Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. september 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Den Trondhjemske postvei i Gulen



Postvegen i Gulen var i eldre tid ein del av Den Trondhjemske postvei. I 1868 vart vegen nedlagt som postveg - då posten gjekk med dampbåt til Vadheim.

Eidsfjorden går utover mot høgre hjørne på biletet. Fjorden innover til venstre er Nordgulsfjorden. Posten vart rodd over Eidsfjorden og Nordgulsfjorden, ei strekning på over to mil.

Eidsfjorden går utover mot høgre hjørne på biletet. Fjorden innover til venstre er Nordgulsfjorden. Posten vart rodd over Eidsfjorden og Nordgulsfjorden, ei strekning på over to mil.

Eigar: Gulen kommune.

Datering: 2000.

Fotograf: Ukjend.

Frå Postvågen til Rutledal

Postvegen i Gulen vart bygd i åra 1800-06, og gjekk 13 km til lands og 20 kilometer til sjøs. Postruta kom over Fensfjorden frå Fannebust på Lindåshalvøya til Postvågen i Gulen. Slik namnet fortel, var det postkai og naust i Postvågen. Frå Postvågen gjekk vegen til Eide, og derifrå gjekk det vidare med båt til Nordgulen. Postopneriet låg i Nordgulen.

I 1838 vart det søkt om å flytta poststaden frå Nordgulen til Haveland, men postopnar Dahl i Eivindvik frårådde flytting og grunngav det med at: "Nordgulen som større Gaard og større Brug har større Bekvemmelighet for Reisende, hvor en af Bønderne har opført en Stue med Kakkelovn, anskaffet Postkjærrer med mer, medens paa Haveland alene ere smaa Røgstuer og slet ingen Bekvemmelighet for Reisende". Poststaden vart likevel flytta. På Haveland vart det bygd kai, og det kom etter kvart handelsmenn, postopneri og skulehus. Frå Haveland var det 10 km veg til Rutledal med sju bruer.

Farleg ferd

Franskmannen Jaques-Louis de la Tocnaye kom på si reise sørover mot Bergen ut for ferjemenn i Rutledal som ville tiltvinga seg meir pengar enn dei hadde vorte samde om for turen over. Han måtte vifta med ein defekt pistol for å halda dei frå livet. Ikkje var folket der særleg vennlege heller, då dei skreik og hua i kor med rorskarane. Turen var i november 1799, like før postvegen vart bygd. Franskmannen hevdar at han gjekk over eit veglaust terreng og brukte fire timar på ei knapp mil. Hesten måtte klatre i ei steinete trapp, og det tronge gjelet (Trangane) var fullt av fossefall. Kort etter Tocnaye sitt besøk vart det bygd to steinhellebruer i Nordgulen og i Trangane.

Nedlagt som postveg

Trafikken over land var liten. Dei reisande var i hovudsak postkarane, ein og annan embetsmann og nokre få turistar eller andre reisande. Lokalbefolkninga hadde mindre trong for vegen, då varetransporten stort sett gjekk med båt. Vareførsla gjekk såleis opp frå sjøen til gardane. Alt i 1840 åra var det ein merkbar nedgang i trafikken langs postvegen grunna dampbåttrafikken. Varetransporten kom no i større grad sjøvegen. Postvegen gjennom Gulen tapte terreng. Det vart mellom anna nekta løyving til omlegging av bakkane på Rutledalsvegen (Trangane og Bleikli) med grunngjeving at det var ".. en af Amtets minst besøgte og for Samfærdselen mindre vigtig Vei (-) saa meget mindre som Dampskibsfarten i Sogn har formindsket de Reisendes Antal over Rutledalen " . I 1868 vart postruta gjennom Gulen til Langeland via Dale lagd ned. Då gjekk posten med dampbåt frå Bergen til Vadheim og derifrå vidare til Førde. Men vegen var framleis viktig for folket i Gulen.

Eit verna kulturminne

I dag er den gamle postvegen i Gulen eitt av dei verneverdige kulturminna som Statens vegvesen er ansvarleg for. Saman med to andre parsellar skal denne delen representera den 70 mil lange postvegen mellom Bergen og Trondheim. Dei tre parsellane presenterer ulike landskapstypar, og til saman viser dei breidda i den utforminga som postvegen fekk. Postvegen gjennom Gulen vart valt fordi hovuddelen av ruta går over vatn.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nordstrand, Ingemar: Postvegen Bergen-Trondheim. Det Norske Samlaget 1996.
Kleiva, Ivar: Gulen i Gammal og ny tid, Gards - og ættesoge. bd. 1. Gulen kommune 1993.
Vegvalg, Nasjonal verneplan. Statens vegvesen Vegdirektoratet 2002.
Den Trondhjemske Postvei. Hovudplan for restaurering og forvaltning av postvegen. Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane 1995.
Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminner, Registreringsrapportar frå sesongen 1999 . Statens vegvesen Sogn og Fjordane, 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR