Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Holsen kyrkje



Holsen kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg på Holsen i Førde kommune. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla 11. desember 1861 av prost Johan Christie. Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan laga teikningane. Både Holsen kyrkje og Haukedalen kyrkje er soknekyrkjer i Holsen og Haukedalen sokn i Førde prestegjeld.

Holsen kyrkje ligg vakkert til og lyfter stolt sitt karakteristiske tårn. Kyrkja har ei symmetrisk form med eit midstilt tårn, og våpenhuset i vestenden og sakristiet i austenden er like store.

Holsen kyrkje ligg vakkert til og lyfter stolt sitt karakteristiske tårn. Kyrkja har ei symmetrisk form med eit midstilt tårn, og våpenhuset i vestenden og sakristiet i austenden er like store.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Gammal kyrkjestad

På Holsen stod ei av dei siste stavkyrkjene i Sunnfjord, riven ein gong etter 1722. Då dei bygde ny tømmerkyrkje, flytta dei kyrkjestaden til eit flaumsikkert høgdedrag 100 m mot vest, der dagens kyrkje frå 1861 også står. Her ligg kyrkja vakkert til, ved austenden av Holsavatnet.

Holsen er ein gammal kyrkjestad, som er nemnd fyrste gong i 1360. Heilt fram til 1600-talet høyrde haukedølene også til Holsa-kyrkja, før dei fekk sitt eige kapell. Dagens kyrkje er den tredje som har stått på Holsen, og er den eldste av dei tre kyrkjene i Førde kommune.

Midtstilt tårn

Holsen kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje av tømmer, med kor og skip i same breidd. Tømmeret til kyrkja vart hogge på dugnad i Viskedalsskogen. Grunnarbeidet og frakta av tømmeret vart utført ved pliktarbeid, der også folk frå Haukedalen skal ha delteke. Då kyrkja vart vigsla hausten 1861, hadde Ola Nilssen Haarklou, far til den kjende komponisten Johannes Haarklou, samla eit songkor til høgtida, og det var truleg det fyrste songkoret i Sunnfjord.

Kyrkja har ein symmetrisk utsjånad med eit midtstilt tårn, og våpenhuset i vestenden og sakristiet i austenden er like store. Innvendig er veggene umåla, det vantar galleri og taket er flatt og blåmåla. På kvar langside er det tre store vindauge. Kyrkja stod uendra til 1936, då tak, listverk, alterring og preikestol fekk nye fargar. Skråstilte broddeband, som stiva av tak og vegger, vart då fjerna, og kyrkjerommet vart opnare. Bak den enkle trekrossen på alteret kom det ein baldakin med stjerner på blå botn. Veggene vart haldne trekvite. Utvendig vart det bygd ny trapp og ny tilkomstveg. Kyrkja fekk også orgelharmonium, kosta av bygdefolket og utflytte holsingar. På 1950-talet vart det sett inn farga glas innvendig.

Midt på 1970-talet fekk kyrkja nytt bårehus med reiskapsrom og sanitæranlegg. Kyrkjegarden vart utvida i 1997, og det kom opp nytt gjerde. I 1998 gjekk kyrkja gjennom ei større vøling. All kledning vart teken ned, kyrkja vart isolert, og den gamle kledninga sett opp att og måla på ny. Kyrkja i Holsen har gudsteneste kvar tredje sundag.

Debatt om altertavle

På 1990-talet var Holsen kyrkje mykje framme i media, på grunn av debatten om ny altertavle. Det finst mange døme på at kyrkjer frå same tid som Holsen i fyrste omgang fekk ei enkel alterutsmykking i form av ein trekross. Det er ikkje så visst å seie kor medvite dette valet var, og om det eintydig vart sett på som noko førebels. På 1970-talet tok Holsen sokneråd opp tanken om ei endring i alterområdet. Planen var heile tida at den gullbelagde trekrossen skulle bli verande i kyrkja, og setjast opp ein annan stad i kyrkjerommet. I 1987 vart kunstnaren Jørleif Uthaug kontakta, og i juni 1988 gav soknerådet han i oppdrag å lage forprosjekt på bakgrunn av eit framlagt utkast. Utkastet vekte straks strid, og heile fem soknemøte uttalte seg om saka i løpet av eitt år. To soknemøte gjekk inn for framlegget, medan tre gjekk imot. I stridens hete vart det halde ordinært soknerådsval i oktober 1989. Resultatet av valet vart at eit nytt råd med "nei-representantar" overtok ved årsskiftet 1990.

I juni 1989 hadde soknerådet sendt søknad om godkjenning av Uthaug sitt framlegg, og Bjørgvin Stiftsdireksjon kom med si godkjenning 15. november 1989. Slik sett var det formelt og juridisk grunnlag for at den nye tavla kunne komme på plass, men slik gjekk det ikkje. Det nye soknerådet gjekk bestemt imot. Dessutan hadde det gamle soknerådet, før det gjekk av, gjort eit vedtak om å overdra ansvaret med å fullføre altartavleprosjektet til ei nemnd, og å skrive kontrakt med Jørleif Uthaug. Truleg gjorde denne overdraginga til ei nemnd utanfor soknerådet forpliktinga mindre for det nye til å realisere planen.

Motsetningane i saka var særleg sterke i 1992. Då vart Uthaug si tavle utstilt i Førdehuset, noko som førte til stor medieinteresse, og neppe gjorde motsetningane mindre. Advokatar for begge partar arbeidde vidare med sikte på ei løysing, men lukkast ikkje. Biskopen i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther, valde i 1995-1996 å gjennomføre samtalar og møte med dei siste sokneråda, og med gjevarane av tavla. Gjevarane valde å dra den sjølvstendige konklusjon at dei ville trekkje gåva si. Seinare vart det klart at tavla ville bli plassert i det nye kyrkjebygget på Vassenden.

Kunst og inventar

På alteret står to lysestakar i messing som truleg er frå 1861. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk som truleg er frå 1861, og ei brødøskje og ei vinkanne frå 1976.
Preikestolen og den blåmåla døypefonten i tre er frå 1861. Dåpsfatet i messing er frå 1620, det har nederlandsk innskrift: "Bemindt G boven allen dingen". Dåpsmugga i tinn er udatert.

Orgelet er frå 1981 og har fem stemmer. Det er laga av Jehmlich VEB Orgelbau i Dresden. Kyrkjeklokka frå 1861 har innskrifta "Gud alene Æren", og er laga av Laxevaags Jernstøberi.
Kyrkjedøra frå den gamle stavkyrkja er laga av to breie bord og runda i toppen. Døra har særmerkte jernbeslag som minner om kordøra i Hestad kapell. Døra heng no i trappeoppgangen til kyrkjeloftet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR