Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. november 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Lærdal Telegrafstasjon



"Leirdalsøren Telegrafstation" vart i 1858 opretta som ein mellomstasjon på telegraflina mellom Oslo og Bergen, med ansvar for mellom anna dei vanskelege høgfjellsovergangane til Voss. I 1895 starta utbygginga av statstelefonen her, også den tidleg ute i landssamanheng. Frå århundreskiftet fekk stasjonen ansvaret for all telekommunikasjon i indre Sogn. Namnet vart då "Lærdal telegrafstasjon og kontrollkrets". Lærdal var sentral i pionerutbygginga av både telegraf og telefon.

Lærdal 1860. Det store huset til høgre er Carl M. Pettersen sitt gjestgiveri, no "Telegrafen". Telegraflina til Aurland viser nede til høgre.

Lærdal 1860. Det store huset til høgre er Carl M. Pettersen sitt gjestgiveri, no "Telegrafen". Telegraflina til Aurland viser nede til høgre.

Eigar: Oddkjell Bosheim.

Datering: Storflaumen i 1860.

Fotograf: Avfotografert prospektkort.

Førhistorie

Ein kongeleg kommisjon vart oppretta i 1852 for å stå for bygginga av eit telegrafnett i Noreg. I 1854 peika dei på trongen for ei line "overland" mellom Bergen og Christiania som ei sikring av lina langs kysten. Ved brot på kystlina, kunne då trafikken gå "overland". Lokaliseringa av denne lina gjekk føre seg i 1856. Telegrafdirektør Tank Nielsen la fram tanken om ei line innom Nordre Bergenshus Amt for amtmann Aubert, og fekk svaret, datert 17. juni 1856:
"I Anledning af Hr. Telegraf Directørens Skriv af 24de f. M. skulde jeg herved give mig den Ære at meddele, at ihvor ønskeligt det end vilde være at en Telegraflinie ogsaa kunne føres gjennom dette Amt, er det dog at frygte for, at Iværksettelse deraf vilde støde paa uovervindelige Vanskeligheder. - - men her i Districtet vil den electriske Traad neppe nogensteds være ganske sikker for Fjeld- og Snæskred, saa at den kunde være udsat for jevnligen at brække, hvorfor Communicationen vilde være udsat for idelige Afbrydelser."

Iverksetjing

Tank Nielsen planla å nytte Trondheimslina frå Oslo til Lillehammer, opprette ein telegrafstasjon på Gjøvik og ein i Lærdal. Lærdal var midt mellom Gjøvik og Bergen, og difor høveleg for kontroll av lina ved feil og for å "fornye" signala med ny batterispenning. All straum til apparat og liner måtte lagast kjemisk - noko som kravde stor plass og mykje vedlikehald.
Frå Gjøvik, opp Valdres til Lærdal skulle lina byggjast langs dei eksisterande vegane. Vidare valde han å gå over to aude høgfjell: Skjerdalsfjellet og Gravhalsen, trass Amtmannen si åtvaring.

Linebygging

I 1858 var tre arbeidslag i gang med å byggja telegrafline til Trondheim og Romsdalen. Etter kvart som dei vart ferdige med sin del, vart dei sette inn på anlegget Gjøvik - Lærdal. Dei var framme 30. oktober. Ein enkel jarntråd var festa på toppen av stolpane som stort sett stod i jordfeste. Lina var bygd nær hovudvegane. Isolatorane var av guttaperka, montert på ein nedbora eikepinne i toppen av stolpen.

Stasjonen

"Telegrafen" leigde husrom i andre høgda hjå jekteskipper Jens Christophersen. Telegrafist Christian Cecilius Hiorth Stabell var på plass 22. oktober, utstyret vart montert og telegram kunne sendast frå 1. november, men offisiell opningsdato vart 7. november 1858. Forutan morseapparat og batteri, var det skaffa eit langt apparatbord og eit stort kontorskåp, levert som byggesett med stillbare hyller. Eit rundt salongbord, sofa med plysjtrekk og fire stolar utgjorde kontor- og representasjonsutstyret. Alt levert frå L. Elholm og oppført på inventarlista.

Stasjonspersonalet

"Leirdalsøren" vart stasjon av "2den Classe" med tenestetid frå 7 -21 om sommaren, 8-21 om vinteren. Stabell var sjefen og stod for administrasjonen - telegrafist Barth delte telegrafvaktene med han. Eit bod hadde ansvar for reinhald, fyring og anna arbeid utanom bodtenesta. Etter kvart fekk bodet også ansvaret for vedlikehaldet av linene nær stasjonen.

Tilsyn med telegraflina austover

Lærdal hadde ansvaret for lina frå Øylo i Valdres. "Ole Guldbrandsen Øiloe, Nils Throndsen Thune, Trond Iversen Elton, Knud Johnsen Nystuen, Anders Johnsen Maristuen, Ole Davidsen Hægh og Halvor Roarsen Husum" var alle skysskaffarar og lineoppsynsmenn. Godtgjersla for linevedlikehaldet var 10 Spd for kvar gamal norsk mil (ca. 12 km), betalt på etterskot i desember. Samarbeidet med skysstasjonane kom til å vara i meir enn 100 år.

