Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. juni 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Vettreia - vintervegen frå Haukedalen til Førde



Vintervegar var dei første transportårene i innlands-Noreg. Med hest og slede kunne ein føre tyngre lass på naturlege vegar over fjell, vatn og gjenfrosne elvar. Men denne ferdselen sette få spor. Førde hadde ein slik veg frå Haukedalen til Sjøahola inst i Førdefjorden. Ut frå stadnamn, landskap og ein del fysiske minne kan vi rekonstruere vegen.

Haukedalsvatnet sett frå Rørvikfjellet. Vettreia starta i Haukedalen lengst inne og gjekk på land i Rørvika nede bak skogkammen i framgrunnen.

Haukedalsvatnet sett frå Rørvikfjellet. Vettreia starta i Haukedalen lengst inne og gjekk på land i Rørvika nede bak skogkammen i framgrunnen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Arne Aasland

Vettreiene

Vettreiene er namnet på eit bustadfelt på Holsen ved Husetuft. Opphavet i norrønt må vere vetr og reid i dativ fordi ein sa på vetrreidinni. reid betydde føring med hest, underforstått av varer. Namnet knyter seg til ein vegtrase mellom Holsavatnet og Åsvatnet. Også nærare Førde, langs Movatnet, finn vi dette stadnamnet, truleg om same vegen.

Vinter-ridevegen

Jon Frøysland frå Haukedalen skildrar i Sogeblad frå Førde kommune (2003) vegane frå Haukedalen til Førde i hans levetid. Frå Moskog til Holsen var det dårleg kjerreveg til inn på 1900-talet. Og vegen over Rørvikfjellet kom først i 1936. Derfor blei sledetransport brukt på delar av strekninga heilt opp til, og under, krigen 1940-1945. I overgangssesongane bytta haukedølane frå slede til kjerre på Holsen.

Livsnerve

Arkeologiske funn fortel at Haukedalen var busett før 300 etter Kristus. Eit samband med kysten måtte bøndene ha. Dei trengde jern, flint og salt; i nyare tider glas, kopar, skytevåpen, fiskekrokar, korn, sild, sirup, kaffi, brennevin med meir. Pelsverk og nerv og bork (til konservering av fiskegarn) var blant byttemidla deira. Truleg kom dei seg raskare til Førde enn til Osen inst i Dalsfjorden. Dette kan vere forklaringa på at bygda knytte seg til Førde og kyrkja på Holsen, medan geografien peikar mot Gaular. Kapell i bygda og postombering skapte sidan meir ferdsel over Rørvikfjellet.

Haukedalen - Holsen

Frå starten i Haukedalen gjekk Vettreia på Haukedalsvatnet til Rørvika. Då unngjekk ein det rasfarlege Nesfjellet. Over Rørvikfjellet brukte dei den traséen som sidan blei kjerreveg og i dag er sett i god stand. Den har så bratte parti på begge sider av fjellet at hestane ikkje makta lass over 200 kg. Oppe på fjellet finn vi Likhilljaren, ein stein haukedølane plasserte kister under i uvær på transportane til Holsen kyrkje. Frå fjellet kan dei ha nytta ulike linjer gjennom skogen ned til Holsen. Det finst spor av 3-4 gamle vegar i dette terrenget.

Holsavatnet - Åsvatnet

Frå Holsen låg vegen vestover på det lange Holsavatnet. Før Viskedal tok den ei rett line på land og unngjekk utløpet. Elva her var stri til Holsavatnet blei senka ein meter kring 1900, og kom på nivå med Åsvatnet. Den omtalte Vettreia ved Husetuft var ei god løype over til Åsvatnet. Men dette ender i stup mot Mo, så vegen drog seg fort inn på land i nord, over Skjervatjønna til Ulvedalen.

Sildeklypa og Mo

Eit trangt gjel under vegen i Ulvedalen ber namnet Sildeklypa etter ein holsing som fekk gråbeinen etter seg på heimveg og kasta sild i gjelet for å avleie. Historia skal vere å finne i ei av Nordahl Rolfsens lesebøker frå før krigen. Ulvedalen munnar ut i Jølstra ved Stevoll. Enno finn vi den gamle sommarvegen og nokre klopper i nedre Ulvedalen. På Stevoll er Jølstra splitta av ein holme. Her var vad, og is i gode periodar. Ei bru til Moneset i 1828 gjorde kryssinga lettare. Men elva tok brua alt i 1850. Frå Moneset gjekk traseen til tunet på Mo og så ut på Movatnet langs Kusslilandet, kalt Vettreiene.

Korsneset og Berget

Sundet der Movatnet strupar inn, er aldri islagt. Vegen måtte over eit nes på nordsida. Namnet Korsneset fortel nettopp om kryssing: Krossnes. Eit varig spor av vintervegen her er passasjen ned att på Bergavatnet. Eit stup på 4 meter kravde ein murkonstruksjon. Når dette vakre byggverket kom til, veit ingen i dag. Frå Korsneset køyrde ein til enden av Bergavatnet, som kan ha lumsk is. Plassen Berget (Soleide i dag, 2009) var ferjeplass og overnattingsstad for reisande. Der måtte ein på land for å unngå Brulandsfossen. Berget fekk i 1772 kongeleg løyve til å drive losji og styrke dei reisande med øl og brennevin. Skjenkestova og stallen frå denne tida står framleis.

Klappeskardet - Sjøahola

Frå Berget fall vinterveg og sommarveg saman. Namnet Klappeskaret fortel om veg med klopper mellom Kletten og Viafjellet. Vegen gjekk så på bøane over Vie og passerte Anga på eit vad ved Smestad. Toene er igjen eit vegnamn, toinu, som fortel om naturleg vegline fram til garden Skei/Førde og kyrkja, og vidare ned til hamn og sjøbuer i Sjøahola. Her kunne ein handle med folk som førte varer inn fjorden, truleg lenge før gjestgjevarar og handelsfolk slo seg ned der.

To-dagarsreise

Vettreia frå Haukedalen til sjøen utgjorde kring 35-36 kilometer, mot dagens bilveg 40 km. Reisa var likevel tung for folk og hestar, og til tider svært farefull. Ein måtte rekne dagen kvar veg, og dermed ei overnatting. Av og til låg dei reisande verfast, til dømes på Berget når isen var umogeleg. Men vintervegen gjorde nytta i kanskje to tusen år. Bilvegane nådde først Haukedalen på 1920- og 30-talet.
 

kjelder:

Informasjon frå: Albert Husetuft (om Vettreia mot Åsvatnet) Astrid Åsen Stevoll (98 år ved intervjuet) Ivar Soleide (om Berget skyss-stasjon) Spor i terrenget: Vegmuren ved Korsneset Gamlevegen over Rørvikfjellet og ned til Holsen Stadnamnarkivet: Likhilljaren,Vettreiene, Sildeklypa, Korsneset, Klappeskaret, Toene.

PERMANENT IDENTIFIKATOR