Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Verdens lengste kraftledningsspenn



Sognefjordspennet er namnet på fire høgspentkablar som kryssar Sognefjorden like aust for Hermansverk. I låg kveldssol er dei svære kabelbogane godt synlege. På begge sidene lyser markeringslys når det er mørkt, og det står varselsflakar rett under spennet på kvar side av fjorden. I mange år var Sognefjordspennet til Sognekraft A/S det lengste i verda.

Det stod mykje om bygginga av Sognefjordspennet i pressa. Denne illustrasjonen stod i lokalavisa <i>Sogn og Fjordane</i> 20.5.1955. Me ser austover Sognefjorden. Sogndalsfjorden går inn ved neset til venstre. Midt i biletet er Mulavarden opp frå Fimreite der det seinare også vart bygt eit kraftlinespenn frå Rabnaberget.

Det stod mykje om bygginga av Sognefjordspennet i pressa. Denne illustrasjonen stod i lokalavisa Sogn og Fjordane 20.5.1955. Me ser austover Sognefjorden. Sogndalsfjorden går inn ved neset til venstre. Midt i biletet er Mulavarden opp frå Fimreite der det seinare også vart bygt eit kraftlinespenn frå Rabnaberget.

Spennet

Sognefjordspennet går frå Rabnaberget (479 m o.h.) på sørsida av fjorden til Fatlaberget (784 m o.h) på nordsida. Den horisontale avstanden mellom kabelfesta er 3.250 m, medan kvar kabellengd er kring 5.050 m. Kablane når ned til minimum 60 m over sjøen ved flo. Avstanden varierer noko med temperaturen.

Spennet har fire kablar, tre straumførande og ein reserve, med kring 50 m avstand mellom kvar. Dei er laga av 37 ståltrådar med 36 tvinna i 3 lag rundt ein sentraltråd med diameter på 3,5 mm. Kabelen har ein diameter på 23 mm og eit tversnitt på 300 kvadratmm. Kvar kabel veg om lag 12,6 tonn. Dei kring 9 m høge festemastene er laga i betong.

Lengste i verda

Sognekraft vart skipa i 1947 med føremål å skaffa straum til alle bygdene i Sogn. Tidleg på 1950-talet vedtok selskapet å satsa på utbygging av Vikafalli med høgspentline over Sognefjorden. Dei fann den mest høvelege staden like aust for Hermansverk mellom Fatlaberget og Rabnaberget. Dette var eit svært krevjande prosjekt. Sognefjordspennet ville bli det lengste i verda. Etter grundig planlegging hausten 1954 byrja anleggsarbeidet året etter med A/S Betonmast som hovudentreprenør. Kablane kom frå i England.

Bygginga

Våren og sommaren 1955 var ein stor arbeidsstyrke i gang med å byggja festemastene, føra liner fram til festepunkta, rydda skog i fjellsidene og laga provisoriske taubanar for å frakta fram byggjevyrke i bratt og vanskeleg terreng.

I byrjinga av september var alt klart for arbeidet med sjølve spennet. Kabeltromlane var lasta inn og rigga til ombord i ein innleigd fraktebåt. Monteringa gjekk føre seg kabellengd for kabellengd, frå nordsida til sørsida. Fyrst fekk dei enden på kabelen dregen opp fjellsida til festemasta ved hjelp av dragline og vinsj. Deretter sette kabelskipet kursen tvers over fjorden samstundes som kabelen rulla ut frå roterande trommel. For å halda kabelen flytande, sette dei med jamne mellomrom på tomme oljefat som flottørar. Den siste operasjonen var så å få den andre kabelenden opp brattlendet til mastefestet i Rabnaberget og så strekkja til fastsett lengd.
Alt gjekk utan større problem. Det tok nøyaktig 20 dagar å få på plass det lengste kraftlinespennet i verda!

Kabelskade

Under avspenninga i sluttfasen oppstod det brot i trådar på tre av kablane i området nærast Fatlaberget. Ein reparatør måtte firast ned til brotstadene. Ein ekstra luftig tur fekk mannen til brotet lengst ute. I ei spesiallaga korg vart han fira 200 meter ut og ned på kabelen der han så i 500-600 meter "i lause lufta" fekk skøytt i hop trådendane.

Fleire år seinare måtte dei til med ein liknande reparasjon, men denne gongen på det andre fjordspennet frå Rabnaberget, eit noko kortare som går til Mulavarden opp frå Fimreite. Ein tråd hadde denne gongen slitna og tvinna seg av kabelen slik at han hang eit par hundre meter rett ned. Denne jobben var visstnok endå luftigare enn den på Sognefjordspennet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kraftledningsspenn over Sognefjorden. I Teknisk Ukeblad. Nr. 17, 1956.
Nordstrand, Leiv: "Lys og kraft til bygdens beste ..". Bergen.
Avisa Sogn og Fjordane, 20.5.1955.
Betonmast Energie: Diverse avisutklypp.

PERMANENT IDENTIFIKATOR