Telegraflina mot Bergen.

Arbeidstyrar Hennum starta bygginga frå Bergen tidleg på våren 1859. 26. november 1859 var lina klar for trafikk. Sambandet skulle prioriterast for direkte trafikk mellom Oslo og Bergen.
Lina vart lagt nær dei gamle stigane og kløvvegane som den gong vart brukt av fjellfolk, fattigfolk og fant. Stolpekursane vart gode vegvisarar og stigane langs lina viser den dag i dag. Oppsynsmennene på strekningen frå Lærdal til "Nathellerbakken" i Raundalen var alle fjellfolk, unnateke kjøpmann Hans Bruun som hadde ansvaret for lina mellom Aurland og Flåm.
Ordre om å reisa ut for å retta linefeil, fekk oppsynsmennene ved ein "Løbeseddel". Dei vart sende ut med bod, lasskøyrarar eller med posten om det høvde. Til Aurland gjekk dei med robåt, eller over fjellet. Det hende òg at telegrafisten skreiv ut løpesetel til fleire med ordre om at dei skulle kontrollere sitt distrikt og levere resten til nestemann og slik vidare til feilen vart funnen.

Daglegliv i pioneråra.

Trafikken auka etter at Bergenslina kom i bruk. Kommandolina som tidlegare gjekk til Christiania, vart frå 1860 ført over til Bergen, der inspektør Carl Johan Hwallmann tok styring med stø hand. Stabell og Barth var unge og ungkarar. Dei var blant dei kondisjonerte og heldt seg mykje i prestegarden, skal me tru rabling bak på tenestetelegram. Presten Winsnes hadde tre døtre og fire søner. Stabell vart gift med den eldste dottera, Barbra Lovise.
Kvar sundagsmorgon kl 0900 var alle telegrafstasjonar kopla saman for å ta mot tidssignalet frå Carljohansværns Observatorium i Horten. Då kunne urmakarar og andre få stille klokkene sine.

Hans Bruun, Aurland

Stabell fann fort ut at Hans Bruun kunne meir enn å rette linefeil. Bruun var godt kjent frå Lærdal til Voss. Han kjende alle oppsynsmennene og som kjøpmann hadde han kontakt med folk som kunne varsle om feil og bera løpesetlar til oppsynsmennene. Bruun og Stabell utvikla eit signalsystem som gjekk ut på at Bruun til avtalt tid og etter uvêr, skulle slå eit avtalt signal på telegraflina ved hjelp av ein jordledning. Stabell registrerte dette på telegrafapparatet i Lærdal. Bruun fekk galvanometer som han lærte å bruke. Ved hjelp av det kunne han lesa signala frå Stabell. Dugleiken til Bruun førte til at Aurland vart oppsynsstasjon og fekk telegrafapparat 21. juni 1873. Stasjonen vart heitande "Aurland pr Lærdal". Truleg var dette fyrste telegraf-oppsynstasjonen, for nemninga "Aurland pr Lærdal" går att i rundskriv fram til 1910 om liknande stasjonar.


Avgrensa telegramekspedisjon var no i gang med "frøken Bruun" som telegrafistinne. "Frøken Bruun" var Mina (Agnete Hermine, f.1854), eldste dotter i huset. Ho var "udexamineret i Telegrafi i Bergen" i 1872, vart seinare beordra til teneste i Grimstad, men systrene Anna, Valborg og Signe tok over i tur og orden.

"Usikkerheden ved Leirdalslinien"

Amtmann Aubert skulle få så alt for rett i åtvaringane sine om at Communicationen vilde være udsatt for idelige Afbrydelser. Under vårsildfisket i 1862 var lina ute 17 døgn og 19 timar. Fiskeritrafikken mellom Ålesund og Bergen gjekk normalt på Lærdalslina. Dette førte til fortgang i planlegginga av ei telegrafline langs kysten frå Bergen til Ålesund. Kinn og Batalden hadde internt telegrafsamband til Florø frå 1861. I 1863 vart lina nordover til Ålesund klar, 1866 kom lina sørover til Bergen. Trykket minka no på Lærdalslina, men trafikken aust - vest auka. I 1876 vart det bygt ny line over Aurlandsfjellet som sikring for Skjerdalslina og over Rjoandedalen i staden for Ugjerdsdalen og Gravhalsen. Dei gamle fjellovergangane vart likevel nytta til trafikk fram til 1909.

Utbygging av Statstelefonen

1895 starta bygginga av ei telefonline frå Grindaheim, vestover mot Lærdal. Det vart eit større arbeid fordi mange av stolpane var for låge og elendige til å bera ei totråds telefonline i tillegg til dei to enkle telegraftrådane.
Samstundes starta bygginga av ein ny stolpekurs frå Lærdal om Fodnes til Sogndal. Denne hadde ei dobbel telefonline og ein telegraftråd. Planen var at kursen skulle gå til Voss om Balestrand og Vik, og telegrafline nr. 12 som gjekk over Skjerdalsfjellet skulle rutast om. 10. mars.1896 vart stasjonane: Maristuen, Hegg, Kirkevold, Husum, Blaaflat, Lærdalsøren, Amble og Sogndalsfjæren opna.

Telefonen og skysstasjonane

På strekninga mellom Lærdal og Frydenlund, Aurdal i Valdres, var nesten alle telefonane montert på skysstasjonar. I følgje rapportar frå telegrafstyrar Kristian Olai Søberg 1900-01, var telefonapparatet ofte montert i kjøkengangen, kjøkenjentene lærte fort å bruke telefonen, noko som viste på dei få rekningane som kom inn. Skysskaffarane sat no inne i stova som hotellvertar, medan dei sende unggutar - "ja endog pigebørn" med skyssen. Skysskarane var husvarme og nytta også telefonen utan å betala. Det vart vanskeleg å setja opp langvegsamtalar på lina på grunn av telefontrafikken mellom skysstasjonane. Etter harde tak mellom Søberg og skysskaffarane gjekk det seg likevel til.

Mons og Ove - frontfigurar

Mons Olsen og Ove Wangensten - far og son - bod og oppsynsmenn, var viktige bindeledd på stasjonen i Lærdal. Mons Olsen vart tilsett 1876, Ove Wangensteen tok over i 1902 og var i teneste til 1939. I den tida hadde dei arbeidd under 15 telegrafstyrarar. Mons og Ove var lokalkjende både inne og ute på linene, og til stor nytte for styrarar og folk elles. Ove - stor og røsleg - i boduniform, hadde større merksemd på turistbåtane enn telegrafstyraren - ein røsleg representant for Telegrafvesenet.

Telefonen går vidare

Statstelefonen, eller rikstelefonen som det vart heitande, vart i åra etter 1900 bygd ut til å dekka dei fleste bygdene i Sogn. Telegrafstasjonen hadde ei tid ansvaret for ca. 70 telefonstasjonar i indre Sogn, dei fleste utstyrt med sentralbord for å kunne knyta til seg abonnentar. Stasjonane Lærdal, Årdalstangen, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik voks seg store og vart klassifisert som rikstelefonstasjonar. Dei mindre vart bisentralar og tilknytingssentralar. I starten eigde dei fleste abonnentane linene og apparata sjølve. Etter kvart bygde Televerket ut telefonnettet og tok over ansvaret for vedlikehaldet. Der stolpekursane vart for tunge, la ein jordkabel, eller hengde opp luftkabel.

Automatisering og ny teknikk

Automatiseringa av lokalnettet starta med Øvre Årdal i 1961. Fleire lokalnett vart etter kvart knytt til dei største stasjonane. Målet var eit fullautomatisert rikstelefonnett. Det kravde bruk av ny teknikk: Stolperekkjer med trådliner strakk ikkje til. Radioliner med hundrevis av telefonsamband tok over trafikken. Drift av radio og TV vart òg lagt til stasjonen. Lærdal fekk ei ny pionertid i høgfjellet. Trafikken mellom Oslo og Bergen skulle no gå over ei kjede av fjelltoppar. Lærdal fekk ansvaret for dei tre høgastliggjande stasjonane: Søre Knipen i Årdal 1547 m o.h., Storehogen i Sogndal 1113 m o.h. og Saurdalseggi i Balestrand 1066 m o.h. Lærdal hadde på ny ansvaret for trafikken mellom Oslo og Bergen. Ved alvorlege feil var ordren den same som Tank Nielsen brukte vel 100 år tidlegare: Linien skal i orden!"

Omorganisering

Den 1. november 1974 vart Førde Teleområde oppretta og Lærdal nedlagt som telegrafstasjon. Førde tok over kontorfunksjonane etter kvart. Telefontenesta i Lærdal vart automatisert i 1978. Opplysningstenesta heldt fram i same lokala til 1997. Montørar og teknikarar vart flytta til Sogndal. Lærdal kommune tok over "Telegrafen" og nyttar no huset til kunstutstillingar, Post- og Telemuseum. Restane av "Leirdalsørens Telegraf" lever no vidare på museet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bugge, F.: Den Norske Statstelegrafs grundlæggelse og vækst. 1890.
Roti, Nora Osland: Landhandler og entreprenør. Trekk av Hans Johan Bruns aktiviteter i Aurland. Semesteroppgåve på Distriktshøgskulen, Sogndal.
Laberg, Jon: Bygdebok for Lærdal. 1938.
Arkivsaker tilhøyrande Lærdal Telegrafstassjon.
Statsarkivet: Korrespondansen Tank Nielsen / Amtmann Aubert i 1856.
Årbok for Sogn 1999, utgjevar Historielaget for Sogn: Telekommunikasjon i Indre Sogn det siste hundreåret.

PERMANENT IDENTIFIKATOR