Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Dalstøylen



Dalstøylen ligg ca. 585 m o.h. i skogsmark på ei hylle som skrånar noko mot elva. Stølen, som ligg eit stykke nedanfor skoggrensa, høyrer til Dale, gard nr. 79 i Gloppen. Det er ein open fin støl med 3 velstelte sel, eitt fjøs og eitt som delvis har falle saman. I seinare tid har det kome ei hytte litt høgt på stølen. Kvia var tidlegare innegjerda med vandegard (risgard). Seinare vart nok bruka meir netting. Brukarane hadde slåtteteigar. Høyet vart lagra på fjøslemmen før dei køyrde det heim om vinteren.

Dei tre sela på Dalestølen.

Dei tre sela på Dalestølen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1998.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Tidlegare tok det om lag 1 time å gå oppover frå tunet. No kan det brukast 1 km med skogsbilveg og vidare ca 1,5 km med rås oppover skogslia. Råsa er bra rydda og merka.

Bruk av stølen

I seinare tid har det vore kring 15 kyr på stølen og dei flytte opp omkring jonsoktider. Som regel vart det heimreise før barsok (24. august), noko avhengig av veret. Mjølka vart tømt i asker. Der stod den i tre-fire dagar til dei fløyta rømmen av. Surmjølka vart heimboren kvar dag i eit blekkhølkje. Dei vaksne bar rømmen heim ein gong i veka. På stølen var det slåttekvier som vart slått utpå sommaren og høyet lagra på fjøslemmen.

Omkring stølen er store skog- og fjellareal og stølen var nok utsett for rovdyr. Namnet Bjørnelihola noko innanfor stølen seier mykje. Det går og segner om bjørnegraver og om stølsjenter som fekk bjørnen etter seg.

Nokre fakta

Dale, gard nr 79, Breim sokn, hadde 2 bruk i 1890. Folketalet på garden var 15 i 1865.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR