Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Høyangertunnelen - Nord-Europas lengste vegtunnel i 1982



I 1982 opna Høyangertunnelen, Nord-Europas lengste vegtunnel. Tunnelen erstatta ferjesambandet mellom Kongsnes og Nordeide. Opninga vart utført av kong Olav og var ei storhending.

Den 20. mars 1977 gjekk første salva i Høyangertunnelen. Snaue fire år seinare var det gjennomslag. Den 2. oktober 1980 kunne arbeidsstokken frå begge sidene samla seg på på 'røysa' til  feiring og fotografering.

Den 20. mars 1977 gjekk første salva i Høyangertunnelen. Snaue fire år seinare var det gjennomslag. Den 2. oktober 1980 kunne arbeidsstokken frå begge sidene samla seg på på 'røysa' til feiring og fotografering.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest.

Datering: 1980.

Fotograf: Gerhard Haugland, Sogns Avis.

Lange tunnelar

I 1975 vedtok Stortinget at vegen Kongsnes-Høyanger skulle gå i ein 7522 km lang tunnel mellom Lånefjorden i Balestrand og Høyanger. Tunnelen ville bli den lengste vegtunnelen i Nord-Europa. På den tida hadde vegvesenet i Sogn og Fjordane berre erfaring med tunnelar kortare enn 3 km. I 1966-67 var Lotetunnelen i Nordfjord og Magnhildskartunnelen i Bremanger/Flora ferdige. Planarbeidet med dei lengste tunnelane på Strynefjellsvegen var då så vidt i gang. I Europa var lange vegtunnelar ikkje noko problem. I 1965 stod Mont-Blanctunnelen (11,6 km) mellom Frankrike og Italia ferdig.

Sprakefjell

Arbeidet på den 13,5 km lange strekninga byrja i november 1976, og 20. mars året etter gjekk første salva i tunnelen på Høyangersida. Frå Lånefjordsida starta tunneldrivinga i oktober 1977. Arbeidet i tunnelen var ikkje utan vanskar. Spenningar i fjellet gjorde det naudsynt med omfattande sikring. Fenomenet er kalla sprakefjell grunna den særeigne lyden som oppstår når fjellblokkene losnar med eit brak. I Høyangertunnelen var det første gong tunneldrivarane var så djupt inne i eit fjellmassiv at dei fekk oppleva innestengde spenningar i fjellet i så stort omfang. Spenningane utløyste enorme krefter under drivinga, og store steinflak vart kasta tvers over tunnelen.

Sikringsarbeid

For å sikra at det ikkje losna stein i tunnelen, vart han først reinska for lause steinar og deretter bolta med 80.000 boltar. Tunnelen vart såleis sikra med 10 boltar for kvar meter. I tillegg vart det festa 26.000 kvadratmeter netting i tunneltaket og 700 m platekvelv for å hindra steinsprang. Dette forseinka arbeidet. Trass i vanskane under drivinga, vart tunnelen rimelegare enn kostnadsoverslaget. Dei reelle kostnadene i 1982-kroner var 153,4 millionar, som var ei innsparing på 4 mill. kroner.

Betre helse for tunnelarbeidarane

I 1976 vart den første hydrauliske boremaskina driven med elektrisk motor teken i bruk i Noreg. Dette var ei klar forbetring i høve til dei luftdrivne boremaskinane. For det første brukte dei mindre energi, og for det andre var det eit stort miljømessig framsteg. Metoden førte til at dei ikkje fekk det som vart kalla "oljetåke" på stuffen (i arbeidsområdet). "Oljetåka" var ei alvorleg helseplage for tunnelarbeidarane. Det gjekk likevel eitt år før vegvesenet torde å satsa på slike maskiner, men frå 1977 vart Høyangertunnelen driven med hydraulisk boremaskin frå Lånefjordsida.

Tunneltryggleik

Med ein så lang tunnel var tryggleiken eit viktig spørsmål. Tryggleik galdt både for trafikantane og for arbeidarane. Om Høyangertunnelen heitte det då den opna, at den var "trygg som fjell". Tryggleiken gjekk særleg på ventilasjon. Ventilasjonsopplegget hadde kapasitet til å halda unna eksosen frå 600 bilar i timen. Det ville vera tilstrekkeleg sjølv med turisttrafikken om sommaren. Ventilasjonsanlegget var heilautomatisk. Men det var likevel ikkje trygt under arbeidet med tunnelen. Ein av arbeidarane vart drepen då han dreiv med reinsking etter tunnelgjennomslaget.

Opning og fest

Den 2. oktober 1980 var det gjennomslag, og 25. mai 1982 opna tunnelen for trafikk. Den høgtidelege opninga vart føreteke av H M Kong Olav. Skulane i Høyanger og Balestrand fekk fri, og folk strøymde til opninga på den store dagen. Ei slik hending samla og radio, fjernsyn, lokalpresse og hovudstadspressa. Over 20 pressefolk møtte fram på vegvesenet sin "pressefrukost" om morgonen for å få med seg fakta om tunnelen og bygginga.

Mange gjester

Gjestelista var lang. Frå fylket var ordførarane i alle kommunane innbedne. Av stortingsrepresentantar frå fylket møtte Kjell Opseth, Per Husabø og Ambjørg Sælthun, dessutan tidlegare stortingsrepresentant Paul Svarstad. Saman med lokale politikarar, tunnelarbeidarar, ingeniørar og folk frå fylkesadministrasjonen var gjestelista på 120 personar.

Ein endå lengre tunnel

Under drivinga av Høyangertunnelen var planane i gang med ein nær dobbelt så lang tunnel. I 1982 byrja arbeidet med den 11,4 lange Gudvangatunnelen. I løpet av 1980-åra vart Sogn og Fjordane - fylket med flest tunnelmeter veg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Handeland, Olav: Tverrsambandet Kongsnes-Høyanger. I Vegstubben, s. 3, nr. 1-1973.
Handeland, Olav: Gjennomslag i tunnelen Høyanger-Lånefjorden. I Vegstubben, s. 34-36, nr. 2/3-1980.
Lotsberg, Gunnar: Tunnelfylket Sogn og Fjordane. I Kommunalteknikk, nr. 3-2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR