Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. juli 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Krossteinen på Bell



Det finst fleire krossforma steinar i Sogn og Fjordane. Dei er minne om då kristendomen vart innførd i Noreg, rundt rekna tida 950-1050. Ein funksjon kan ha vore at dei tente som mellombelse samlingsstader for kyrkjelege handlingar før det vart bygt kyrkjer. Den best kjende krossforma steinen i fylket er steinen i Korssund i Fjaler. Den minst kjende står på Bell i Eldalsdalen i Gaular.

Utsyn frå Følling mot Krossteinsflata der krossteinen på Bell står. Riksvegen kjem ned mot det gule huset og går langs Føllingvatnet.

Utsyn frå Følling mot Krossteinsflata der krossteinen på Bell står. Riksvegen kjem ned mot det gule huset og går langs Føllingvatnet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

På Krossteinflata
Gardane Følling og Bell ligg ved Føllingvatnet om lag 1 km aust frå Eldalsosen. Riksvegen går langs vatnet på nordsida. Den gamle ferdslevegen mellom gardane Bell og Ytre Eldalen gjekk høgare oppe. Traseen kan enno følgjast og er stadvis ombygd til skogsveg. Frå Bellstranda tek vegen av ved Vaulen opp ei brekke, frå gamalt kalla Krossteinsbrekka. Etter kring 500 m flatar vegen ut og følgjer ei flate kalla Krossteinsflata. Her står Krossteinen på Bell, tett attmed vegen, på nedsida eller vestsida. Krossarmane vender langs vegen.

Mål
Krossteinen er 220 cm høg, høgda opp til tverrstykket 120 cm, høgda over tverrstykket 30 cm. Største breidd nede og oppe 45 cm. Tverrstykket er ein laus, trapesforma stein, 55 cm langt, 20 cm høgt og 8 cm tjukt (alle mål er om lag/cirka). Tverrstykket kviler på ein naturleg fot/hylle i stammen og er festa til stammen med tau. To stykke oppe på stammen er skøytte saman med festemiddel.

Artikkel om steinen av Harald Oppedal
Harald Oppedal, bonde på Oppedal, var interessert i bygdesoga. Han skreiv i 1999 ein artikkel i Kyrkjeblad for Gaular om Krossteinen på Bell. Det skjedde etter at steinen fleire år før hadde vorte teken ned og frakta ned til hovudvegen for å transporterast bort. Det vart det ikkje noko av. Steinen vart frakta opp att til krossflata og attreist. Oppedal fortel om korleis det bar til og elles ymse om den tidlegare soga til steinen.

Steinen vart attreist
"Rett som det er får eg spørsmål frå folk som bur både nær og langt borte om korleis det gjekk med reisinga av Krossteinen på Bell. Til det er å svare at Krossteinen vart reist oppatt den 17. juli 1975 om kvelden under leiing av førstekonservator Arthur Fasteland ved Bergen Museum under Universitetet i Bergen.

To stykke avslegne
Det viste seg at toppen var avslegen og kløyvt i to og nytta til avstiving av ein telefonstolpe, men brota var så heile og reine at ein fagmann ved universitetet med moderne hjelpemiddel sette dei i hop att slik det vart mest usynleg når ein ikkje gjev seg til å granska den nøye.

Mot vegen eller langs vegen?
Når ein stod framfor oppgåva og skulle reisa steinen, melde det seg eit spørsmål: Korleis stod Krossteinen, snudde han armane og "andletet" (framsida) fram mot vegen eller snudde han i motsett retning med krossarmane tvers over vegretninga? Dette er ikkje so likesælt, når ein tek til å filosofere over spørsmålet.

Stod han med krossarmane på tvers av ferdsle vegen, so markerte han at ein berre var på rett veg liksom vardar på høgfjella som ein nyttar å gå etter i snøkave og uver når spor av vegar er vekke og fjelltoppane innhylla i skodde.

Eit altar ved vegen?
Men so fortalde gamle folk at han stod med framsida fram mot den gamle ferdslevegen og krossarmane langs vegretninga. Før ein gjorde noko meir, tok ein spørsmålet opp med Per Fett ved Universitetet i Bergen: Kva han meinte? Han seier då at han hadde levt seg inn i den meining at Krossteinen stod med armane tvers over ferdsleretninga, den gong han var på synfaring her [0000]. Men so fortalde han at i Mellom-Europa var det alltid slik at slike krossar snudde framsida mot vegen, d.v.s. krossarmane langs etter vegretninga. Dette gjev Krossteinen og andre slike krossteinar eit preg av altar. Ein kan samanlikne dei med altartavla i kyrkjene våre - ein set dei ikkje langs etter veggen i koren.

Samlingsstad?
Difor manar ein slik krosstein til bøn og andakt i tillegg til den oppgåva han hadde den tid han var midtpunktet på samlingstaden etter at kristendomen kom. Kanskje skulle han markere at no hadde kristendomen vunne over heidenskapen på den gamle tingstaden. Etter kvart som utviklinga gjekk framover, vart slike gamle (..) tingstader overflødige til sitt opphavlege bruk. Men folk var vane å samlast her, og når noko var føre, møttest ein her av gamal vane og skikk. Hovdingar og kongar kom inn i bilete med påbod og "forordningar", då kom det av seg sjølv å nytte den gamle samlingstaden, der den låg ved den eldgamle ferdslevegen gjennom Eldalsdalen.

Stadnamn
I gamle dagar hadde folk meir namn på bakkar og brekker enn me har i automobilalderen. Dette kom av at det kosta innsats å taka seg opp dei ofte tunge kneikane ein då hadde. Bakken frå Vaulen ved Fyllingsvatnet til toppen av Krossteinsflata har frå alders tider vore kalla for Krossteinsbrekka. Då vegen gjennom Eldalsdalen vart omlagd i 1860-åra, vart han ein del av denne som låg nedanfor Krossbrekka, kalla Nyebrekka, medan resten av brekka er kalla Kleivane. (..)

Gamlevegen - ein tur verd
Men attende til Krossteinen og den gamle vegen over Krossteinflata, han burde "fredast" soleis at me stressa notidsmenneske, kunne kobla av med ein times spasertur frå gamletunet i Ytre-Eldalen til Vaulen på Bellstranda. Han viser godt i terrenget enno, den gamle vegen, der våre forfedre sleit seg fram med tunge bører på hesteryggen eller sin eigen rygg, og til slutt på deira siste ferd til Vikskyrkja, ofte borne av sterke hender og stundom køyrde nokre vegstrekningar på slede.

Eg trur eg med dette har fortalt det som finst om Krossteinen på Bell i folkeminne på Viksdalen, og kjem til at Krossteinen her står i ei særstilling som har sitt opphav i tingstad og møtestad både i religiøs og verdsleg meining." (Så langt Harald Oppedal.)

kjelder:

Oppedal, Harald: Krossteinen på Bell. I Kyrkjeblad for Gaular. 3/1999.