Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 18. april 2017

Sist oppdatert 22. august 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sigurd Eldegard



Sigurd Eldegard (1893-1963) frå Årdal var ein av dei fremste spelemennene i Sogn på 1900-talet.

Sigurd Eldegard flankert av dei felespelande søstrene sine, Brita og Johanna.

Sigurd Eldegard flankert av dei felespelande søstrene sine, Brita og Johanna.

Sigurd Sørenson Eldegard var fødd den 22. oktober 1893 i Eldegarden, Årdal i Sogn. Far var Søren Sjurson Eldegard (1868-1946) og mor var Olina Eriksdotter Eldegard f. Moen (1869-1938), og Sigurd voks opp som den eldste i ein søskenflokk på fire. Sigurd starta med fela allereie i gutedagane, og dei første taka fekk han lære av far sin. Seinare lærde han også av bestefaren, den kjende spelemannen Sjur I. Eldegard (1834-1920).

Som gutunge hadde Sigurd ein draum om å verte stor spelemann som for landet rundt og heldt konsertar. Stor spelemann vart han, men fela kom til å skulle låte mest i stova heime på Eldegard. Når Sigurd var ferdig med arbeidet for dagen, sette han seg kvar kveld ned på vedkassen i stova og spelte. Desse speleøktene var kjærkomne avbrekk frå den elles tøffe og harde kvardagen som gardbrukar i Eldegarden.

Sigurd var ingen kappleiksspelemann, men det hende likevel han deltok. Særleg tykte han landskappleiken var interessant, og ofte var han der som tilhøyrar. Elles spelte han mange gonger til dans i bryllaup og andre samkomer i Årdal og områda rundt. Sigurd var med på å skipe Årdal Spelemannslag, og var i nokre år musikalsk leiar for laget.

Tidleg på 1920-talet tok Sigurd over Eldegard, ein veglaus fjellgard utan straum og vatn. Her dreiv han gardsbruk med husdyrhald; geiter, storfe, grisar og hest, og han laga seg flotte frukt- og grønnsakshagar. Til garden høyrde det over 600 mål gild fureskog, og Sigurd bygde sitt eige sagbruk i Eldegarden.

I 1921 gifte Sigurd seg med Jensina Tomasdotter Holseter (1891-1926), og dei fekk fire born saman; Sverre (1922-1989), Olaug Maline (1923-2004), Torolv (1924-1983), og Svanhild (1926-2006). Men Jensina gjekk bort allereie etter fem års ekteskap, og Sigurd levde resten av livet som enkjemann.

Sigurd gjekk bort den 1. oktober 1962, og er gravlagd på Farnes, Årdal.

Spelemenn i Eldegardsslekta

Der har vore fleire spelemenn i slekta til Sigurd Eldegard. Dei mange generasjonane Eldegard har sett sitt preg på musikken, og det er nok ei av dei viktigaste spelemannsslektene i Årdal og Indre Sogn. Musikkgjevnaden seiest å ha kome inn i slekta med Sjur S. Åretun (1781-1825), tippoldefar til Sigurd. Han kom frå Strendene, Lærdal, men gifte seg med odelsjenta i Eldegarden og kom såleis inn i slekta.

Soneson til Sjur S. Åretun, Sjur I. Eldegard (1834-1920), var den største av alle spelemennene i Eldegardsslekta. Sjur tok i gutedagane til å leite seg fram på Tronda-fela etter bestefaren, og snart kunne han spele slåttane han høyre far sin, Ingebrikt S. Eldegard (1813-1885), tralle etter far sin att.

Fire av sønene til Sjur var også gode spelemenn; Olav (1876-1947), Jørgen (1864-1936), Sigurd (1866-1950) og Søren (1868-1946). Av borna til Søren S. Eldegard var det fleire som kom til å dyrke felespelet. Den fremste var nettopp Sigurd, men også søstrene Brita (1909-1977) og Johanna (1906-2005) visste å handtere fela.

Slåttane og spelet

Sigurd Eldegard reindyrka og heldt ved like spelet er bestefar sin Sjur I. Eldegard. Mange vil nok karakterisere slåttematerialet etter Sigurd som enkelt og lite utbygd, for slåttane er ofte korte og oppbygde av små, enkle melodiske motiv. Det interessante er å sjå korleis desse motiva er sett saman, krydra med harmoniske og rytmiske overraskingar, og korleis desse innbyrdes verkar saman. Dette er eit slåttemateriale som har sin styrke i si enkelheit.

