Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kjølsdalen kyrkje



Kjølsdalen kyrkje er ei langkyrkje i tre. Kyrkja, som har 350 sitjeplassar, vart vigsla 13. september 1940 av biskop Andreas Fleischer. Kjølsdalen kyrkje er bygd etter gratis kopiar av riksarkitekt Crawfurd-Jensen sine teikningar til Hildrestrand kyrkje i Møre og Romsdal. Kyrkja er soknekyrkje for Kjølsdalen sokn, som i 1954 vart utskilt som eige sokn i Davik. I 1965 vart kyrkja overført til Eid prestegjeld i samband med kommunereguleringa.

Om noko kyrkje i fylket kler nemninga funkis så er det kyrkja i Kjølsdalen. Alt er enkelt og minimalisert.

Om noko kyrkje i fylket kler nemninga funkis så er det kyrkja i Kjølsdalen. Alt er enkelt og minimalisert.

Eigar: Kjølsdalen Krins Utviklingslag.

Datering: 2000.

Fotograf: Rønnaug Leite.

Kamp om eiga kyrkje

Få månader etter krigsutbrotet fekk folket på nordsida av fjorden i den gong Davik sokn oppleve at folkekravet om eiga kyrkje vart realisert. Endeleg skulle dei sleppe kyrkjeferda over fjorden. Kjølsdalen var den einaste kyrkja i fylket som vart vigsla under krigen.

Då hadde det gått 64 år sidan kyrkjekravet fyrste gong vart fremja. Den gongen, i 1876, var det folket på Haus som ville ha sitt eige gudshus til bruk for innbyggjarane i Kjølsdalen og i bygdene frå Lefdal til Reksnes. Sidan Haus då var sentrum i dette området gav kyrkjestaden seg sjølv, meinte dei. Men saka kom ikkje vidare, for dei kyrkjelege autoritetane nekta. Tida gjekk, og eit nytt hundreår tok til. Ingenting hende, men i bygdene vart kyrkjesaka stadig tema folk imellom.

Mangelen på graver vart starten på realiseringa av kyrkjebygget på nordsida. Etter som åra gjekk, vart gravstaden i Davik for liten, og det vart naudsynt med ein hjelpekyrkjegard i Kjølsdalen. Det tok tid for bygdefolket og soknestyret å verte samde om rette staden, men i 1928 vart gravstaden omsider opparbeidd på eit jordstykke kommunen hadde oreigna. Og 4. juledag same året vart det halde julefest på skulen med innsamling til ny kyrkje.

Pengeinnsamling

Dei følgjande åra vart det halde stemne på Kjølsdalssætra, der innsamlinga av pengar heldt fram. Samlingane vart årvisse, med deltaking både av hornmusikk og songkor. Stemna vart populær og møtelyden kom fleire gonger opp i rundt 1000 menneske. Pengeinnsamling gjekk også føre seg rundt om i dei einskilde bygdelaga, både i form av basarar og lister. På eit folkemøte i august i 1935 vart det valt ei arbeidsnemnd som fekk i oppgåve å leggje kyrkjesaka fram for soknerådet. Og endeleg, den 23. november fatta soknerådet eit vedtak der det stod:

Ein er samd med søkjarane i at kapellkyrkja er eit folkekrav som kjem synbert fram ved den store offervilje, som er vist av dei interesserte, og som klårt provar at kyrkje må byggjast, so snart som råd er. Soknestyret søkjer difor vyrdsamt dei kyrkjelege autoritetar om løyve til å byggja den påemna kapellkyrkja i Kjølsdalen.

Kyrkjeleg funkisstil

På den tid kyrkja skulle reisast var Haus sentrum på nordsida av dåverande Davik sokn. Gravstaden derimot låg lenger vest, og difor var det naturleg å plassere kyrkja der. Seinare vart også sentrum i Kjølsdalen liggjande like i nærleiken av staden der kyrkja vart bygd.

Til liks med den fire år eldre kyrkja i Heggjabygda er det lite ved kyrkja i Kjølsdalen som er endra sidan ho var ny. Fargane inne i kyrkjerommet er dei opphavlege. Det einaste som har komme til seinare, er tilbygget på sidene der det m.a. er toalett. Kyrkja har ein enkel stil, ein slags kyrkjeleg funkisstil, prega av enkle former og eit lite pynta interiør. Halve koret er forma som ein apsis, og både den og veggene er kvitmåla. Taka er umåla, men har grøne bjelkar. Målarmeister Jørgen Stene frå Haram stod for det meste av målararbeidet i kyrkja, og han måla også altertavla, på plassen.

Inventar

Altertavla, frå 1940, er eit krusifiks som står på alteret, og bak står ei tavle med eit landskap med himmel over. Krusifikset er truleg frå den gamle Davik kyrkje.
På alteret står fire alterlysestakar og ein sjuarma lysestake, alle i sølv. Nattverdsutstyret frå 1940 i sølv er: ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne.

Preikestolen og døypefonten er begge frå 1940 og av tre. Dåpsmugga i sølvplett er frå 1960. I tillegg kjem eit dåpsfat frå 1940 i sølv, som heng på veggen.
Kyrkjeklokka er frå 1951. Frå starten hadde kyrkja ei lita kyrkjeklokke overført frå Davik, som framleis heng oppe i tårnet.

Orgelet er frå 1998 og har tre stemmer (extension organ). Det er bygt i 1965 av Bower & Company, Norwich, England, men delar av orgelet er eldre.

Vindskeiv

Under nyttårsorkanen i 1992 var Kjølsdalen kyrkje utsett for så kraftig påkjenning at ho nærpå hadde blåse over ende. Då det lysna av dag kunne forskrekka bygdefolk sjå at kyrkja rett og slett stod på skeive. Veggene hadde ikkje vore stive nok til å ta imot presset, og resultatet var at øvste delen av langveggene stod i boge. Dei halla nordover og var midt på veggen om lag 20 cm ute av lodd. Frå taket var mange av hellene borte, tårnlukene var blåste vekk eller hang og slong heilt på skeive.

Kyrkja var enkelt sagt eit sørgjeleg syn. Eit stort reparasjonsarbeid måtte utførast, og m.a. vart det festa ståldragarar i veggene som skal sikre at noko liknande ikkje skal skje igjen. Innvendig vart panelen skifta ut, og når arbeidet fyrst var i gang, valde ein å etterisolere kyrkja. Alle kostnadane vart dekka av forsikringsselskapet, ettersom det var nyttårsorkanen som forårsaka skadane. Slik vart Kjølsdalen kyrkje sett i betre stand enn nokon gong.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Kjøllesdal, Reidun: Kyrkja i Kjølsdalen. Artikkel i Sogeskrift for Eid 2000. Nordfjordeid 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR