Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. januar 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane-Hebridene - Bautasteinar



I 2006 var folk samla til historieseminar i Rivedal. Dei såg nærare på eldgamle bautasteinar. Det er minst 30 i Sogn og Fjordane. Kulturminne av dette slaget finst mange stader i verda og mange har felles kjennemerke. Den største bautasteinen i Skottland står på Hebridene. Ein av dei største i Noreg står på Leikanger.

Bautastein på vestsida av øya Lewis nord på Hebridene. Steinen er 5,7 m høg og den høgaste bautasteinen i Skottland.

Bautastein på vestsida av øya Lewis nord på Hebridene. Steinen er 5,7 m høg og den høgaste bautasteinen i Skottland.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Stone of Sorrow

Bautastein kallast standing stone på engelsk. Standing stones er markerte på det britiske kartverket Ordnance Survey, målestokk 1:50 000, på same måten som andre historiske minnesmerke: - gamle gravstader, bygningsruiner, vardar, o.a. Bautasteinen ved Ballantrushal nord på øya Lewis er ikkje berre merka av på kartet, han er og mykje omtala i turistguidane og i historisk litteratur. Med sine 5,7 m er han den høgaste standing stone i heile Skottland.

Dei veit ikkje noko sikkert om opphav og funksjon. Ei mogeleg forklaring er at steinen kan vera ein førhistorisk merkestein for sjøfarande. Kystlina her er for det meste bratt og utilgjengeleg. Det treng ikkje vera eit slumpetreff at den svære bautasteinen står nær eit strandstykke der det er rimeleg lett å koma i land med båtar. Ei anna forklaring knyter seg til lokal tradisjon, at steinen står på grava til ein Norse prince, ein tredje at steinen markerer siger for folk frå Ness (Nes) over svorne fiendar frå Uig (Vik) lenger sør.

På steinen finst det ikkje innrissa teikn av noko slag. Dei reknar med at han står kring 2 m ned i jorda. Det geliske (keltiske) namnet er Clach of Truiseil, på engelsk Stone of Sorrow. Og dei trur at steinen i alle tilfelle må vera frå før Kr.f.

Baldersteinen

Baldersteinen på Husabø i Leikanger står på ein låg bakkekam. Det skal ein gong ha vore ei røys attmed steinen. Bergarten er ein grovkorna feltspathaldig gneis. Baldersteinen er 7,8 m høg, 1,25 m brei (ved rota) og 0,5 m tjukk, alle mål om lag. Omkrinsen nede er .. m og så smalnar han jamnt oppover mot ein spiss topp. Den nøyaktige høgda er 7,87 m, men då er ikkje "rota" rekna med. Me veit ikkje kor stor del av steinen som stikk ned i jorda, men mindre enn 1-2 m kan det ikkje vera tale om. Steinen må vera minst 10 tonn. Steinen er utan innskrift av noko slag.

Amund Helland fortel i boka si Norges land og folk (..) Nordre Bergenhus amt, 1900, at steinen lokalt blir omtala som Ivar Elda-steinen. Ivar Elda skal ha vore ein stormann på Leikanger som fall i slaget ved Fimreite 1184, på Magnus Erlingsson si side mot kong Sverre og birkebeinane. Namnet Baldersteinen derimot knyter steinen til norrøn gudetru og guden Balder. Stadnamn som Baldershage og Baldersgrovi i nærleiken går i same retning. Segna om Fritjov den frøkne vil ha det til at det stod eit Baldershov (hov: stad for gudsdyrking) på Leikanger. Arkeologane meiner steinen må vera reist i tida 500 - 1000 e.Kr.

Samanlikning

Bautasteinen på Hebridene og på Leikanger er begge er store, 5,7 m og 7,8 m over jorda. I tillegg kjem truleg bortimot 2 m under jorda. Begge står på nokolunde flat mark. Begge er utan innskrift og utan sikker datering. Arkeologane meiner Ballantrushal-steinen er eldre enn Baldersteinen. Det knyter seg lokal tradisjon (munnlege overleveringar) til begge.

