Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skålatårnet



På fjellet Skåla i Loen i Nordfjord vart det i 1891 sett opp eit stort steintårn som skulle hysa både tuberkuløse og turistar. Mannen bak tiltaket var lege Henrik Kloumann. Kloumann døydde alt året etter, men bygdefolket og Bergen Turlag førte arbeidet vidare og har teke vare på dette særmerkte byggverket. Over 1000 menneske går no til Skåla kvar sommar.

Dei gamle er eldst. Her har den då 81 år gamle Sivert Nesdal teke turen til Skålatårnet tysdag 4. september 1956. Dei to andre var ikkje mykje yngre, både Helga og Lars Loen var då 75 år gamle.

Dei gamle er eldst. Her har den då 81 år gamle Sivert Nesdal teke turen til Skålatårnet tysdag 4. september 1956. Dei to andre var ikkje mykje yngre, både Helga og Lars Loen var då 75 år gamle.

Eigar: I Skålatårnet 1891-1991.

Datering: 1956.

Fotograf: Ukjend.

Henrik og Regina Kloumann

Henrik Gerhard Kloumann og kona Regina Augusta Emilia kom til indre Nordfjord saman med borna sine i 1885. Han var tilsett som lege i indre Nordfjord. Kloumann var sterkt interessert i friluftsliv og fjellvandring. Den 31. august same året stod han på fjellet Skåla saman med student og huslærar Gulbrand Tandberg, målar Knut Dahl og eldste sonen Carsten. Den dagen avgjorde Kloumann at det skulle byggjast eit hus på Skåla, 1848 meter over havet.

Overtalte bygdefolket

Kloumann makta det meisterstykket å overtala bygdefolket til å slutta opp om dette prosjektet både økonomisk og med arbeidsinnsats. Som lege hadde han autoritet. På denne tida herja tuberkulosen i bygdene og fjellufta skulle vera lækjande mot denne sjukdommen. Folk hadde opplevd tuberkulosen på nært hald, og mange ville ta i eit tak for å hjelpa dei som var sjuke. Folk frå Faleide kom roande 15 km til Loen for å bera tunge bører til fjells.
I brev til "Lodølerne" hevda Kloumann òg at huset på Skåla ville trekkja mange turistar til "yndige Loen, kanskje den mangedobbelte mængde imot nu". Mange reisande vil gje betre økonomi og bøndene kunne få selja varene sine til betre prisar, hevda han. Det ville verta stor trong for ridehestar til Skåla og han trudde at prisen for ein tur med hest og mann ville kosta 7 kroner. Han utfordra lodølene til å teikna seg og hevda at pengane ville koma mangedobbelt att. Kloumann planla nøye på etterjulsvinteren 1891.

Sommaren 1891

Sommaren 1891 skulle bygginga skje. Dei meinte prisen ville bli kring 1000 kroner. I juli 1891 var byggematerialane på plass i bygda. Dei satsa på å få saman berarar ein laurdag i slutten av juli. Dei ville at ha Hans A. Faleide skulle underhalda berarane med fele og lur på den tunge turen opp. Men ingen ting skjedde denne laurdagen. Dei fekk ikkje nok berarar.
Tida gjekk og vinteren kjem tidleg på Skåla. Kloumann pressa på i brev til Helge Loen for no tok det til å verta kritisk. Murane hadde gått opp og dei måtte ha materialar for å kunna utføra sitt arbeid. Men det ordna seg, drive fram av Kloumann sin sterke vilje. Det synte seg òg at det tok mykje tid og arbeid å få dei som hadde teikna seg for pengetilskot til å betala inn summen.

Skålatårnet stod ferdig

Det meste av byggematerialane var på fjellet. Tårnet skulle byggjast i stein. Steinen var av god kvalitet og mykje kunne nyttast utan tilhogging. Tårnet vart mura med dobbel mur. Mellom murane vart det fylt med småstein. Murane vart bundne saman av gjennomgåande heller. Muren er over ein meter tjukk og tårnet har ein indre diameter på fem meter. Tårnet er sirkelforma og bygt i to høgder. På taket la dei papp, og det vart mykje arbeid seinare for å halda taket vedlike.
Tårnet vart ikkje heilt ferdig sommaren 1891, men godt nok til at det kunne nyttast til overnatting. Vegger og tak, vindauge og dørar var på plass. Dei som bygde tårnet, laga seg eit telt av seglet frå ein storebåt. Der sov dei og der laga dei seg mat. Dei kokte og steikte på ein oljebrennar. Arbeidet gjekk utan avbrot. Då dei var ferdige, fanst det ikkje att høveleg byggjestein stein på lang lei.

Kloumann døydde

Henrik Kloumann hadde hatt fleire tilfelle av influensa sommaren 1892. På ei tenestereise til Oppstryn pådrog han seg så ei alvorleg forkjøling. Etter eit par dagar i sjukesenga, døydde Kloumann den 14. september 1892. Han vart gravlagd i Kristiania. Familien drog no frå bygda og i 1896 gav fru Kloumann tårnet til folket i Loen. No måtte bygdefolket ta stilling til korleis ansvar og arbeid skulle fordelast. Enden på den visa vart at dei gav tårnet til Bergens Turistforening, i dag Bergen Turlag.

Vegbygging

Etter planen skulle det også byggjast veg til Skåla. Dette arbeidet vart no sett i gang. Knut Tjugen, som vart tilsynsmann i 1910, var ei drivande kraft i dette arbeidet. Han vart kalla "Skåleuren byggmester". Grunneigarane gav fri veg frå garden Tjugen og oppover, og den skulle vera ein meter brei. Dei var sjølve med og stakk den ut slik at vegen ikkje skulle koma til ulempe for dei sjølve. Meininga var at det skulle verta ride- og kløvjeveg. Men fram til i dag har ingen hest vore på Skåla.
Etter Kloumann vart dokter Brodtkorb ny lege i indre Nordfjord. Han tok over både legegjerninga og interessa for Skålatårnet. Mellom 1905 og 1913 vart det meste av vegen bygd. Mange stader vart det berre laga grusveg, men i steinurane mellom breane la dei trappesteg, nesten 1000 i alt.

Tilsyn

Helge Loen vart tilsett som første tilsynsmann for Skålatårnet. I 1900 slutta han, og Knut Tjugen tok over. Sonen Anders tok over etter han. Anders Tjugen hadde i hovudsak tilsynet fram til han døydde i 1965. Då han var i Amerika, hadde broren Ole ansvaret. Då Anders Tjugen døydde, tok brorsonen Knut Tjugen over endå han berre var 16 år. Håkon Loen vart tilsynsmann kring 1968. Alle som ville til Skåla måtte innom stova på Tjugen for å skriva namna sine i ei bok og for å få lykel til tårnet.

Vedlikehald

Like frå bygginga hadde taket vore eit stort problem. I 1898 fann dei ut at bølgjeblekk var det einaste som ville halda, men så snudde dei og valde i staden å satsa på papp. Bølgjeblekket vart for dyrt. Då dei la aluminiumstak i 1952, fann dei heile ni lag med papp.
Leif Lødemel var ein viktig mann då dei bytte tak i 1952. Han leia dette arbeidet og utførte det på ein framifrå måte. Dei fekk òg laga halvmåneforma senger med plass til i alt 22 personar. Sengematerialane måtte berast opp av bygdefolket. Etterpå var det dans og fest i låven på Tjugen og i ungdomshuset Heimtun.
I 1960- og 1970-åra var tårnet merka av sterkt forfall. Turistane klaga og noko måtte gjerast. I 1972 var det innkjøpt til saman fire tonn med møblar, kjøkenutstyr, proviant og materialar. Dette vart samla i Loen. No nytta dei helikopter opp til toppen. Utover i 1970-åra la folk i Loen ned eit stort arbeid for å halda verket til Kloumann i god stand, og no er Skålatårnet godt vedlikehalde.
Fram til at tårnet vart restauret i 1970-åra, var det årlege besøket på mellom 100 og 300 personar. Etter dette tok det til å auka. I 1989 passerte besøkstalet 1000 og 1990 var talet 1034.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Faleide, Rolf: Skålatårnet 1891-1991. Sandane 1991.

PERMANENT IDENTIFIKATOR