Arne Bjørndal seier det slik: ”Melodisk hev sogneslåtten eit eige lag til å tumla seg gjennom store intervall, og sluttkadensen kjem ofte noko brått og uventa, soleis er sluttfall på sekunden ikkje sjeldsynt. Og det lydiske draget er særs sterkt i desse slåttane”.

Ein finn ikkje særleg store tonale utsving i spelet til Sigurd, og tonaliteten peikar ganske klart mot ei dur-/moll-kjennsle. Eit visst drag mot ein slags modalitet kan ein likevel kjenne når Sigurd i mange tilfelle nyttar seg av ei veksling mellom rein og forstørra kvart, noko som på hardingfela ofte gjev sitt utslag i veksling mellom høg og låg andrefinger. Dette førekjem oftast i samband med utføring av triol-rørsler. Elles førekjem også halvhøge kvartintervall.

Sigurd vel somme tider harmoniske løysingar som frir til parallelltonearten. Eit døme på dette kan vere at i melodiske figurar der andre spelemenn ville valt reine durtreklangar, der brukar Sigurd ein molltreklang i omvending.

Spelet til Sigurd kan neppe karakteriserast som lyrisk. Meir dekkjande er det å seie at han dyrkar råskapen, intensiteten og elegansen. Sigurd spelar med framifrå tekniske eigenskapar, og særleg bogehanda framstår som høgt utvikla. Sjeldan møter ein ei slik djervheit, som når han ”skyt” ut ristetaka sine, og her får verkeleg den eminente bogehanda kome til sin rett. Han utfører også enkelte parti i slåttar med spiccato boge, og dette gjer at spelet hans får eit ”luftig” preg. Elles vekslar han elegant mellom ein- og tostrengsspel, og har spenstige og velplasserte føreslag og trillar.

Glissando og vibrato er musikalske verkemiddel som ein ofte kallar framande stilelement i slåttemusikken, og kanskje særleg i hardingfelemusikken. Sigurd tek likevel ibruk desse verkemidla i blant anna lydarslåttane ”St.Thomasklokkene” og ”Huldretone frå Sletterust”. Her er det viktig å peike på at bruk av desse effektane ikkje er eit overordna musikalsk stilideal eller toneideal, men ei utsmykking eller eit ornament.

Valdresspel i Årdal

Ei av dei eldste og viktigaste ferdselsårene mellom aust og vest går over Filefjell. Ei følgje av dette er at det har vore eit rikt samkvem mellom indre Sogn og øvre Valdres, noko som også har sett merkje etter seg i musikken. Valdrisane var kjærkomne og populære spelemenn i både bryllaup og andre samkomer i Sogn. Av spelemenn frå Valdres, kjenner ein til at både Jørn Hilme (1778-1854), Knut Nordland (1794-1877), Nils E. Sveji (1801-1886), Ola K. Strond (1813-1902) og Trond Eltun (1822-1896) var jamleg i Sogn.

Sjølv om kommunikasjonen med aust har sett djupe spor etter seg i heile Sogn, så står Årdal i ei særstilling i høve til Valdres. Den viktigaste kjelda til Sigurd var bestefaren Sjur I. Eldegard. Allereie i konfirmasjonsalderen reiste Sjur over fjellet til Valdres for å lære spel. Dei fremste læremeistrane hans der, var Ola K. Strond, også kalla ”Søynin” og ”Strond’n”, og Trond Eltun. Blant notenedskriftene Arne Bjørndal gjorde etter Sjur I. Eldegard, finn ein fleire slåttar som Sjur lærde hjå valdrisane, og særleg etter Strond’n og Eltun.

Lærdalsmarknaden, årleg marknad fram til 1876, har også sett sitt preg på musikken i Sogn. Der møttest spelemenn både frå Sogn, Valdres, Hallingdal, Voss, og andre stader. Dei stal slåttar av kvarandre og kappast åt. Av kjende spelemenn som var fast på Lærdalsmarknaden, kan ein nemne Sjur I. Eldegard, Jørn Hilme, Nils Hilme, Ola Mosafinn og Sjur Helgeland.

Innspelingar

Ein kjenner til at det vart gjort 38 innspelingar med Sigurd Eldegard. I 1949 var Rolf Myklebust på vitjing og gjord opptak av 22 slåttar for NRK. Blant desse opptaka finn ein både bygdedans-, runddans- og lydarslåttar. I 1956 kom Arne Bjørndal og gjorde opptak av ytterlegare 13 slåttar. Denne gongen berre bygdedans- og lydarslåttar. Året etter, i 1957, gjorde Rolf Myklebust opptak av 3 lydarslåttar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

TA4CD Sigurd Eldegard | Hardingfelespel frå Årdal

PERMANENT IDENTIFIKATOR