Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fyrste skulehuset i Vik



Eitt av dei fyrste skulehusa som vart bygde på landsbygda i Noreg, vart reist i Vik i 1741. Det var presten Anders Daae som for eigne pengar bygde skulehuset.

Fyrste skulehuset i Vik, slik det såg ut etter påbygginga i 1847. Opphavleg var der berre ei høgd. Etter ombygginga flytta Vik Sparebank inn.

Fyrste skulehuset i Vik, slik det såg ut etter påbygginga i 1847. Opphavleg var der berre ei høgd. Etter ombygginga flytta Vik Sparebank inn.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-87001.0135

Datering: 1896.

Fotograf: Ukjend.

Eldst på landsbygda

I 1739 kom det ny "Forordning af skolerne paa Landet i Norge" der det bl.a. vart fastslege at det skulle vera allmugeskule i alle prestegjeld. Omgangsskule vart enno lenge det vanlege, men i Vik vart det fast skule for Vikøyri alt i 1741. Denne faste skulen var kanskje det eldste skulehuset på landsbygda i Noreg. Det var det fyrste skulehuset i Bergens Stift, det vert og hevda at det var det femte eldste skulehuset av samtlege, også byane medrekna. Presten Anders Daae bygde skulehuset av eigne pengar på Prestegarden bort mot Hopraelva. Samstundes skipa han eit legat på 600 riksdalar til hjelp til klede o.a. for borna på Vikøyri.

Innviing

Då skulehuset vart innvigd i 1741, skreiv Anders Daae: ". . Skolevielsen blev foretaget i 4 Præsters Overværelse og andre velædle, Høyfornemme Personer og fornemme Folk, men ganske faa af den gemene Almue, nemlig 7 Jordebønder og nogle af deris Hustruer, samt en liden Hob Ungdom . ."

Sjølve huset

Huset var 21 alner langt, 10 alner breidt og 7 ½ alner høgt. Det var ei typisk sperrestove med ein liten lærarbustad til. Lærarbustaden var berre som ein liten kleve med ein klevelem ovanpå. Den siste som budde i skulehuset var læraren Ole Furrevik (1825-1890). Skulehuset var i bruk fram til 1891.

Påbygt 1847

I 1847 bygde Vik kommune på ei ny høgd med to rom. Eine rommet vart nytta til å halda heradsstyremøte, der føregjekk og konfirmantførebuing. Det andre rommet flytta Vik Sparebank inn i. Banken vart oppretta i 1846. I 1868 vart huset vølt og sett i betre stand. Skulehuset vart rive og selt til Johannes A. Sæbø i 1891, og tømmeret nytta han til fjøsbygning på garden. Den fjøsen vart riven i 1960.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aas, Sverre: Frå allmugeskule til grunnskule i Sogn og Fjordane. Leikanger 1989.
Hovland, Tor og Lundeland, Bjarne: Vik Sparebank 1846-1971. Side 42-44. Leikanger 1971.

PERMANENT IDENTIFIKATOR