nyhagen", ein rein prydhage med lysthus og terassar, som står i stil med huset sitt borgarlege preg. Christiane Sophie tok sjølv over garden i 1860, då mannen hennar døydde. Men etter kvart som ho vart eldre, fekk ho hjelp av dottersonen Michael Christian Nimb. Sjølv døydde ho 92 år gamal, og Nimb vart då den nye eigaren av Måren.

Portrettbilete av Gerhard Heiberg Daae.

Storgard

I 1890 omfatta tunet på Kapteinsgarden 10 bygningar, i tillegg til naust og smie. Eit svært dominerande hus, i tillegg til hovudhuset, må den store driftsbygningen ha vore. Denne vart oppført ein gong rundt midten av 1800-talet, og påbygd av Nimb i 1880-åra. Men frå 1914 kom på ny eigaren av Kapteinsgarden til å heite Daae, Gerhard Michael Daae. Kapteinen var morfaren hans, og etter ein del år i Amerika kjøpte han garden av svogeren Nimb.

Bilete av tunet på garden.

Modernisert

Med den nye eigaren vart det no gjort forsøk på å modernisere det over 100 år gamle huset. Mellom anna fekk ein gjort om dei store salane i andre høgda til private soverom og ein flytta hovudinngangen til baksida av huset. Dette var, i følgje historikarar, eit resultat av idealet om mindre klasseforskjellar, som var dominerande på den tida. No fekk ein også oppført ein slags glassveranda på framsida av huset.

Bilete av hovudfasaden på Kapteinsgården.

Berre huset og hagen att

Utover 1900-talet selde Gerhard Daae omlag 2/3 av hovudbruket, inklusive størsteparten av den oppdyrka innmarka. Dette gjorde den store bygningsmassen på garden overflødig, og i dag er det berre hovudhuset og hagen att. I år 2000 var det Gerhard Melchior Daae som eigde Kapteinsgarden. Han overtok denne då faren Gerhard Michael Daae døydde i 1933 og kona hans, Nicoline, hadde sete i uskifta bu fram til 1970. Hovudhuset er i hovudsak uendra sidan 1919 og framstår i dag som eit verdifullt kulturminne.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stoknes, Stein: Kapteinsgården i Maaren. Tidsskrift for Norske Fortidsminnemerkers Forening 1997.
Austreim, Arne: Embetsmannsgardar, Ortnevik, Bjordal, Frivik, Kyrkjebø, Måren. I Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, band III. Høyanger 1978.

PERMANENT IDENTIFIKATOR