Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Treskjeraren Ivar Høyvik



Treskjeraren Ivar Høyvik (1881-1961) har som få andre vore med på å forma det særeigne drakestilsmiljøet i Balestrand. Dei mest kjende arbeida hans er i dag å finna i Høyviksalen på Kvikne's Hotel. Men det er likevel dei storslegne og detaljrike dekorasjonane på drakestilhusa som imponerer mest.

Ivar og Eli Høyvik

Ivar og Eli Høyvik

Fotograf: Foto: Fylkesarkivet

Ivar Høyvik var fødd i Gulen. Han søkte tidleg ut for for å læra seg kunsten å skjera i tre. Såleis stod han i lære under landskjende treskjerarar som Lars Kinsarvik og Magnus Dagestad. Til Balestrand kom han rett før 1910, bygde seg hus, og snart var han i full sving med å forma pynte- og bruksgjenstandar og møblar. Men han dekorerte også hus.

Dekorasjonar

Dekorasjonar eller utskjeringar på villaer og fritidshus er i dag blant dei fremste varemerka til turistkommunen i Midtre Sogn. Mykje av dette er laga av Ivar Høyvik, som arbeidde i nær forståing med dei kunstnarane som bygde seg hus i strandlinja.

Professor Hans Dahl fekk til og med Ivar Høyvik til å laga rammer til maleria sine. Desse rammene var breie og kunstferdige ,- utskrone med symbol frå norrøn dikting og mytologi. Det kjende Dahl-biletet " Der Lockvogel", som keisar Wilhelm kjøpte, har slik innrammimg.

Fargar

Emma Normann Pastor illustrerte bøker. I 1910 bygde Emma Normann Pastor hus ved Esefjorden. Det blir fortalt at ho sjølv teikna huset, og laga utkast til dekorasjonane som framleis pyntar gavl og inngangsparti.

Ivar Høyvik skar ut alle dekorasjonane, og Emma sette fargane på. Dekorasjonane syner noko av det fremste vi eig av drakestil - og norrøn mystikk med røtene sine attende i det førkristne Nor-Europa.

Arbeida tala

Ivar Høyvik sa ikkje så mykje. Han let arbeida sine tala for seg, sa bankmannen og lokalhistorikaren Anders Skåsheim i gravferda til Høyvik i 1961.

Ivar Høyvik var ein streng og ortodoks kristen. Difor framstår det for oss som noko uskjøneleg at storparten av arbeida hans er prega av motiv frå den førkristne tida. Han var først og fremst trufast til den treskjerartradisjonen han hadde tileigna seg i unge læreår under kyndig rettleiing av Dagestad og Kinsarvik. Dessutan var mykje av denne tradisjonen basert på funna i dei gamle stavkyrkjene.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR