Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Guddal kyrkje



Guddal kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Engja sin grunn i Guddal. Kyrkja, som har 135 sitjeplassar, vart vigsla på nytt i 25. september 1870, etter ei omfattande utviding. Byggmeister, og ansvarleg for utvidinga av kyrkja, var John Alver. Guddal kyrkje er soknekyrkje for Guddal sokn i Fjaler prestegjeld. Soknet er eit av dei miste i fylket med 188 medlemer i 1999.

Asmund Lindelid og Oddlaug Holten Nøtsund gifte seg i Guddal kyrkje i 1957. Presten som vigsla paret var farbror til brudgommen. På golvet framfor alterringen ligg eit gammalt åkle i åttebladrose.

Asmund Lindelid og Oddlaug Holten Nøtsund gifte seg i Guddal kyrkje i 1957. Presten som vigsla paret var farbror til brudgommen. På golvet framfor alterringen ligg eit gammalt åkle i åttebladrose.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-96022.0021.

Datering: 1957.

Fotograf: Karl Hatlebrekke.

Kyrkja vart bygt på Engja

I 1870 vart det føreteke ei så stor ombygging av Guddal kyrkje at ho etter dette framstod som ny. Det er forklaringa på at alderen vert rekna frå dette året, sjølv om delar av kyrkja er mykje eldre. Kyrkja vart noko endra i samband med restaureringa framfor 100-årsjubileet i 1970.

Alle dei tre kyrkjene ein kjenner til i Guddal gjennom tidene, har stått på garden Engja. Men også her finst det ei segn om kvar kyrkja opphavleg var meint å stå, nemleg på garden Guddal, på andre sida av vatnet. All materialen var komne på plass og byggjearbeidet skulle setjast i gang. Natta før skjedde så det uforklarlege at materialen vart flytta tvers over vatnet, til Engja. Det måtte vere høgare makter som stod bak, meinte guddølingane. Dermed var det uråd å setje seg imot. Kyrkja vart bygt der Vårherre ville ho skulle stå!

Ombygd og utvida

I 1870 vart gamlekyrkja skøytt på i lengda og påbygd i høgda, og dermed kunne gudshuset innfri krava i føreskriftene frå 1851 til talet på sitjeplassar. Heile bygget fekk ny kledning, nytt golv og ny panel inne, og der kom tårn på taket. Tidlegare var kyrkja rosemåla, men under ombygginga vart materialane og dekoren så skadd at det var uråd å få fram att dekoren kyrkja eingong hadde.

Frå 1870 var kyrkja innvendig stort sett umåla. Preikestolen hadde motiv som i dag og var måla med gul botn og elles brunt. Døypefonten var i kvitt og brunt. Kyrkja hadde alt då eit heller stort galleri med balustrade som i alterringen. Måla til dei ulike romma i kyrkja var: skipet 10,9 x 6 m, koret 3,8 x 4,1 m, og våpenhuset 3,3 x 3,9 m. I tillegg har kyrkja eit sakristi som vart påbygt i forlenginga av koret rundt 1924.

Interiøret

I samband med restaureringa til 100-årsjubileet i 1970 vart kyrkja ein god del endra. Dei grå og lys brune kyrkjebenkene vart skifta ut med nye, der vart lagt ståande panel på veggene, som erstatta det tidlegare liggjande, gråmåla panelet. Dei tre spissboga vindauga på kvar side av skipet vart innvendig dekka til med isolasjonsglas som er heile og ru i utforminga. Løysinga er noko spesiell, for det hindrar utsyn frå kyrkjerommet. Eit anna særmerkt innslag i kyrkjerommet er "utelampene" med blanke kuplar som er festa langs veggene. I det heile framstår kyrkja mykje meir enkel og på eit vis moderne innvendig enn det folk kanskje ventar seg når ein ser ho utanfrå.

Det var fyrst i 1970 Guddal kyrkje fekk oppvarmingsanlegg. Før den tida hadde ein vedomn midt i kyrkjeskipet vore einaste varmekjelda. Omnen vart sett inn i kyrkja kring 1910, og står i dag til pynt i våpenhuset. Elektriske lys var installert i 1955, då det kom elektrisitet til bygda.
På nordsida framme i skipet stod det tidlegare eit husorgel. Då kyrkja fekk nytt orgel, vart det gamle gitt i gåve til Hans J. Hovlandsdal d.y. Han fekk det som ei takk for at han klatra opp i toppen av tårnspiret og henta ned hanen som hadde vore så uheldig å misse bakparten. Då hanen var reparert, tok Hovlandsdal turen opp i spiret nok ein gong for å setje han på plass att. Han utførte dermed ein heltemodig innsats som soknerådet meinte gjorde han vel fortent til å overta orgelet til odel og eige.

Inventar

Altertavla frå 1870 er måla av Johannes Ludvig Losting (1810-1876) og viser "Jesus i Getsemane". Gjennom innskrifta under "Se det Guds lam som bar all verdens synd" (jfr. Joh. 1,29), vert Jesu bønekamp i Getsemane før fengslinga og krossfestinga tyda som den avgjerande kampen. Det er særleg evangelisten Lukas som vektlegg denne delen av Jesu lidingssoge, og som den einaste fortel om engelen som kom og styrkte han (Luk. 22,43), slik det er framstilt på altertavla.

På alteret står to lysestakar i messing frå før 1800, kanskje 1686, og ein trearma lysestake i messing, kanskje frå 1720. Nattverdsutstyret er ein kalk frå 1857 i sølv med innskrifta "Heraf drik i Jesu navn Gud til ære Dig til gavn", ein disk frå før 1830 med innskrifta "IPS STS", og ei brødøskje frå før 1830 med innskrift "JCS JSB".

Preikestolen og døypefonten er begge frå 1870. Dåpsfatet i tinn er frå 1787. Dåpsmugga i tinn er frå 1973 og spesielt laga for Guddal kyrkje.
To glasmåleri frå 1941, laga av Kurth Rognalsen, har motiva "Korsfestelsen" og "Oppstandelsen".
Orgelet frå 1970 har seks stemmer og er laga ved Vestlandske Orgelfabrikk. Kyrkjeklokka frå 1904 er, etter segna, omstøypt av ei klokke frå 1534. Ho har innskrifta "Land, land, land, høyr Herrens ord".

Jonsokfest

Gudsteneste jonsokdag er ein svært gammal tradisjon knytt til Guddal kyrkje. Elles finn ein same tradisjonen i Haukedalen. Jonsokdagen har vore høgtida like sidan 1755, og kanskje enno lenger tilbake i tid. Dagen er vigd misjonsarbeidet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR