Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. september 2001

Sist oppdatert 23. august 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Sparebanken i Jølster



Sparebanken i Jølster kom i siste fase av sparebank-etableringa i Sogn og Fjordane. Banken vart opna i Årdalen i 1901. Banken vann seg snøgt ein solid posisjon mellom jølstringane. Etter 1988 har banken vore ei avdeling i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sparebanken Sogn og Fjordane - Jølster, har hovudkontor på Skei og filial på Vassenden. Jølster Sparebank opna i 1901 og hadde hovudkontor på Ålhus til 1981. I 1977 gjekk banken med fusjonsbanken Sunnfjord Sparebank, som igjen gjekk med i den fylkesomfattande Sparebanken Sogn og Fjordane frå 1. april 1988.

Sparebanken Sogn og Fjordane - Jølster, har hovudkontor på Skei og filial på Vassenden. Jølster Sparebank opna i 1901 og hadde hovudkontor på Ålhus til 1981. I 1977 gjekk banken med fusjonsbanken Sunnfjord Sparebank, som igjen gjekk med i den fylkesomfattande Sparebanken Sogn og Fjordane frå 1. april 1988.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Bakgrunn og skiping

Den første sparebanken i indre Sunnfjord kom i Førde i 1843. I praksis kom denne til å fungere som ein regionbank, og Jølster kommunestyre valde ei tid to medlemer til representantskapet i Førde-banken. Etter eit halvt hundre år vart det skipa sparebankar i Gaular (1895), Naustdal (1902), Jølster (1901) og Vevring (1904).

Ein mann reidde ut heile grunnfondet

I Jølster var lærar Nils S. Dvergsdal ordførar då kommunen i 1896 tok til å førebu eigen sparebank. Han vart den første kasseraren, og var saman med den første styreformannen, Søren M. Øvrebø, hovudmannen bak skipinga. I kapitalfattige bygder vart grunnfondet til nye sparebankar skaffa fram ved at folk skaut inn pengar i fondet, eller ved at kommunen sytte for fondet ved kommunal garanti. Då dei i Jølster skulle førebu dette, fekk problemet ei høgst uventa, og spesiell, løysing. Det vart ikkje nødvendig med noko folkelån, ettersom ein mann reidde ut dei 5000 kronene som trongst til grunnfondet. Det var Sakarias Fuglebakk, nyleg heimkomen frå Amerika, der han hadde gjort det godt som gullgravar.

Bilete av framsida til eit brev.

Bilete av baksida på eit brev.

Nytt bankbygg 1912

Johannes N. Helgheim tok over som kasserar i 1922 etter far sin, og sonen, Jakob Helgheim, fungerte frå 1939 til 1977, dei siste åra som banksjef. I bygdene var det ofte visse familiar som gjekk att i sparebanken si leiing, og Jølster hadde her sin "bankfamilie". Siste generasjon av bankfamilien vart konkret assosiert med banken, ettersom dei budde i bankhuset, bygt i Årdalen i 1912. Årdalen var då det geografiske midtpunktet i Jølster, der banken hadde hatt opningsstad frå starten av, og der kommunale møte vart haldne. I Jølster, som i mange andre kommunar, vart det nære hopehavet mellom sparebank og kommune tydleggjort ved at kommunen vart leigetakar av lokale i bankhuset. I si tid var bankhuset det største og staselegaste huset i bygda, symbol for kommune og bank, bygda sine sentrale institusjonar.

Måleri av Jølster Sparebank kring 1912.

Banken si utvikling

Banken fekk snøgt oppslutning på innskotsida, og god tilgang på lånekundar. Jølster kommune, og jølstringar elles, flytta låna i andre bankar heim til eigen bank. Banken oppretta filialar på Vassenden og Skei. I 1981 vart hovudkontoret flytta frå Årdalen til Skei, og i 1997 vart filialen i Årdalen stengt, og bankhuset seld året etter. Banken sin aukande aktivitet i nyare tid kan illustrerast ved at talet på tilsette auka frå 4 i 1977 til 11 i 1990-åra.

Bilete av ei kontrabok.

Dei siste par tiåra har banken halde best på dei lokale kundane i indre Jølster, medan ein stor del av folk i nedre Jølster nyttar konkurrerande bankar i Førde, der dei òg har arbeidet sitt. I 1973 gjekk Jølster Sparebank inn i Sunnfjord Sparebank, som i 1988 var den største konstellasjonen i skipinga av Sparebanken Sogn og Fjordane, med hovudsete i Førde. Kjell Juklestad vart tilsett som banksjef i 1977.

Bilete av forstandarskapet i 1950.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Jølster. Bygd og bank gjennom 100 år. Selja Forlag, Førde. 2001.

Nettstader
http://www.fylkesbanken.sf.no/index.html

PERMANENT IDENTIFIKATOR