Bautasteinar i Sogn og Fjordane

Det finst minst 30 gamle bautasteinar i Sogn og Fjordane. Dei er etter måten smale, naturleg forma steinar nedsette i jorda, og frå kring 1 m til nær 8 m høge. Nokre få har runeinnskrifter, men dei fleste er utan innskrift av noko slag. Det knyter seg lokal tradisjon til fleire. Steinane er jamt over vanskelege å datera, men ein reknar med dei blei reiste i jernalderen, 500 f. Kr. - 1050 e. Kr. (Vikingtida ca 750-1050).

Stedjesteinen i Sogndal er ein av runesteinane i fylket. Steinen står ved Stedje kyrkje. Innskrifta som er tolka til: Kong Olav skaut mellom desse steinane, knyter steinen til ei hending.

Standing stones på Hebridene

Hebridene er rikare på bautasteinar enn Sogn og Fjordane. Mange står åleine, men fleire stader står det steinar i grupper, sirklar og liner eller begge deler. Den mest kjende steinsetjinga står godt synleg vidt omkring på eit lågt høgdedrag ved landsbyen Callanais på øya Lewis. Ho er sett saman av ein sentralstein som er omgjeven av 13 steinar i ein sirkel. Mot nord går ei dobbel rekkje steinar, og mot dei andre himmelretningane enkle steinrekkjer. I luftperspektiv ser anlegget ut som ein veldig kross.

Arkeologane daterer The Calanais Stones til 2900-2600 f.Kr. (neolittisk tid, yngre steinalder), og dei meiner anlegget har vorte til gjennom fleire hundreår. Ingen veit med visse kva som var føremålet med eit slikt svært anlegg. Men få tvilar på at det har noko å gjera med himmelkvelven, sola, månen og stjernene.

Oppsummering frå leksikon

Nordisk kulturleksikon har ein lang artikkel om bautasteinar. Hovudmomenta er:
Dei finst einskildvis eller i grupper. Dei kan markera midten av ein haug, røys eller steinlegning, eller stå i kanten av slike. I Norden er dei vanlege i Noreg, Sverige og på Bornholm. Ved steinar på flat mark er det funne branngraver, fornminne eller ikkje noko som helst. Dei har ofte namn, gjerne etter personar.

Ei alternativ tolkning går ut på at nokre er sette som "fruktbarhetssymbol", knytta til førestellingar hjå folk før vikingtida. Bautasteinen er eit offer på "fruktbarhetens alter" på ein stad for rituell handling, ei foreining mellom bautasteinen og jorda, som uttrykk for høvesvis det mannlege og kvinnelege prinsipp i naturen. Artikkelen oppsummerer med at bautasteinane i førhistorisk tid hadde fylgjande funksjonar: markering av graver, fruktbarhetssymbol og minnesmerke. (Så langt Nordisk kulturleksikon.)

Det kan leggjast til at bautasteinar er vanlege i Irland, Skottland medrekna øygruppene Hebridene, Orknøyane og Shetland, Færøyane, og på Island, eller i det me kan kalla Nordsjøområdet - The Viking World i vest.

Fruktbarhetsteorien i fokus

Historieseminaret i Rivedal fokuserte sterkt på fruktbarhets-teorien, eller rettare, reportasjen i Firda vinkla svært tydeleg på dette med overskrifta "Bautofil" og mellomtitlane "blasfemiske pikksteinar, steinfallosar" og "kvad om hestepikk."

Manuskripta til fire fagfolk som heldt foredrag på seminaret gjev eit meir nyansert inntrykk.

Interessante reisemål

Dei førhistoriske bautasteinane - på Hebridene, i Sogn og Fjordane og andre stader, er vel verd ein stogg. Dei vekkjer undring: Kor lenge er det sidan steinane vart reiste, kven gjorde det, korleis fekk dei det til, og framfor alt, kvifor?

kjelder:

Thompson, Francis: Lewis and Harris. History and Pre-History. 2005.
Nordisk leksikon.
Firda.
Bautasteinseminar, 12. august 2006. Kompendium, 2006.

PERMANENT IDENTIFIKATOR